onsdag 18. mai 2011

Breiflabb (Lophius piscatorius) eller marulk

Ei samling breiflabb saman med bror min. (Broren min til venstre)
Breiflabben var ein fisk ein sjeldan brukte til noka vettig før i tida. far min kan fortelje at ein kasta han på havet på 40-50-talet. Ingen som dreiv fiske i Vestfjordbassenget kunne tenke seg å bruke arten til noka. Dei seinare år har ein tatt vare på fisken som har fått ry på seg for å vere ein delikatesse på dei finaste fiskerestaurantar.

At denne ufisken som kan bli så lang som 2 meter og opp mot 100 kilo har hatt anna nytte, veit kanskje ikkje alle. Då insulin først vart islolert frå bukspyttkjertelen, skjedde det første gong i ein breiflabb. Elles er vel ikkje det verste skjellsordet ein kan bli kalla henta frå denne fisken, men frå kveita. Å vere ein "breiflabb" er ikkje så ille. Då er det verre å bli kalla eit kveithau'

Kongsbakken dundrar vidare

Leiinga på Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø er ikkje berre mot nynorsk. Dei er i tillegg manipulative og udemokratiske.
For eit halvt års tid sia kunngjorde Kongsbakken med brask og bram at dei heldt på med store ting. Eit forsøk med berre éin karakter i norskfaget skulle så og seie revolusjonere undervisninga der. Då skolen like før jul skrytte i Nordlys over forsøket, stillte vi i Nynorsklaget kritiske spørsmål. Det mangla planar for evaluering. Det mangla kvalifiserte hypotesar om kva ein ville oppnå. Skolen hadde altså på førehand bestemt at forsøket var genialt enda det ikkje var klårt kva som skulle målast eller korleis det skulle målast. Seinare viste det seg at av faglege grunnar ville ikkje vitskaplege institusjonar evaluere ”forsøket”, verken Universitetet i Bergen eller Skrivesenteret i Trondheim. Deretter prøvde skolen å skrape saman pengar for å få kjøpe seg evaluering.


I førre veka bad Elisabeth Aspaker (Høyre) i Spørjetimen statsråd Kristin Halvorsen betale for ei evaluering, men Halvorsen ville ikkje det. Ho sa mellom anna: ”Et premiss når man ber om å få gjennomføre lokale forsøk, er også at man finansierer egen evaluering av disse forsøkene”. Men likevel uttalte Halvorsen at ho har tenkt å bruke forsøket til å revidere læreplanverket, trass i manglande evaluering. Det er etter vårt syn useriøst all den tid statsråden sitt eige regelverk krev seriøs vitskapleg evaluering før slike slutningar kan trekkast.

Lokalt er det interessant at ikkje berre Riksmålsforbundet støttar karakterforsøket på Kongsbakken. Nynorskmotstandaren Aspaker (H) er blitt Kongsbakkens ven i saka, og igjen ser vi at det ikkje er måte på kor villig Høgre er til å bruke skattepengar på forsøk som betyr nynorskkutt. Og partiet vedtok på landsmøtet sist helg å profilere seg endå meir som nynorskhat-partiet.

Nynorsklaget konstaterer at alle innvendingane våre mot ”forsøket” har blitt stadfesta – ikkje berre dei språkpolitiske. Skolen kvalietssikrar ikkje forsøksarbeidet, og dermed held det ikkje fagleg mål. Elevar kan fortelje at innvendingane dei har mot forsøket, ikkje blir tekne på alvor. I bladet Tromsø stod nettopp to elevar fram og fortalte om skolen sin framgangsmåte for å få utvida forsøket. Kritiske stemmar har blitt skubba ut, og i rein totalitær stil har ein berre spurt dei som er einige om å halde fram med forsøket, om å støtte søknaden om utviding av det. Slik har ein valt bort dei delane av elevrådet som er usamde. Her luktar det manipulasjon lang veg. Er det ingen som kan stoppe skolen, eller skal dei berre få dundre vidare med sitt politisk skjøre prosjekt?