onsdag 23. november 2011

Sølv er nederlag

Sa Knut "Kuppern" Johannesen etter eit skøytestemne der han skulle tatt gullet. Rett nok blir du tildelt ein edel medalje for sølvet, og dei som kjem på tredje blir vanlegvis også premiert. Det gjør ingen andre enn dei tre på topp, og aller gjevast er det med vinnaren, sjølvsagt. Det var jo det som fekk Kuppern til å seie det slik. Sølv er nederlag.

Norsk fotball anno 2011
Litt lenger nord i Nordområda bit ein visstnok neglar for tida fordi idrettslaget i byen ser ut til å berge sølvet til slutt. Då har dei vore innblanda i gullkampen nesten fram til advent. Nivået på norsk toppfotball er visstnok dårlegare i år enn på lenge. Landslaget tapte katastrofalt mange kampar og EM-kvaliken rauk. Norske lag var ikkje nær å kvalifisere seg til europacupane, og nedrykket frå den øvste divisjonen var stort sett avklart alt i mai, då det raskt viste seg at det berre var ein ledig plass til disposisjon for dei dårlegaste laga. Sparta frå Sarpsborg var ferdig nedrykka alt. Dermed vart det mange lag som spela enda fleire uinteressante kampar. Konsekvensen av at ein verken låg an til nedrykk eller medalje, førte i sin tur igjen til at ingen lag bortsett frå to var stabilt gode. Diskusjonen om antall lag i divisjonen kom opp igjen.  Den øvste divisjonen hadde for mange lag, og for mange av kampane var uinteressante, noko som gjorde seg direkte utslag i låge tilskodartal. Færre lag ville gjøre fleire av kampane viktige, og dermed skjerpe kvaliteten på spelet og innsatsen. I tillegg er det vel også eit faktum at dei tv-overførte kampane neppe står høgt på prioriteringslista i dei norske heimane, når dei viser Lillestrøm - Brann ein fredagskveld. Norsk fotball er i ferd med å bli ein idrett for dei spesielt interesserte, og dei blir attpåtil færre.

Fotball eit kommersielt produkt
I nord klagde dei stort over at dei ikkje hadde komme på tv-en oftare, som om det hadde hjelpt noka. Med tv-kampar veit ein jo at det bli enda glisnare på tribunen enn utan. Dessutan veit jo alle at politikken til TV2 er å vise kampar frå dei delane av landet der det bur folk, altså fleire enn dei 70 000 i og rundt Tromsø. Det betyr at klubbar frå byar som Haugesund, Kristiansand, Molde, Ålesund, Tromsø, Bodø og Drammen ikkje vil bli vist på tv like ofte som klubbar som kjem frå Oslo, Bergen eller Trondheim. Det verste er at dette får halde fram år etter år. Her hjelper det altså verken med godt spel eller fin tabell-plassering for TIL, SIF eller HFK. Kjøttvekta tel for sponsorane til norsk tv-fotball, og det skulle jo berre mangle, så mange milliardar det faktisk blir betalt for dette "produktet". Når eit kommersielt produkt skal omsettast er det marknaden som bestemmer, liksom det er kapitalen som avgjør. I denne samanhengen hjelper det ikkje før dotterselskapet til Troms Kraf, "Kraft og kultur", går tyngre inn som sponsor for heile stasen. Då kan dei sjølvsagt diktere vilkåra for visning.

