fredag 29. mai 2015

Oppspinn eller ikkje?

I ein artikkel i Bodø NU skreiv nyleg Ketil Korsnes og Bengt Stangvik at det er "oppspinn" å hevde at sjukehuset i Bodø vart bomba med vilje. Bakgrunnen er dei operasjonsordrene som låg føre frå Luftwaffes side, og i tillegg eit utleiing om at Bodø hadde strategisk verdi og at sjukehuset ikkje var noko bombemål.  Kan vi gje Korsnes og Stangvik rett i ein slik påstand?

 

Bodø brann godt 27. mai 1940
 
 
Krigsbrotsverk i Noreg
I 1945 då Hitler for lengst hadde tatt sitt eige liv i bunkeren sin i Berlin, sette det norske justisdepartementet ned ein kommisjon som skulle kartlegge det tyske overfallet på Noreg i 1940 og den etterfølgjande okkupasjonen. Kunne det ha skjedd alvorlege krigsbrotsverk?
Det var den norske regjeringa som sette i verk arbeidet for det internasjonale krigstribunalet. Eit punkt som særleg vart vektlagt av dei to mennene bak den første, førebelse rapporten frå major Finn Palmstrøm (Deputy Norwegian representative on the United Nations War Crimes' commission) og Rolf Normann Torgersen (Secretary in the Royal Norwegian Ministry of Justice and Police), var den "ubegrensa luftkrigen" (The Unrestricted Air Warfare) og "Luftwaffes herjingar i Noreg" (The Luftwaffe's ravaging in Norway) krigsvåren 1940.

I forordet til rapporten skriv  justisminister Johan Cappelen at det er uttrykkeleg notert at rapporten berre var mellombels. Alle data var ikkje samla inn, så det som var med var berre dei grovaste brotsverka. Dessutan var det ikkje alle detaljar som var klåre og alle prov som var avdekt rundt anklagene som låg føre.

Cappelen gjorde det dessutan klårt at Noreg var eit av dei første landa som vart angripen av Tyske militærstyrkar og slik sett måtte lide lengst under den tyske "terror" og "the Nazi methods of violence", som han skreiv det. For Noreg var det viktig, og i tråd med St. James-deklarasjonen og Moskva-deklarasjonen, at dei som var ansvarlege for krigsbrotsverk vart tiltalt, stilt for retten og straffa for ulovlege og uønskte handlingar dei hadde ansvar for. Den norske regjeringa meinte derfor at rapporten inneheldt dokumentasjon for "criminal acts affecting Norway".

Flyvåpenets terror
Eit poeng som vart lagt vekt på i rapporten var det tyske Luftwaffes overlegenheit i forhold til både det norske flyvåpenet, og seinare også overfor dei allierte. Denne overlegenheita var utnytta fullstendig, og utan reservasjon. Handlingene til dei tyske flya frå det polske felttoget i 1939 var kjent. Her hadde tyskarane starta med det dei kalla "ubegrensa luftkrigføring". I den norske rapporten frå 1945 vart dette skildra å vere i tråd med leiaren Herman Görings taktikk også i Noreg våren 1940. Det innebar ei meiningslaus bombing av små og ubeskytta byar og stader, gårdar, kyrkjer, sjukehus og hospitalskip, og andre ikkje-militære mål. 


Best illustrerte rapporten dette gjennom dei tyske flyas jakt etter den norske kongen og regjeringa i april- og maidagane, der tyske Luftwaffe bomba sønder og saman byar og tettstader der dei trudde representantane frå dei norske styresmaktene gjømte seg. 
Rapporten meinte dette var eit utslag av "terrorising 'warfare' ",  utført som ein straffereaksjon mot den norske regjeringa si negative haldning overfor den tyske okkupanten sine samarbeidsplanar våren 1940. 

Men mest av alt var det viktig for justisminister Cappelen å få fram øydeleggingane av småbyane i Noreg våren 1940, der omlag 1000 norske sivilistar mista livet og mange fleire vart skadd. Lista var lang, og vi gjengir dei som særleg vart vektlagt i rapporten:

·         Elverum: bombed on 11th April, 1940, about 1200 buildings and their contents damaged to a total value of 6,200,000 kroner (Appendix 8).
·         Nybergsund: bombed 11th April, 1940, about 200 items of damage, value 0.35 million kroner.
·         Kristiansund N.: bombed from 28th April to 2nd May, 1940, about 5,700 items of damage, value 56,500,000 kroner (Appendix 9).
·         Molde: bombed on the 15th April, 1940, about 1600 items of damage, value 11.6 million kroner (Appendices 10 & 11).
·         Namsos: bombed on the 20th April, 1940, about 2,100 items of damage, value 16.5 million kroner (Appendix No. 12).
·         Steinkjer: bombed on 21st and 22nd April, 1940, about 2,200 items of damage, value 20.7 million kroner (Appendix No. 13).
·         Bodo: bombed on the 27th May, 1940, about 3,500 items of damage, value 35.5 million kroner (Appendices Nos. 14 & 15).

