lørdag 3. september 2011

Byen sett frå Rådhustårnet

Kvart år arrangerer "Kjenn Bodø" ein tur opp i rådhustårnet i Bodø. I dag var det dagen, og då passa det bra å teste ut nytt kamera.Veret var fantastisk og utsikta flott. Alt var duka for ein flott tur.

Inne i sjølve tårnet har ein plassert ein del fotos fra gamle Bodø, og særleg får ein eit inn trykk av dei enorme ødeleggingane under siste krig, der store delar av bysentrum vart jamna med jorda.
Solparken og Børvasstindan sett frå Rådhustårnet
Solparken er eit av dei områda som vart satsa på i gjenreisningsarbeidet. Plassen og området skulle bli eit sentralt område for byens befolkning etter planen, noko ein også veit at det har blitt. Hit går 17.maitoget og her skjer ofte større offentlege markeringar, som til dømes minnemarkeringane etter ofra frå Bodø på Utøya.
Bodø Domkirke eller "Nordlandskatedralen" er kanskje Nord-Noregs vakraste kyrkje, teikna av arkitektane Blakstad og Munthe-Kaas, dei same som teikna rådhuset. I bakgrunnen Sandhornøy, heimbygda til Elias Blix (t.v), og Fugløy til høgre. 

Bodøs Stonehenge

I Bodø blir det markering av kulturminnedagen den 11. september 2011. Det heile startar ved Bodøs svar på Stonehenge, bautasteinane ved Vågøynes forsøksgård like ved Bodin Leir og Maskinisten. Eigentleg ligg dei på Neskarhaugen, der det er utsyn i alle retningar i landskapet. Det er godt med dyrkingsjord nedafor haugen, og det er funne graver frå jernalderen i området rundt. Eit søkk i bakken i forlenginga av stien og opp langs Bodøelva frå Vågøynes tyder på at det har gått ein rideveg forbi bautasteinane. Mellom Bodøgård og Vågøynes skal det vere fleire gravhaugar med bautaer som er borte no. (Holberg og Hutchinson: Lenge før byen. Bodøs Historie bind 1. 2009)

Det vart gjennomført ei arkeologisk utgraving i området i 1971. Då fann ein tre klåre steinfundament i bakken som synte at steinane hadde stått ved sida av kvarandre i ein trekant. Det vart dessutan funne ein ringforma mur av steinar rundt fundamenta, lik det ein hadde funne på Hernes i 1952. Dette tyder saman med andre funn på at det vart gjort opp eld innafor ringen og ved sida av steinane, og denne elden kan ha hatt ein rituell funksjon i samband med gravlegging i områda rundt.



 Det er mange ulike forklaringar på kva steinane har vore brukt til. Har dei vore rituelt brukt, eller er det andre funksjonar? Vil du sjå dei så kan du parkere bilen utafor Bodin Leir, og så gå mot Maskinisten og stoppe før du kjem til jernbanebrua. Der til venstre ligg dei. Mystisk og mytisk. Vakkert!