Vitskapleg bevis for påstanden
I idretten er det elles vitskapleg bevist at sølv er nederlag. Etter OL i Barcelona vart det vist at dei som fekk sølvet, ville tenke "kva viss" etterpå. Kva viss vi slo det og det laget og ikkje spelte uavgjort då vi skulle ha vunne? Det forsterka alltid berre den negative tenkinga. Derimot blir det alltid litt ekstra stas med bronse. Tankane vil kretsen rundt det positive i å i det heile og store få noka ut av sesongen, slik som kanskje Odd klarer til helga. Odd er det einaste laget som verkeleg måtte kjempe seg ut av sumpa i årets sesong, etter å ha ligge heilt i botn av tabellen i siste halvdel av august. Så brukte dei september og oktober godt, og vips så var dei involvert i medaljestriden ein runde før slutt. Odd kan faktisk ta sølvet, dersom resultata elles går deira veg, men det gjør dei neppe. Idrettslaget frå Troms skal jo ut å spele mot sin nyerverva spiss sitt nedrykksklare lag, så der kan dei vel neppe vente den heilt store motstanden? Det bør uansett bli poeng og då er sølve sikra, men fest-stemninga vil truleg stå høgast i Skien uansett.

Kva viss....?
Sesongen til idrettslaget frå nord i nordområda står det elles respekt av. For det første har trenaren deira gjort ein flott jobb med å omskape eit lag av hardtarbeidande brøtthestar til eit teknisk spelande lag, over fleire år med terping på å spelle fotball, og ikkje og primært sparke. Då er det også bra å sjå at det er i Nordland han leitar for å finne spellematerialet til den stilendringa. For det andre har han gjort kloke spelekjøp og innlån, med god hjelp frå tre-fire pengesterke institusjonar og personar. Ein må for eksempel konstatere at den tidlegare Bodø-Glimt-spelaren Tom Høgli gjorde skilnaden mellom gull og sølv i år. TIL med Høgli var stabilt bra. TIL utan Høgli var variabel. Så alt i alt må ein vel kunne seie at salet av Høgli spelte inn for det endelege resultatet. Med andre ord, kva kunne ein ikkje oppnådd viss Høgli hadde fullført heile sesongen i idrettslaget?
Sett i det perspektivet vil kanskje mange tenke at "sølv er nederlag"?

torsdag 17. november 2011

I Amundsens fotspor

For ei tid tilbake stilte Sigri Sandberg Meløy spørjeteikn ved ein av dei mange norske ekspedisjonane i "Amundsens fotspor" som for tida konkurrerer om å nå fram til polpunktet. I eit debattinnlegg spurte ho kva Norsk Polarinstitutt har der å gjøre: "Jan Gunnar Winther legger snart i vei mot Sydpolen med kompiser og kjendiser. Han burde ikke fått lønn fra Norsk Polarinstitutt underveis." Det heile utløyste debatt.

"Det er da helt vanlig med lønn under firmaturer"
I alt er det mellom 20 og 30 ulike ekvipasjar på skitur just no, og berre 11 av dei kjem frå Amundsens fødeland. Gamlingen har tydeleg inspirert unge menn 100 år seinare. Norsk Polarinstitutt sin ekspedisjon vart hardast ramma av kritikken, både fordi den har mest prestisje bak eit ferniss av forsking og formidling. Ein av dei som kasta seg på debatten som følgte innlegget til Sandberg Meløy meinte det slett ikkje var noko problem med slike turar; "Det er da helt vanlig med full lønn under firmaturer". I og med at den representere staten Noreg skal statsminister Stoltenberg stå å ta i mot gutta på tur når dei kjem til polpunktet, nøyaktig 100 år etter Amundsen og hans menn.
Roald Amundsen finst i utallige versjonar på sokkel. Han har utvilsomt sett landet på kartet. Her frå Nome, Alaska.
Nasjonal prestisje
Det er heller ikkje uvanleg at den politiske leiinga støttar opp om prosjekt prega av nasjonal prestisje. Sjølv Stoltenberg måtte trekke fram Amundsen som eit forbilde for norsk ungdom av i dag, då han heldt nyttårstalen sin til det norske folk 1. januar 2011. Amundsen hadde vist at eit lite land kunne oppnå store ting, og så sette han landet vårt på kartet, som det så malerisk kan heite.

