mandag 25. juni 2012

Avskaff straffekonken

Dagen derpå er det lett å vere etterpåklok, men det skal ein alltid. Det er faktisk grunn til det. Så alt for ofte ser vi at det beste laget ryk ut av ein straffekonk i viktige meisterskap, fordi det feige laget ikkje vil angripe og dermed ikkje blottlegg seg med å gå med for mange mann i angrep.

Slik favoriserer ein destruktiv fotball, der det å forsvare seg står i høgsetet. Slik vart det ikkje i går. Feige, defensivt orienterte England fekk ikkje gleden av å vinne kampen dei ikkje ville vise seg fram i. 63 % posession i favør Italia fortel sitt. England var berre borti ballen i 37 % av kampen. Kva dei gjorde elles veit alle; dei sprang rundt for å forhindre baklengsmål, noko dei dårlegare laga sjølvsagt må få til når dei ikkje har noko å by på. Vi såg det i vår også. I semifinale og finale spelte Chelsea som eit handball-lag. Alle mann rundt seksmeteren. Slik vann dei Champions League-finalen på straffer. Med destruktivt spel, totalt i mot spelets intensjon om å skåre fleire mål enn dei andre. For desse laga er straffekonken blitt halmstrået. Den einaste sjansen dei har til å vinne.

Derfor må fotballen tenke nytt. Som i barnefotballen bør ein heller favorisere dei som angrip. Viss det laget som hadde flest kårnerar vann, ville det spart Ashleyane i går for miseren. I realiteteten var det ikkje dei som tapte for England, men feige England, altså heile laget. I går fekk Italia sju kårnerar og England tre. Det fortel alt om offensiv vilje. Skotstatistikken likeså: Italia hadde 31 skot på mål, mot Englands 18.

Kårnerstatistikken og den offensive viljen skal dyrkast. Det er det som er fotballens idè. Viss kårnestatisitikken hadde vore gjeldande i Champions League-finalen hadde også det beste laget vunne den kampen. Bayern München fekk 20, mens Chelsea hadde ein kårner. Det fortel alt om den kampen. UEFA og FIFA må tenkje nytt, og det straks.

lørdag 16. juni 2012

72 års militær flyhistorie snart slutt

Frecce Tricolori frå Italia gleda Bodø med å farge byen i grønt, kvitt og raudt i dag.
I dag er det Bodø Air Show, eit av dei mest imponerande flyshow nokon gong i landet vårt. I to dagar til endes skulle byen feire si 60-årige historie som base for det norske luftforsvaret. Feiringa har dessverre ein bismak, som forsvarsleiinga ikkje har førestnader for å forstå.

Byens militære flyhistorie starta alt våren 1940, då tyske styrkar sette seg fast i Sør-Noreg og Narvik, mens resten av landsdelen var fri frå 9.april til 10.juni. I Bodø vart det raskt organisert eit arbeid for å bygge ei flystripe som kunne ta i mot britiske fly, i motsetnad til på Værnes kor 2000 menn stilte opp for å lage rullebane slik at Bodø og Narvik skulle kunne bombast.

Dei britiske flya skulle bidra i forsvaret av landet vårt. April-mai-dagane 1940 vart med andre ord starten for Bodø flystasjon. Det britiske nærveret i Bodø resulterte at byen, i likheit med Namsos og Steinkjer, Åndalsnes, Molde og Kristiansund, vart bomba i mai 1940, av 36 tyske fly stasjonert i Trøndelag.

Seinare sette den tyske okkupanten seg fast her og bygde eit større anlegg i Bodø, rett nok ikkje like viktig som det som var lenger nord i Lakselv og på Bardufoss, men likevel så viktig at leiinga der bestemte at det sivile Bodø ikkje skulle byggast opp før krigen var vunne av Wehrmacht. Slik gjekk det heldigivis ikkje, og då USA hadde fått summa seg etter krigen, vart Bodø eit knutepunkt i ein verdsomspennande politikk for å ringe inn Stalins Sovjetunion.
Same kor glade Bodø-folk er i fly, går det mot slutten for den militære flybyen Bodø

No er den kalde krigen over, og regjeringa har bebuda ein Nordområdepolitikk. Derfor flyttar dei forsvaret ut av landsdelen. Marinen er lagt ned nordpå. Mesteparten av fort og hèravdelingar likeså. Tusenvis av arbeidsplassar er borte i forsvaret, både i Harstad, Andenes, Tromsø, Lakselv, Vadsø, Målselv, Narvik, Hemnes, Mosjøen og andre stader der forsvaret fanst under den kalde krigen. Luftforsvaret er det neste. No er det den raskt veksande Trondheimsregionen som får nyte godt av nyinvesteringar i forsvaret, på kostnad av Bodø.

