tirsdag 5. desember 2017

Den finske festdagen 6. desember












 
Den finske festdagen 6. desember

Vårt naboland Finland feirar at det er hundre år sida dei vart fri denne veka. 6. desember 1917 vart landet endeleg sjølvstendig og sist helg var det stor fest i Helsinki. Det er verdt å stoppe opp og dvele ved vårt nabolands jubileum, fordi vår unnselege nabo si historie har både vore nært knytt vil vår historie, men samtidig vore nokså ulik. Mens vi var vane med å bli styrt frå København, vart finnane vane med å bli styrt frå Stockholm. 

Napoleonskrigane mellom 1807-1814 endra dette. Då vart Finland Storhertugdømme under Russland, mens vi vart gitt til Sverige frå Danmark. Igjen vart vi begge brikker i stormaktsspelet til storebrørne, Sverige og Russland. 

Hundreåret som følgte vart likevel ei demringstid for oss begge, men statsrettsleg vart vi værande ufrie. Finnane fekk dessutan fleire tilbakeslag enn oss, trass at vi begge opplevde ei sterk nasjonal oppvakning. I Finland voks Sibelius, Runeberg og Kalevala fram, mens vi gledde oss over Grieg, Bjørnson og folkeeventyr og segn. 

Mens vi gradvis fekk sjølvstende i ein fredeleg prosess fram mot 1905, var det verre for finnane. Først tolv år etter oss kom sjansen. Russland hadde vikla seg inn i den 1. verdskrigen. Den førte til interne opptøyar våren 1917, og fram mot hausten utvikla det seg til ein blodig revolusjon. Tsaren vart avsett, og då meinte finnane at grunnlaget for den finsk-russiske personalunionen òg var borte. Den finske Landdagen vedtok så at «Finlands folk bör träda i ledet til världens övriga folk som en oavhängig nation». 

Men no gjekk maktkampen over i borgarkrig, Finlands store nasjonale traume. «Raude» og «kvite» grupper av finnar barka saman i regulære kampar frå januar til mai 1918. Dei raude ville ha sosiale reformar og radikale samfunnsendringar, inspirert av Russland. Dei kvite ville berge det beståande og eiga makt. Klassekampen resulterte i 40 000 døde. Dei kvite vann, og dei nytta tida etter på å demonisere fiendane og rettferdiggjere vilkårlege avrettingar og massakrar på eigne landsmenn. Historikaren Heikki Ylikangas var blant dei som tok opp konflikten så seint som i 1993. Han var lei av at overgrep vart feid under teppet og forsøkt glømt. Krigen var ikkje ein kamp mot ein framand inntrengar – russiske bolsjevikar. Det var ein intern maktkamp.

Ein grunn til glømselen kom av kommunistiske Sovjetunionens angrep på Finland 30. november 1939. Den finske motstanden mot den overmektige naboen vart eit førebilde for mange små nasjonar, og då finnane inngjekk våpenkvile med Sovjetunionen i mars 1940 pusta vi nordmenn òg letta ut. Den russiske bjørnen var stagga og nordnorske soldatar på grenseteneste mot Finland i Aust-Finnmark fekk fred. Også britar og franskmenn senka «guarden». Sovjetunionen hadde oppnådd minimale militære sigrar. 

Berre ein månad seinare var vi invadert av Hitler-Tyskland. Frå då av vart våre vegar delte. Finland vart alliert med tyskarane, mens vi vart okkupert av dei. Alt endra seg hausten 1944 då Sovjetunionen jaga Tyskland ut og pressa finnane til å avslutte den jobben innan eigne grenser. Dei jaga så den tyske Lapplandsarmeen ut via Finnmark og Troms, omtrent på same tid som sivilbefolkninga i Finnmark og Nord-Troms vart jaga frå heimane sine. Mange av dei var av finsk avstamming, og lik sine naboar i finsk Lappland vart dei begge utsett for Hitlers «brente jords taktikk».  

I etterkrigsåra fann Finland og Noreg plass innanfor kvar sine sfærar. Eit nøytralt Finland vart del av det Sovjetisk influerte aust, mens vi var del av ein USA-vennleg Nato-allianse i vest. Trass i nordisk samarbeid kjølna naboskapen noko, men med privatbilismens framvekst på 1970-talet pressa det seg fram ønske om større samkvem og adgang til den finske solkysten, særleg blant solhungrige finnmarkingar og nordlendingar. 

Med Sovjetunionens kollaps i 1991 vart Finland igjen meir vestvendt. Likevel reknar nok mange nordmenn Finland som den odde naboen i Norden. I eit år der mange er mest opptatt med jubilea over den russiske revolusjonen og reformasjonen, må vi huske å minne oss om Finland. Innanfor mange felt har finnane imponert oss. Både når det gjeld design og arkitektur, idrett og kultur, skolestell og kunnskapskultur, men også når det gjeld evne til omstilling og innovasjon, og – ikkje minst den teknologiske kompetansen. At melankoli er eit finsk varemerke er heller ikkje å undrast over når ein ser på landets prøvelsar i nyare historie.   
Onnittelut Suomessa! Gratulerer Finland!