For Bodøs del vart det vedlagt fotodokumentasjon for å støtte argumentasjonen, såkalla "appendixes". I tillegg til denne vart det trekt fram av norske styresmakter at "hospitals and hospital ships" var "favourite targets of the German planes". Det var to døme som støtta denne påstanden; bombene som traff sjukehuset i Bodø og senkinga av hospitalskipet Dronning Maud i Ibestad. Bodøsjukehuset vart bomba 27. mai 1940 og pasientane vart skote på av tyske maskingevær på fly mens dei vart bore ut av det brennande bygninga, vart det forklart. Hospitalskipet Dronning Maud vart senka av tyske fly 1. mai 1940, med tap av 42 menneskeliv, inkludert helsepersonell (7 doktorar, 26 sjukepleiarar), og det trass i at skipet var merka med Røde Kors-emblemet. Også skipet Brann 4, som vart senka 29 april hadde slike sanitetsoppgåver. det vart også angripe av Luftwaffe, med fem døde som resultat.  


Norske styremakter sendte rapportar om desse krenkingane av internasjonal rett til det Internasjonale Raude Kross i Geneve.  Noreg meinte saka vart styrka av at ein på nedskotne tyske pilotar fann ordrer som skulle effektuerast, om at alle stader som kunne nyttast som miltære formål, og alle rørsler langs vegane skulle angripast ("die Wege sind abzikämmen"). Ein følgje av dette var at gardar og større hussamlingar over heile landet heilt unødvendig vart skote på av flya, heilt uavhengig av om det fanst militærpersonell der eller ikkje. 

Tysk hemn overfor sivilbefolkninga?
Øvste leiar for den avdelinga av Luftwaffe som bomba Bodø - kaptein Artur von Casimir – vedgjekk seinere at tyskarane meinte det fanst andre og viktigare militære mål enn Bodø, og at byen ikkje hadde nokon stor militær verdi. Dessutan var den eit «ikkje-forsvart» område. Likevel meinte von Casimir at befolkinga aktivt hadde  støtta opp om alliert aktivitet; det var bygd flyplass nært byen, og hamna vart brukt til militære formål av dei allierte. Dessutan stod store allierte landstyrkar i og i umiddelbar nærheit av byen. Dermed hadde det sivile samfunnet  i og rundt Bodø tydelig vist kva side dei stod på. Utsagnet vitnar om ein Luftwaffe-offiser som med bombinga av Bodø  kunne statuere eit eksempel overfor sivilsamfunnet. Om dette var medvite, veit vi lite om, men det er nærliggande å tenke at dette kunne vere ein medverkande grunn til at Bodø vart bomba.

Luftwaffe sett frå bakken
Ser ein på skildringane frå dei som var på sjukehuset i Bodø denne skjebnedagen, er det liten tvil om at dei følte seg angripe av flya. Overlege Nils Friis skreiv mellom anna seinare at bombene fall ca. kl. 1755: "Kort etter falt slag i slag bomber over sykehuset og byen. larmen av bombeeksplosjonene var kolossal. Vinduene knustes, dørene larmet og huset ristet i sine sammenføyninger. Vi trodde hvert øyeblikk at hele huset skulle ramle i sine sammenføyninger. Vi trodde hvert øyeblikk at hele huset skulle ramle sammen og begrave oss alle" (Friis 1952: 9).

At Luftwaffe sjølv ikkje har rapportert at dei bomba sjukehuset er ikkje ein truverdig kjelde til om det faktisk skjedde eller ikkje. Det finst nemleg også andre kjelder som kan nyansere det heile. For folk i sjukehuset var det ein realitet at sjukehuset vart angripen. Det vart oppfatta som eit bombemål. Også avisene i samtida skreiv slik om hendinga:

Reaksjonane på den tyske bombinga av Bodø let ikkje vente på seg

Krigsretorikken i datidas aviser er til å ta og føle på, men også eit uttrykk for at vi faktisk var i krig og at dette var ei historisk hending som ein ikkje i sin villaste fantasi hadde sett for seg kunne skje i fredelege Noreg. Overlege Friis skreiv meir kaldt og nøytralt om det som hadde skjedd:

Vi fryktet derfor at brannbomber også var kastet ned på sykehusets tak og at vi hvert øyeblikk også måtte være forberedt på brann. Etter ca. 1 time begynte det å sprute gnister ut på gulvet i korridoren fra ventilene. (..) Tilstanden i sykehuset var nu forferdelig, mørk av røyk og murstøv i alle korridorer, stønn, jamring og skrik av pasientene. Enkelte ble helt rasende og måtte holdes. (Friis 1952:9-10)