Det var derfor litt vemodig å sjå Frecce Tricolori frå Italia farge himmelen over Bodø raud, kvit og grøn. Det markerte truleg starten på slutten for Bodø sin plass i norsk forsvarshistorie.

tirsdag 12. juni 2012

Sveriges Euro2012-draktar, Ukraina og slaget ved Poltava

I går spelte Sverige sin første kamp i Euro2012 mot heimelaget Ukraina. Til kampen stilte dei i heilt nye fargekombinasjonar for dei å vere. Dei hadde valt ein mørkare blåfarge enn ein vanlegvis ser på ei svensk landslagstrøye, når blått blir brukt i staden for den vanlege gule fargen.
Men stopp no. Var det likevel ikkje noko kjent med fargen?

Jo, den var klårt inspirert frå gamle svenske uniformar, gjerne frå storheitstida til det svenske imperiet, då dei herja langt inn i den delen av Aust-Europa som i dag er Polen, Kviterussland og Ukraina på 16-1700-talet.
Film-coveret under viser tydeleg korleis dette gjev assosiasjonar til den gamle historiske militære stormakten med imperialistiske ambisjonar mot aust. Til og med korsbandet hadde inspirert den britiske utstyrsprodusenten i sin design av svenskedrakten.




Var ikkje dette litt vel i overkant dumt av designaren Umbro? Veit dei ikkje korleis designet gjev assosiasjonar for folk med litt historisk kompetanse? Skjønnar dei ikkje korleis det kan verke provoserande og inspirerande for motstandaren frå Ukraina?

Når svenskane såg det sjølv, måtte det vere eit aldri så lite paradoks å måtte spele i den farga som Sverige brukte under slaget ved Poltava, då Karl den 12. lei eit sviande nederlag. Det slaget markerte jo starten på slutten for den svenske storheitstida. Og Poltava, ja det ligg sjølvsagt i..., ja nettopp: UKRAINA. Gratulerer Ukraina!

tirsdag 20. mars 2012

Rak rygg mot ekstremisme

Det er mange tegn i tida på at diskusjonsklimaet har hardna til i landet vårt. Nokre har til og med spurt seg om vi er på veg inn i ein ny fascisme, fordi meir ekstreme haldningar dominerer det politiske ordskiftet. Overfor nynorsk ser ein det særleg. Dagleg mobbing, einsidig hets og usakleg argumentasjon florerer.

Det er ikkje nytt. For nokre år sidan kom Unge Høgre med eit utspel der dei oppmoda om å brenne bøker. I samband med produksjonen av tre reklamefilmar der dei ville fronte at dei ikkje likte nynorsk, skulle ein "sosialist plassert i et industriområde" stå ved sida av ei brennande tønne. "Sosialisten" skulle fortelje at han ville "tvinge alle elever til å ha sidemål". Så skulle ein einsam ryttar frå Unge Høgre komme inn  på scena og ta fram nynorsk-ordboka, før han proklamerte at "elevane selv må få velge sidemål". Deretter kasta han nynorsk-ordboka i den brennande tønna. Høgre fekk stoppa prosjektet, fordi det minna for mykje om ting ein kjente frå Hitler-Tyskland.

Denne ansvarlegheita har endra seg i det siste, som når høgreordføraren i Enebakk, Tonje Anderson Olsen skriv innlegg om kor frykteleg det er med "Spynorsk". Dei vaksne har ansvar for kor lista for debatten ligg. Til alt overmål gjør dei saka om til eit spørsmål om formalitetar. Det er ikkje nynorsk dei er i mot, berre "sidemål". Eller, vi skal sjølvsagt ikkje bøye oss for usakleg argumentasjon, men vi må ta omsyn til hatet. Dette er eit utslag av kampanjene til blant anna Høgre, sjølv om Erna Solberg har mana til ansvarlegheit.

I går kom eit nytt utspel, denne gongen frå FRP i Narvik. Her ville tre elevar fremje demokratiet ved ei underskriftskampanje mot nynorsk. Dei ville inn på skolen for å få underksrifter, men skoleleiinga bad dei forlate området.  Reaksjonen let ikkje vente på seg. Det var ikkje berre eit overgrep mot demokratiet og ytringsfridomen, det utløyste også tirader av utfall mot nynorsk. Skolen er ein stad å lære, ikkje å vere, heitte det før i Høgrekretsar. I dag er skolen ein stad å hetse og å hate. Kor blir det av krav til kunnskap og logisk argumentasjon?

I eitt innlegg etter debatten i Narvik heitte det: "de som har dette førrbannede grautmålet som si dialekt kan vel førr svarte berre hold det der nede på “austlandet” . trudde de hadde kutta ut denne dialekten førr lenge sia, koførr ska vi ikke lær trøndersk likesågodt, mange fleire artige utrykk i den dialekten enn i denne førrbannede satans grautmålet som sku ha vært førrbudt førr mang herrens årsia!!!!!!"

