mandag 30. august 2010

Landets kulaste container

Nede ved jernbanestasjonen i Bodø-byen ligg denne containeren henslengt. Om det er meint som kunst eller noka anna må gudane vite, men vakrare enn ein vanleg container er det i alle fall. Fargerikt, kreativt og psykedelisk.

fredag 20. august 2010

"Gress på Skolegress"

På Skolegress er det i ferd med å bli kunstgras. Til og med Skolegrus får kunstgras. I ein radius på 200 meter får Bodø by sin tredje og fjerde kunstgrasbane til glede for den oppvoksande slekt. Lysa frå Aspmyra i bakgrunnen.

I byturen i Vett og uvett er det ein kar som opphissa kan fortelje siste nytt frå bygda: "det er fesk i feskelausvatn!" Noko liknande er i ferd med å skje i byen no. Bodø-byen. Det har komme kunstgras på Skolegress.
Skolegress er den banen du ser nede i venstre hjørne på dette flyfotoet av Bankgata skole, gymnaset og tidlegare Nordland distriktshøgskole, som du ser nede framfor Skolegrus. Mange som har vokse opp med fotball i Bodø har forbanna Skolegrus fordi banen hadde steinar på storleik med ein knyttneve. Skolegrus hadde nesten ikkje grus, mest stein, og Skolegress hadde ikkje gress, berre grus. No har dette ordna seg. I desse dager legg ein det siste hand på verket. Skolegress har fått kunstgras. Til og med Skolegrus har kunstgras. Det blir artig å sjå om namna deires blir ståande.

Forresten finst det mange Feskelausvatn med masse fesk, enn kor rart det kan hørest ut.

onsdag 18. august 2010

"Do not be satisfied with mediocrity"

Toyota Corolla 1.3 - kjedeleg design, kjedeleg å kjøre, "ein bil for hvermannsen"
Song salige Johannes Paul den II. på si einaste plateinnspelling hittil. Det har vel vore mottoet mitt gjennom heile livet eigentleg, og derfor har mange val i livet blitt slik dei har blitt. Det finst jo ikkje andre forklaringar på at ein heiar på Bodø/Glimt og Tottenham, kjører Citroën og skriv nynorsk og ikkje bokmål.

No må eg likevel seie det rett ut; eg har brote med mitt motto. Eg har kjøpt meg ein Toyota. Bilen til "Hvermannsen", den uendeleg kjedelege japanske kvardagsslitaren som aldri kan by på ei einaste lita overrasking i form av dyrt bilhald, dårleg kvalitet, sporty kjørestil eller fancy design.

Til og med folk som ikkje har greie på bil seier det same. Når ein søkjer på "hvermannsen og bil" på internettet kjem det sjølvsagt opp ein diskusjon om Toyota. Ei dame på Kvinneguiden sitt nettforum tenkjer å kjøpe seg ein Toyota Avensis. Kommentaren frå "Nabodama" er dekkande for mitt syn: "Fryktelig kjedelig valg, synes jeg da".

Kva blir det neste då? At eg set meg med i raud drakt og heiar på Man Utd eller Liverpool, får sesongkort på Alfheim, spiser Grandiosa fire dagar i veka og startar med å skrive bokmål? Nei, Gud forby. Ein Toyota Corolla får vere evig nok.

søndag 8. august 2010

Matnyttig historie

I løpet av sommaren har eg hoppa frå å vere administrativt tilsett i universitetssektoren til å bli historikar. Planen er å vere førsteamanuensis i tre år framover, tilsett på Høgskolen i Bodø. Tidlegare har eg arbeidd med å skrive historia til malmbyen Narvik, og no står Bodø for tur. Med skrekkblanda fryd tar ein sjølvsagt laus på utfordringa.

Tre år med friheit under ansvar. Eg veit oppdraget, og står relativt fritt til å løyse det innafor eit generelt sjangerkrav til korleis ei byhistorie skal sjå ut. Perioden er også bestemt. Tidsperioden er 1890-1950, då svært mye spennande skjedde i byen og omlandet, for det er viktig å trekke inn omlandet med dei dåverande kommunane Kjerringøy i nord, Bodin - rundt byen og naboen Skjerstad inne i fjorden. Prosjektet Bodøs historie er viktig for mange som bur i dette området.

I samband med arbeidet med Narvik uttalte ordførar Olav Sigurd Alstad i Narvik at det var viktig for kommunen å stikke fingeren i jorda for å spørje seg om korleis utviklinga hadde gått for dei, og sjå på om det var moment ein burde vere merksam på i planlegginga av framtida. Dette var byen som i 1950 var den største by i Nord-Noreg, men som dei seinare åra opplevde stagnasjon og nedgang, både når det gjeld industriarbeidsplassar og innbyggarar. Byen var gjennom dei same avindustrialiseringsprosessane som resten av den vestlege verda, det vere seg Sunderland eller Skien, Sarpsborg eller Swansea. Korleis kunne ein snu stagnasjon til oppgang?

Kva kan vi seie om Bodø? Jo, fordi byen har hatt ei nærmast samanhengane vokstertid etter 1945, kan det vere nyttig å spørje seg om veksten har vore positiv for byen, og korleis ein kan få denne til å vedvare inn i eit nytt årtusen. I Narvik trudde ein framtida var lyseraud i 1950, men slik gjekk det ikkje. Korfor? Korleis kan Bodø bruke kunnskapen om si nære fortid til å stake ut framtida? Korleis unngår ein å gå seg fast i eit stagnasjonsspor?

Gjenreisninga av Bodø etteer 1940 gav oss eit nytt bybilde. Er det sider ved dette som er verdt å ta vare på for framtida? Bildet viser Grand Hotell til venstre, og delar av eit ruinlandskap i Bodø sentrum bak.
Professor Jan Eivind Myhre frå Universitetet i Oslo meiner lokalhistorikarar må skrive om saker som er matnyttig for lokalsamfunna dei forskar på. I mitt arbeid blir dette viktig i tida framover. I første hand vil arbeidet med byplanlegginga etter bombinga i 1940 stå sentralt. Kva visjonar låg bak planane, og korleis kan ein ta vare på desse visjonane i framtidig bygningsvern og byplanlegging i Bodø? Har vi vore flinke nok til å tenkje på desse visjonane, og er det kvalitetar som er verdt å vidareføre? Min umiddelbare intuisjon seier meg at det neppe er lett å ta vare på det som var tenkt i ein by som veks så fort som Bodø. Det kjenner vi til frå Tromsø. Mye planlegging skjer i regi av entreprenørar og pengefolk, og ikkje alltid er deira visjonar basert på andre visjonar enn å tjene raske pengar på eiga utbygging. Dette er synd. Vi har alle godt av å setje oss ned å spørje oss kva som eigentleg skjedde, uavhengig av om det gjekk gale eller bra. Historie kan med andre ord vere nyttig. Men først må ein studere kjeldene for å finne svar på dei viktige spørsmåla.