onsdag 3. juni 2015

Kall inn fleire vitne



Kjetil Korsnes og Bengt Stangvik har funne gull. Både i tyske og britiske arkiv finst det nemleg mange dokument som omhandlar krigen i Noreg. På bakgrunn av dette slår det fast to ting i eit intervju med BodøNu:
Det første var; «At Bodø sykehus ble bombet med vitende og vilje, er en myte», det er sågar «komplett usannsynlig». Grunnen til dette var mellom anna at det ikkje var nemnt «i tyske dokumenter før angrepet», som Stangvik uttalte det.
Det andre var at «bombingen av Bodø ikke ble nevnt med ett ord i prosessene i etterkant av krigen. De mener dokumentasjonen fremviser at Bodø var et legitimt, militært mål».
Grunnen til at ein historikar må reagere på slike utsegn er fleire. Det eine er at dette faktisk ikkje er rett. At Bodø sjukehus vart bomba, brann og evakuert i fleire månader, vart oppfatta som ei medvite handling, heilt ubunden av det Luftwaffe meiner det var. Handlinga var til og med oppfatta som så alvorleg at ein evakuerte heile sjukehuset, noko som er svært sjeldan i nyare historie. Eg har også vist at bombinga av Bodø vart tatt opp overfor krigstribunalet i Nürnberg i 1945 som døme på krigsbrotsverk. Denne hendinga vart med andre ord tatt opp i «prosessene i etterkant av krigen».

Var det "legitimt" at Bodø sentrum vart jamna med jorda i 1940.


Kor er dei kjeldekritiske vurderingane?
Det er flott at to entusiastar som Korsnes og Stangvik viser interesse for historiske hendingar og samstundes skaffar tak i viktig kjeldemateriale frå sentrale utlandske arkiv. Ivrige historieforskarar bidrar alle til å skaffe fram ny kunnskap, og eg har sjølv hatt nytte av Korsnes sine funn og gitt han skryt for dette offentleg. Seinast fekk han slik omtale i møtet på Folkets Hus 27.mai i år, då bombedagen vart markert med eit miniseminar med mange tilhørarar. Likevel er det viktig å peike på nokre fallgruver som lekfolk ikkje alltid reflektere over når dei møter kjeldematerialet.
Det eine er at dei fell for freisitinga å la kjeldene «tale for seg», utan å drive med noko slags fortolking eller kontekstualisering. Det andre, som også er ei side ved det første, er at dei legg vekt på ei kjelde, utan å stille denne opp mot andre kjelder. I kjeldene frå Luftwaffe må ein kunne spørje seg kven det er som skriv, korfor han skriv det han gjør og kven han skriv det til. Eg har sjølv fått frå Korsnes ein rapport frå leiaren for kampgruppa i Luftwaffe som skreiv om hendingane denne våren. I så tilfelle er kjeldene henta frå ein leiande offiser i Luftwaffe. Han som skreiv rapporten var ikkje nødvendigvis i Bodø denne maidagen. Rapporten er truleg også selektiv. Her er neppe med nokre detaljar om kva kvar enkelt fly foretok seg over byen denne dagen i detalj. Den er nokså grov. Mange ting er ikkje med i rapporten. Den er med andre ord langt mindre detaljert enn den vi har henta frå dei som var i byen den dagen. Det er heilt naturleg. Det er heller ingen ting i rapportane om overgrep gjennomført av enkeltflygarar eller mannskap som var i flya og som hadde ansvar for våpen om bord. Derimot finst det tallause prov på at folk har blitt skote på frå flya. Det er utsegn som er gitt heilt ubunden av kvarandre, så her handlar det heller ikkje om at folk hadde rotta seg saman for å sverte Luftwaffe. Det klarte Luftwaffe å gjøre heilt sjølv. Når det gjeld å bruke tyske ordrer som kjelde er det andre utfordringar av kjeldemessig art som eg skal komme tilbake til.

Moralske dilemma
Denne saka imnpliserer dessutan nokre kjeldekritiske refleksjonar og moralske og etiske dilemma. Det var dei som vart framheva då eg meinte dei to entusiastane kom til å hjelpe til med å humanisere Luftwaffe. Det er eit godt prinsipp å ikkje la drapsmannen avgjøre skuldspørsmål. Han vil anten ha ein hang til å rettferdiggjøre motivet for mordet, eller han vil forklare at han ikkje gjorde det med vilje. Aller helst vil han neppe huske alt han har vore med på gjennomføre like detaljert. Han som er blitt utsett for mordforsøket, vil derimot huske meir og truleg gje ei meir detaljert framstilling av det som gjekk føre seg. Dessutan vil han om var i flyet truleg bevege seg så raskt, at han i liten grad får med seg den fulle oversikt over skaden han valdar. Ein må nemleg aldri glømme at kjeldene er skapt av nokon og at dei hadde ein agenda for kva kjeldene skulle fortelje. I dette tilfellet er det Luftwaffe som får fortelje si historie. Korsnes og Stanvik bør gje offiserane i Luftwaffe litt motstand og moralsk indignasjon. Om det var uaktsomt drap eller overlagt drap er ikkje ein diskusjon vi skal gå inn i. Å innta det standpunkt at det var uaktsomt og argumentere ut frå drapsmannens kjelder er dessutan problematisk. Her må vi kalle inn fleire vitne.

