torsdag 9. juli 2015

Steinen kan reddast

Den siste tida har det vore mykje mas om ein viss langstein, rive over ende og knekt av ein ulykkeleg kantklippar frå hans majestets vegevesen. No har kulturvernstyresmaktene bestemt seg. Steinen i Steigen skal ligge. Den skal vere forgjengeleg og ligge der den låg då den datt som eit teikn på si forgjengelegheit.
Men, dette finn ikkje folk seg i så lett. Kan ikkje steinen berre reddast? Setjast opp att? Lim han saman!
Det er truleg den rette løysinga. Den vil minne folk om si eige fortid, og også illustrere at vi faktisk har vore stand til og villa reparere den forgjengelege steinen fordi vi brydde oss om dette kulturminnet og ville ha det på plass igjen. Fordi det betydde noka for oss. Det er med andre ord ikkje berre det å ødelegge minnesmerket som er eit minne om steinen si historie. Å reparere den er også ein del av steinen sitt liv.

Det er dette dei har gjort på den verdskjente steinringen Ring of Brodgar på Orknøyane. Her har dei halde steinringen oppe, reist steinar og limt dei med sement for at dei ikkje skulle gå i oppløysing. Ingen som kjem i flokkar for å sjå dette underet synest dette er dumt. Tvert om. Hadde det ikkje vore for vedlikehaldet ville steinringen vore langt frå like spennande å vandre i.

Ved Ring of Brodgar ved Orknøyane har mennesket forsøkt å reparerer på dei 3-4000 år gamle steinane slik at folk kan sjå dei. Det same bør skje med Steigensteinen som ramla saman i fjor.

Nokre steinar har blitt kløyvd i to, og dei ligg der, men strukturen til steinringen er komplett for det.