onsdag 27. oktober 2010

Ofra etter Stalin og Sovjetstatens terror

Like utafor St.Petersburg står det eit monument langs ein øde skogsveg. Furumoane rundt indikerer verken noko dramatisk eller heroisk, og monumentet er heller ikkje ei påminning om ei heorisk side ved russisk eller sovjetisk historie, snare tvert om. Det er organisasasjonen Memorial si påminning om alle ofra etter Stalins og Sovjetstatens terror frå 1930-åra. Symbolikken er tydeleg; det er individet sitt nederlag overfor maskinen. Mennesket blir knust av systemet, i form av ein kvernliknande mekanisk maskin i bronsje.

På andre sida av vegen var det eit to meter høgt, grønt plankegjerde, og bak var det eit militært område som ingen slapp inn på før etter Sovjetunionens fall. Her, bak gjerdet kunne ein sjå eit humpete skoglandskap. Humpete fordi det var gravlagt hundrevis, kanskje tusenvis av offer for Stalins terror, og etterkvart som lika rotna vart det groper i landskapet. Hit valfartar no etterkommarane etter unge søner og døtre av den russiske revolusjonen som måtte bøte livet på grunn av paranoiaen som ridde det øvste skiktet av den såkalla kommunistiske staten Sovjetunionen. Ingen av dei veit kor deira bestefar, tante eller mor ligg, så derfor set dei korset eller biletet av sin sakna vilkårleg ut i skogen innafor det grøne gjerdet. Det er mektig, trollsk og ikkje minst makabert å skode inn i furumoen utafor St.Petersburg. Framfor alt er det ei viktig påminning om at systemet aldri må få forrang over individ og menneskeverd.

Krigsfotos utan fotografar

I samband med internasjonale bøker om Narvik og kampane der i 1940 dukkar det stadig opp ein gjengangar på foto-fronten. Biletet viser effektive tyske krigsskip til kai i Narvik hamn på morrakvisten 9. april. I både franske, britiske og norske bøker blir aldri fotografen kreditert, og dermed har identiteten hans vore ukjent lenge. No ser det derimot ut til at mysteriet er oppklart. Fotografen er Moettger og han arbeidde i eit av dei tyske propagandakompania (PK), han var m.a.o.  ein PK-mann. Det kan ein også skjønne av teksten til fotoet: ”Timevis har britiske skibskanoner holdt fjorden under voldsom ild. Men allikevel våger ikke englenderen å trenge inn i fjorden for å ta opp kampen med de tallmessig underlegne tyske destroyere.”

Fotoet stod på trykk i det tyske magasinet Signal (nr. 1/1941), som var eit propagandatiltak tyskarane sette inn i Noreg under krigen for å gjøre folk meir venleg innstilt til ”gjestane”. 

Magasinet var eit underbruk av Berliner Illustrierte Zeitung. Det kom ut kvar fjortande dag på 25 ulike språk i det Stor-tyske riket og opplaget var på 2,5 millionar eksemplar på det meste. Til og med til USA nådde propagandaen i engelsk versjon fram til desember 1941.

Blant journalistane var dei beste i den nasjonalsosialistiske staten. Magasinet hadde format som Life eller Time magazine, og viste likt og ulikt frå den tyske kultur og samfunnssfæra, og så ein god porsjon krigarkultur då. For det var der Tyskland rula i 1940-41. I dag er det den tyske forlagsgiganten Axel Springer Verlag som sit med rettane til det gamle propagandabladet, gjennom eigedomsrettane til Berliner Illustrierte Zeitung.
Posted by Picasa