Låg det føre ein ordre?
Ian Kershaw er ein kjent forskar på den tyske nasjonalsosialismen. Han meiner det ikkje alltid var slik at føraren styrte kva som skulle skje og ikkje. Når Hitler ga signal om at noko skulle skje, var det opp til dei som ville utføre ordrar om å utføre desse i tråd med ein viss intensjon. Det var stor grad av handlingsrom innafor desse grove ordrane, og kva som skjedde er ikkje bestandig detaljert beskrive i ordrane. Vi veit at det vart gitt ein slik ordre for Namsos 19. april 1940. Der heitte det i ordren frå sjef for overkommandoen i Wehrmacht, Keitel: «Føraren og  øvste befalhavande i forsvaret gjev Luftwaffe ordre om å  øydelegge – utan omsyn til sivilbefolkninga -  dei stadene utafor områda vi har okkupert, der engelskmenn er plassert eller har kunngjort at dei har okkupert. Så langt gjeld ordren frå Føraren for Namsos og Åndalsnes. Her skal også jernbanen og vegar i nærleiken av desse stadene, så langt råd er øydeleggast».
Namsos vart bomba etter ein slik ordre, og den danna truleg grunnlag for korleis praksis skulle vere i vidare bombing. Vi veit derfor ikkje om det var nødvendig med ein ny, liknande ordre for Bodø. Namsos hadde sett ein standard, og det var den same kampgruppa som bomba Namsos som tok seg av Bodø. Vi veit heller ikkje om slike ordrar finst for Bodø, og det er meir truleg at det gjør det, enn at det ikkje gjør det. Ut frå det vi veit om andre, liknande analoge tilfelle, vart sivile mål bomba «utan omsyn til sivilbefolkninga». Derfor er det ikkje rett å seie at det er oppspinn at sivile vart skote medvite på av tyske fly i Bodø denne dagen. Viss eg var Korsnes og Stangvik ville eg heller brukt tid på å finne ordren for Bodø på eit høgare plan enn hos ein avdelingsleiar i Luftwaffe. At dei ikkje gjør det, men heller brukar energien på å diskutere om Luftwaffes valdsbruk i Bodø var legitim eller ikkje, blir derfor eit  moralsk problem. Også sett i forhold til spørsmålet om «legitim bombing». 

Legitim valdsbruk?
Dette rører ved den andre påstanden, nemleg at det ikkje låg føre nokre offisielle rapportar om Luftwaffes herjingar i Bodø. Det er feil. Som vist vart det klagd inn for Internasjonale Raude Krossen denne våren av norske styresmakter, og det kom seinare fleire rapportar om kva som hadde skjedd, både vi britisk kringkasting og gjennom historieframstillingar. Den mest alvorlege var den som krigstribunalet fekk, men fordi krigstribunalet hadde så mange alvorlege saker knytt til tyske krigsbrotsverk, nøydde krigstribunalet seg med å seie noko generelt om invasjonen av Noreg, ikkje noko spesifikt om Bodø. Blant anna heiter det frå tribunalet på side 437: In the light of all the available evidence it is impossible to accept the contention that the invasions of Denmark and Norway were defensive, and in the opinion of the Tribunal they were acts of aggressive war.
Heile angrepet på Noreg var med andre ord aggressivt. Det var ikkje legitimt, og viss Kornes og Stangvik meiner det var det, stiller dei seg på Hitlers side. Det er oppsiktsvekkande og ikkje i tråd med det eg veit dei står for og eigentleg meiner, men det er konsekvensen av tankerekka deira. Frå tyske militære styresmakter er derimot både bombinga av Bodø og angrepet på Noreg sett på som legitimt. At Bodø ikkje vart del av ein gjennomgang frå tribunalet frå Nürnberg er naturleg. Det var så mange stader som til slutt vart utsett for tysk aggresjon og bombing at det ikkje ville vere mogleg å behandle alle. Derfor vart ein konsekvens av krigen at Geneve-konvensjonen slo fast sivilbefolkningas rettar i krig og okkupasjon. Seinare var dette utvida til å gjelde sivile og bombing frå fly.

15 drap
I Bodø drap Luftwaffe 15 menneske den 27. mai. Av desse var det to i britisk uniform. Så mange menneske har verken før eller seinare vore drepen i Bodø på to og ein halv time. Luftwaffe  skilte altså ikkje mellom legitime sivile drap og legitime militære drap, og i mitt hovud blir denne typen logiske øvingar feil. Drap er drap uansett om det i ordren før angrepet ikkje stod at ein ikkje skulle drepe sivile. Det stod heller ikkje i ordren før angrepet at ein skulle drepe sivile. Likevel må ein anta at drapet på om lag 1000 norske sivile frå Luftwaffe denne våren ikkje var eit utslag av at Luftwaffe ville behandle sivile mål på ein human måte. Ein kan heller ikkje akseptere argument om desse bombene var legitime. Det er å humanisere Luftwaffe. Det er det som blir konsekvensen viss kjeldene blir ståande som autoriteten, og snakkar for seg, mens han som skal tolke kjeldene og drøfte dei opp mot andre kjelder, bøyer av for den offiseren i Luftwaffe som laga kjeldene. Så mi oppmoding til Korsnes og Stangvik er derfor:  Bruk eit breiare register av kjelder. Kall inn fleire vitne!