onsdag 16. mars 2011

Italia og konstitusjonen

Italia er ingen bordell!
Det pågår ein aldri så liten kamp om grunnlova til Italia for tida. Sterke krefter vil rive sund konstitusjonen og lage en føderal stat etter mønster frå Tyskland eller kanskje USA. Bak det heile skjuler det seg vel eigentleg ein slags mattheit overfor staten si maktesløyse overfor dei store problema nasjonen står overfor. Kan ikkje regionane fikse det sjølv, meiner mange.

I dag er det Berlusconi si regjering som står i bresjen for oppløysinga, og i denne har han eit heia-gjeng frå rike nord i partiet Lega Nord. Dei vil helst sleppe å slepe på det fattige sør, og det politisk korrupte Roma som berre er til last for dei alle. I dag er det fem regionar som har eit visst sjølvstyre på fleire felt; blant anna Sicilia, Sardinia og tyskspråklege Alto Adige (Süd Tirol).

Sist helg var det markeringar i dei største byane til forsvar for nasjonen og konstitusjonen. Mange miljø er redde for at ei oppsplitting kan gje amerikanske tilstandar, og at fattige regionar skal falle ned i ei sump av avmakt dersom ikkje nasjonen stør dei. I tillegg vil allmenne rettar kunne avskaffast i visse delar av landet. Det kan mellom anna gje vilkårleg behandling av minoritetar. Frå Süd Tirol har det til og med komme ein del klagemål over at den italienskspråklege minoriteten blir diskriminert. Der har ein av politikarane forlanga språktest på tysk for dei som vil bu i regionen, ikkje berre italiensk-test. Frå den delen av landet er det heller inga entusiasme kring dagens feireing av 150-års italiensk samling.

Ei av parolene under markeringa for konstitusjonen var "Italia er ingen bordell", med klåre henvisningar til Berlusconi sine siste eskapadar. Han kan kjøpe prostituerte til sin "Bunga Bunga"-show, men han sel faen ikkje konstitisjonen i same slengen! Tida vil vise; kanskje blir homofili forbode på Sicilia og i Campania i framtida? Kanskje blir det påbode med tysktest for alle flyktningar som vil bu i Alto Adige? Kanskje må sicilianarane sjølv hanskes med flyktningestraumen til Lampedusa frå Lybia og Tunisia? Det er ikkje sikkert at det lengre er eit nasjonalt ansvar for dette når Berlusconi har selt konstitusjonen. Nasjonsbygging er ikkje lett i våre dagar. Berre spør Gadaffi og Mubarak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar