onsdag 22. september 2010

Malmstøv i Malmvegen

Kvite murveggar får eit raudt skjær i Malmvegen i Narvik. I bakgrunnen ventar ein ny glubsk malmbåt på å forsyne det kinesiske underet med jernmalm frå Kiruna, langt inne i den nord-svenske villmarka
I Narvik har ein i alle år vore plaga med at ein må nøye vurdere kva farge ein skal ha på huset sitt. Malmstøvet frå det store malmlasteanlegget set seg på husveggar og etter ei stund der rustar det rett og slett og det blir raude renner langs bordkledinga. Det er derfor ikkje vanleg at husfarga i byen er kvit, men heller brun eller raudt. Dei siste åra har firmaet som driv utskiping av malm LKAB prøvd å få bukt med støvplagen i byen, og lagrar no malmen i siloar under jorda. Investeringane bestod av bygging av 12 60 meter djupe siloar i fjellet, kvar på ein diameter på 38 meter. Det vart òg bygd eit 2,8 kilometer langt tunnelsystem. Prislappen var 1.5 milliardar norske kroner.



I Narvik må ein nøye vurdere kva farge ein skal ha på postkassa. Er ho kvit så ser ein  malmstøv tydelegare
 Sist år gjekk LKAB Norge med eit overskot på 26 046 000 norske kroner, mens morselskapet i Sverige gjekk med 7,6 milliardar svenske kroner i overskot i 2008. No vonar alle at det er slutt på støvplagen i malmbyen. Ein evig plage sidan byen vart grunnlagt i 1901.


mandag 20. september 2010

Ny giv i aust

Nord-Noreg hadde lenge to fylke med sterk industrialisering, Nordland og Finnmark. Store og viktige bedrifter som Sydvaranger, Norsk Jernverk og LKAB var lenge hjørnesteinane i samfunn som Sør-Varanger, Mo i Rana og Narvik. Ei tid var industrien framtida, særleg mellom 1850 og 1960, men så snudde alt og industrien vart ein klamp om foten. Lokalsamfunn som Mo i Rana, Narvik, Kirkenes/Bjørnevatn og Sulitjelma vakla, og fleire av dei vart nærmast demografisk desimert. Skolar, butikkar og hus stod til nedfalls. Diskusjonar om samfunna var liv laga, gjerne kombinert med diskusjonar om statleg eigarskap eller støtte, førte til politiske strid mellom høgrefolk og sosialistar, distriktspolitikarar og storting, fagforeiningar og kapitalistar. Mang ein solidaritetskonsert vart halde før sorgreaksjonen over den tapte saka fekk lagt seg.


Igjen er det drift i gruvene i Bjørnevatn
 I dag ser ein tendensar til nye tider. I løpet av kort tid har Varangersamfunna Kirkenes og Bjørnevatn fått aktivitet i gruvedrifta. Toget går skyttel på den 7,5 km lange jernbanestrekninga ned til Kirkenes frå gruvene i Bjørnevatn. Det interessante er at kommunen no har fleire bein å stå på enn før. Med eit framtidig grensebuarbevis vil omlag 40 000 menneske bu innafor ein radius av ein time, og både Irina og Ivan vil handle på Bohus og Jysk. Handelen med Russland har ført til ei oppblomstring i etableringar, og i tillegg blinkar oljeflammen i det fjerne. No står det første forskingsfartøyet klår til å ta sine første boreprøvar i den nye norske sona som grenselinjeforhandlingane opna opp. Ut over det har offentlege etableringar saman med reiselivssatsingar skapt ein breiare økonomisk basis. Og forsvaret er framleis her, om enn ikkje like stort og synleg som før.

Rett bak industrianlegga på Kirkenes, ytst i Langfjorden, ser Varangersamfunnet for seg at ein framtidig oljebase kan vere 
Ein banskjef meinte Varanger kan vere den mest spennande regionen i europeisk næringsliv 20 år fram i tid.
I løpet av året kan det vere så mange som 500 arbeidarar involvert i gruvedrifta. Framtida er lys for eit samfunn som for 20-30 år sidan var dødsdømt og næmast vart halde kunstig i livet på grunn av den kalde krigen.

mandag 13. september 2010

Dølakulturen - eit særeigent nordnorsk fenomen

Oppe i nord, i det nest øvste fylket i landet, ligg Troms. Inne der Nord-Noreg er på sitt breiaste, ligg Indre Troms. Her har mange gjennomført dei tilmålte 12 månader med verneplikt, i allefall dei som var 19 år mellom 1950 og 2000 og hamna i luftforsvaret eller hæren. Og var menn og ikkje militærnektarar, sølvsagt. Området er såleis mest kjent for militærforlegningar og skytefelt. Sjølv om ikkje aktiveteten er like stor i dag, er Hærens styrkar der framleis.

Ja, og så er bygdene sjølvsagt kjente for sine skiheltar, kombinertløparane frå området. Frå Sverre Stenersen til Bjarte Engen Vik og Kristian Hammer via Fred Børre Lundberg. For ikkje å glømme salige Ole Hegge, som aldri vart dårlegare enn nummer 5 i det eine VM og dei to OL-ane han deltok i frå 1928-32.
På Eggen gård i Bardu står minnesmerket over Jon Simonsen Kalbækken og Ole Olsen Brandvold som var Bardudalens første rydningsmenn
Det kanskje mest spesielle med denne delen av landet er den særeigne dølakulturen. Du merkar den særleg på språket, som når Fred Børre Lundberg og Kristian Hammer vart intervjua etter ein VM- eller OL-medalje. Alle kunne høre at dei ikkje var nordfrå, sjølv om dei var barnefødde i landsdelen. Dei var ikkje det ein vil karakterisere som nordlendingar, eller "skolp" som er økenamnet på nordlendingen på desse kantar.

Dølakulturen kom til landsdelen med innvandringa frå Gudbrandsdalen, Østerdalen, Trøndelag, Nordmøre og Helgeland i fleire rundar til dette nyryddingsområdet like før 1800. På Bardujorda og garden Eggen finn du monumentet som vart reist til 100-årsjubileet i 1891 over dei første kolonistane som dro nordover for å kultivere Indre Troms. Hit tok dei med seg kulturen sin; byggeskikk, språk, mattradisjonar, sedar, ja til og med ekteskapsstrategiane vart i sterk grad prega av ønsket om å halde på tradisjonane. Her var det ikkje uvanleg at ein gifta seg med bygdefolk frå Tynset, også etter at ein hadde komme fleire tusen mil nordover. Ikkje ulikt det ein kjenner til frå dagens innvandring.

Den 95 meter lange Rundhaug bru tar deg over vakre Målselv 
Bygda har vore prega av denne kulturen og møtet med urfolket i området gjekk ikkje berre smertefritt. Eit utdrag frå  Bardu bygdebok kan vere eit eksempel på ein mentalitet i området, men sjølvsagt også berre eit uttrykk for forfattaren Eystein Eggen si haldning til dølaætt og -folk, og til samane som var i området frå før:

Uansett, viss du vil studere denne dølakulturen nærmare, så bør du reise dit. Gjerne i kombinasjonen med ei reise ut til den nordnorske kysten. Så kan du kontrastere lynne, mentalitet, språk og levemåte. Det er som to ulike verdenar.

Låven på Strømsør fjellgård i Bardu er eit godt døme på byggeskikken i området.

onsdag 8. september 2010

Magomadas - Veggmaling på høgt nivå

I den vesle byen Magomadas nord vest på Sardinia, er det ein eller annan som har fått for seg at han skal pynte opp byen med veggmaleri. Her finn du ein eller annan situasjon frå det tradisjonelle livet i byen eller på landsbygda rundt, eller eit naturtru maleri av ein lokal helt som står på fortauet. Flott er det, kreativt er det også, ikkje minst trafikkfarlig. Eg kan ikkje hugse at eg kjørte gjennom byen første gong eg var der. Sett derfor frå deg bilen og ta ein rusletur der du kan nyte dei artige maleria.

mandag 6. september 2010

Krig og krigarkultur

Franske soldatar la igjen liva sine i Sør-Troms og Nordre Nordland våren 1940.(Matheson-Byes fotosamling)
Her om dagen kom ein tidlegare kollega av meg med eit interessant historiemateriale: bestefarens to gamle fotoalbum frå krigen. Fleire av bileta synte det som forteljingane frå krigen så sjeldan maktar å syne, nemleg døden. Alt for ofte er det fokus på heltar eller skurkar, og deira handlingar. Alt for ofte kjem krigens gru i bakgrunnen. Berre få gangar får ein føle krigens gru og redsel på pulsen, også når soldatane skal fortelje om krigshandlingar, adrenalinkicket under dei og angsten for å døy. Ofte er det dei som overlevde som blir kjørt fram, og om nokon har gjort ei bragd eller ein prestasjon, har ein lett for å fokusere meir på det, enn på dei merka krigen har påført dei som deltok, ja og på dei som skulle ta i mot dei som deltok og leve med dei etterpå.
Eit norsk feltsjukehus ved Narvik-fronten har vore utsett for flyangrep i dei lyse vårnettene. Heldigvis traff tyskarane dårleg. (Matheson-Byes fotosamling)

Kampane i Nord-Noreg i 1940 var utan unntak tøffe. Ei enorm påkjenning for mange, og tapa vart etterkvart store på dei to månadene det pågjekk, sjølv om dei på langt nær kunne måle seg med tapa ved andre slagmarker. For oss nordpå var masseslakt av denne typen heilt ukjent. Dette var dessutan tida før krisepsykiatrien, og mange måtte takle sine eigne traumer heilt aleine på bortgjømte stader, langt unna kvalifisert helsepersonell.

I dag skal våre unge menn og kvinner igjen lære å takle aktiv krigføring, gjerne langt borte og i samband med konfliktar som langt frå er oversiktlege, som i Afghanistan. Forsvarsleiinga vil gjerne skape eit profesjonalisert forsvar i aktiv strid, mens politikarane tviheld på at dei berre held på med fredsoppdrag, langt mindre krig. Våre soldatar skal ikkje lengre soldatar, men krigarar. Skikkelege krigarar, eller som forsvarssjefen sa det når han slo eit slag for ein ny norsk krigarkultur: "Krigerkultur i positiv forstand betyr i praksis uvilje mot å svikte sine medsoldater, uavhengig av om det skjer i Norge eller i Afghanistan."(Aftenposten 6.10.2009)

Uansett om det er krigarar eller soldatar som deltar i krigen; spøkelsane og traumene dei unge skal kjempe med under og etter det dei er med på, må dei og samfunnet slite med i mange år framover. For den gamle bergartilleristen, bestefaren til kollegaen min, var det truleg lettare å komme heim. Han hadde kjempa mot ein dødeleg ideologi, og stått opp mot ein agressiv okkupant saman med andre gode, friheitselskande nordmenn, og med demokratiske nasjonars støtte. Kva dagens krigarar kjempar for, kan derimot verke meir uklårt. Det same gjeld det dei kjempar mot, for midt oppe i all krigen er det berre ein tapar; folket i landet dei er i, som truleg blir mindre og mindre vennleg innstilt til krigarkulturen våre soldatar står for.
I den nordnorske bjørkeskogen låg det tyske lik nedgravd etter kampane våren 1940. (Matheson-Byes-fotosamling)