Sjukehuset hadde fått det Friis karakteriserte som "3 fulltreffere av bomber". Ei traff austfløya og gjekk gjennom taket i tredje etasje. Ei anna traff vestfløya på taket, gjekk gjennom tredje og golvet i andre etasje der ho sprengte ut eit hol i ytterveggen mot sør. Den tredje bomba tok med seg nordvestfløyas nordvestre hjørne og reiv opp trappeoppgangen. Til saman var 246 kvadratmeter steinvegg sprengt bort. I tillegg fall det "en rekke bomber" i hagen rundt anlegget, meir eller mindre nært bygget. Friis meinte etter konferanse med tyske sanitetsoffiserar at bombene som var brukt var på mellom 50 og 100 kilo ut frå storleiken på bombekratera. Dei var ca 2,5 meter djupe og 7 meter vide. Funksjonærbustadene rundt sjukehuset var også skadd. Her hadde mitraljøser frå flya ført til at veggene var "gjennomhullet av kuler".

I sjukehushistoria frå 1952 får også ein besøkande britisk offiser - L. G. Maxton - komme til orde om kva som skjedde i kaoset på sjukehuset denne dagen. Hans tekst har blitt omsett av Friis til norsk:
Bombingen fortsatte - etter mitt ur var det gått en halv time - det kunne like godt ha vært en dag, ja en uke. Bygningen rystet ustanselig mens bombene traff den, deler av taket falt ned på marken. Strømmen av syke og skadede seg inn i gangen, det ble varmt og kvalmt med så mange mennesker der. Vi fikk tak i noen senger, klær og stoler. mange av mennene hadde ikke mer enn en skjorte på, noen av kvinnen bare nattdrakt eller et laken.

Maxton la også merke til ein pasient som kunne fortelje han at ei maskingeværkule hadde gått gjennom den øvste delen av hofta. Vidare minnest han at "et tysk fly fløy lavt over oss og maskingeværet skrattet voldsomt" (Friis 1952: 19-20). Sjølvsagt må ein rekne dette som propaganda frå britisk side for å demonisere det tyske flyvåpenet, men ein skal sjølvsagt ikkje undervurdere denne typen vitneutsagn. Eivind Thorsvik mintes det same på bombedagen frå sin ståstad inne i sentrum av byen, og ei rad andre fekk den same oppfatninga av Luftwaffe under sitt opphald i byen denne dagen. Det same sa Arne Neraas: "Bombingen begynte igjen. Gatene ble pepret med mitraljøser".
Rett nok vart ikkje meir enn 15 menneske drept denne dagen, men likevel skal ein vare seg vel for å forsvare den tyske framgangsmåten under angrepet på Bodø. Mange av dei heldt seg klokeleg i ein kjellar under angrepet, slik Johan Mohus gjordet det. Det førte truleg til at færre døydde. Angrepet var med andre ord langt frå humant. For Luftwaffe er det sjølvsagt at ein i eigne arkiv heller ikkje tar vare på inngåande informasjon kring det ein har gjennomført. I ein militær kamprapport vil berre dei nakne tala vere med; talet på fly, namnet på avdelinga, klokkeslett for aksjonen og resultatet av operasjonen.

Thomas Hippler har forklart kva rolle Giulio Douhet har spelt på tenkinga om flya i tyske Luftwaffe
Terrorbombing
I si masteravhandling ved Luftkrigskolen konkluderer Mats Danielsen med at brannbombene over Bodø by var ei rein terrorhandling. Det skulle ødelegge fiendens og det sivile samfunnets moral og vilje til motstand, noko som hadde prega Luftwaffes stratgiar heilt sidan italienaren Giulio Douhet lanserte sine teorier om strategisk bombing. Derfor vart også mål som ikkje var direkte militære angripe med bomber, slik både Åndalsnes, Namsos, Kristiansund, Molde og Steinkjer opplevde det. Bombinga skulle først og fremst skape motløyse og redsel, og få motstandarane til å gi opp. Strategien var blitt prøvd ut sida Guernica under den spanske borgerkrigen i 1936. Vi kan derfor ikkje utelukke at også angrepet mot sjukehuset i Bodø kan sjåast i eit slikt lys. Verknadene av bombene som fall over Bodø sjukehus var med andre ord dei same. Dei skapte frykt og ødeleggingar, og for dei som var inne i sjukehuset var det ingen tvil om kva som skjedde. Dei oppfatta det som eit medvite angrep på bygninga frå tyske Luftwaffe. Så får vi sjølvsagt sjølv velje kva vi skal tru på. Å hevde at Luftwaffe berre bomba med snille bomber og slett ikkje hadde tenkt å gjøre ugagn med vilje, er å humanisere Hermann Görings nøye oppbygde draps- og ødeleggingsmaskin.


Litteratur:
Aas, S. 2014: Forvandlinga. Bodø bys historie bind 3
Danielsen, M. 2000: Hvorfor ble Bodø bombet? Semesteroppgave i luftmakt.
Friis, N. 1952: Bodø sykehus 1927-1952.
Overy, R. 2013: The Bombing War.
Parelius, N. 1965: Krigsdagene i Bodø 9.april-20.mai 1940.