Det som hadde provosert vedkommande til å skrive så sterkt var "Harry Hole", som skreiv:
"Er vel ikke bare å fjerne et språk. Så jævla typisk FRP. Populært blandt de fleste med IQ som skonummeret og lavere. Si dette til de som faktisk har nynorsk som morsmål".

For ei tid tilbake kom til og med nestleiar Helga Pedersen i Arbeidarpartiet på banen med sitt framlegg om å bytte nynorsk ut med samisk, som om det dempa hatet. (Ikkje ein gong ho syntes å vere klår over at samiskspråklege i dag har "valfritt sidemål"). I staden fekk Pedersen denne typen støtte:
"Dette måtte jo selfølgelig komme fra arbeiderpartiet,hadde det vært 1 april kunne man nesten tro at det var en April spøk,men neida,fult alvor.nå er ikke jeg noen tilhenger av norsk sidemål heller,men det er ikke sagt med det at vi så absolutt må ha et sidemål.Få heller innført flere timer i grunnskolen med norsk bokmål.enda er det noen som går ut av grunnskola uten å kunne lese eller skrive.Er jo bare redd for at vi får enda flere som vil slite faglig vist samisk skal innføres som et obligatorisk fag.La heller samisk være et valgfag i skolen."

Gjør dette eksperimentet: Søk på Google på ord som "hate" og "nynorsk". Sjå deretter resultatet. Det er skremmande, spør du meg. Som dette:
"Hate ny"norsk"!!!!!! "Kommer kanskje ikke som en bombe på mange men jeg HAAATER NY"NORSK"!!!!!!!! Forbanna helvettes horespråk!! åååååhh!!!!! Jeg driver sammen med Arnis Antinynorsk, "klubben" for alle som hater nynorsk eller er litt irritert på det forbanna fjøs-latin språket. Vi har fått masse henvendelser fra sinte folk som hater nynorsk og som vil melde seg inn. Noen har også lagt ved en kommentar med innmeldelsen."

Vi treng meir edruelegheit i debatten her heime, og ikkje minst må vettuge folk melde seg på. Bytt for eksempel ut nynorsk med same, neger eller jøde neste gang du les tullet frå dei som hatar mest.

Eller som "Frk. Onsager" skriv på bloggen sin:
"Jeg hater det. Nynorsk er et stygt språk, og reglene for hvordan skrive, bøye verb, analysere setninger og i det hele tatt utale språket er umulig."

Då nynorsk vart innført som obligatorisk i lærarutdanninga i si tid skal visstnok Knut Hamsun ha kalla det for "negerpjatt". Det er vel symptomatisk for kva haldningar det er som er i sving, når det er Hamsun som ser ut til å vere det politiske og retoriske idealet til dei som hatar mest. Det er dette hatet som skapte ABB. Det er sjølvsagt desse kreftene som gjør ein politikar redd. Å innta upopulære standpunkt krev rak rygg.







mandag 23. januar 2012

"Dei gamle er eldst"

I helga gjorde vi den same erfaring på fotballbanen, som den gong Bodø/Glimt sitt oldboyslag dominerte lenge etter dei hadde lagt opp på 1980-talet, også mot aktive lag. FK Gevir oldboys stilte med eit nær sagt reint veteran-lag i bedriftsklassen i fotball i ei turnering med 20 lag i Nordlandshallen i Bodø i januar. Snittalderen var nærmare 50 enn 40 år i selskap med rekruttar frå forsvaret og studentar frå politihøgskolen. Likevel gjekk laget til topps, trass i at ein møtte sterke og store, individuelt raske og ballsikre gutar i 20-åra med eit solid treningsgrunnlag. Etter å ha kjempa og spelt ut Politihøgskolen sine studentar i semifinalen, vart politiet slått i finalen. Begge desse to laga har krav om fysisk form i arbeidet, noko ingen av oss andre på oldboyslaget har.


Første tittel sikra i 2012 for FK Gevir oldboys: Bak frå v: Ronny Hermansen, Ole Wiik, Frank Olsen, Paul Rolandsen og Tom Nilsen. Framme f. v.: Leif Jarle Larsen, Steinar Aas, Stein Røsten, Svein Tørlen og Kjell Aksel Haldorsen. 

Vi ser det igjen i turnering etter turnering. I romjulsturneringa 2011, vart det finale til slutt mellom Bodø/Glimt og FK Gevir i bedrift/oldboysklassen. Her dukka det opp spelarar som var både 50- og 60 år. Yngre spelarar ser ut til å vere sjanselause mot den eldre garde. Kva kjem det av? Det er sanneleg ikkje lett å gje svar på, men artig er det at dei gamle er eldst.

Resultata frå vinterserien finn du her