Ny "Ishavsimperialisme"?
I artikkelen "Den nasjonale polarfeiring" stilte Aftenpostens Per Madsen spørjeteikn ved det heile. Han forstod rett nok det forsterka fokuset på polare strok:
Det er mange grunner til at regjeringen stiller seg bak et Nansen/Amundsen– år. Nordområdene er regjeringens viktigste strategiske satsing i utenrikspolitikken. Issmeltingen gir lettere tilgang til ressurser, men er også kilde til bekymring for følgene av klimaendringene. Delelinjeavtalen med Russland etter 40 års forhandlinger gir rettslig klarhet og forvaltningsmessig forutsigbarhet. Det åpner for mer aktivitet.
Som vi ser handlar mye av nordområdefokuset om olje, gass og fisk, i ein coctail av økonomiske og strategiske interesser. At Antarktis er komme med i denne samanhengen kan vi vel først og fremst takke Amundsen for, kor langt det enn ligg unna russegrensa og Barentshavet. Den - for å seie det mildt - lite bærekraftige kvalfangsten i Sørishavet, skal vi ikkje trekke inn her no.

Problematisk heroisme
Så var det dette med heroismen og dei nemnte heltane. Aftenposten åtvara mot eit sterkt ukritisk personfokus:
For det står jo ikke til å nekte. Nansen og Amundsen glir ikke like friksjonsløst inn i nasjonens æresgalleri som for 100 år siden; det skulle også bare mangle. Tittelen på utstillingen i Tromsø som drar jubileumsåret i gang allerede om noen uker, «Polarheltenes læremestre», bærer i seg et spørsmål som ikke stilles. Hva er en helt?

Stoltenberg tok det likevel for gitt at Amundsen var eit ideal, ein helt. Det var jo grunnen til at han vart trekt fram i talen nyårsdagen 2011. I året  som har gått heiter det om heroiseringa Amundsen har inngått i, heiter det at "Amundsen og hans menn på Sydpolen «kommuniserer verdier som fysisk aktivitet, sunn livsførsel, gleden av å nå mål, godt vennskap og gode norske tradisjoner». Men det kan hende at vi her snakkar om ein kommersiell bruk av polarheltane som Nansen Amundsen 2011 brukar  for å selje dunjakken Patriot 1911.

Madsen stiller spørjeteikn ved den oppfattinga:

Fysisk aktivitet – utvilsomt. Gleden av å nå mål – åpenbart.
Men godt vennskap? Gode norske tradisjoner?
Amundsen var av en annen tid – sant nok. Men også på hans tid fantes det ekspedisjonsledere med egenskaper som det er lettere å identifisere seg med 100 år senere.

Den norske stat lønna sine heltar godt
Forsking kostar
At all forsking kostar pengar veit vi alle. Då Amundsen var komme heim etter sin heroiske tur i 1910-12 frå Antarktis, fekk han ei løyving på 100 000 frå finansdepartementet. Det tilsvarar vel 5 millionar kronar i 2010-pengar. Føresetnaden for løyvinga var at forskingsresultata hans stod til Universitetet i Oslo sin disposisjon. Kva resultat forskinga til Amundsen har gitt oss, veit vi derimot mindre om. Forteljinga om turen har likevel inspirert andre forskarar, og andre skientusiastar sjølvsagt. Kva resultata av forskinga til dei 20-30 ski-ekvipasjane vil gje i 2011-12, veit vi ikkje mye om. Noko må det vel komme ut av det, elles blir det vel som Jan Gunnar Winther sa det; «Jeg skal formidle både historie og klimaforskning, men det er klart jeg gjør dette aller, aller mest for min egen del.»

onsdag 16. november 2011

Nabokrangel Narvik - Bodø - om debatten som spora av

Den siste tida har vi sett mange eksempel på at agg mellom naboar kjem til overflata. Ille vart det då statsråd Tora Aasland Haug la Studentsamskipnaden i Narvik inn under paraplyen til søsterorganisasjonen i Bodø.
Ordføraren i Narvik tolka dette som eit ledd i samanslåinga av høgskolen i byen med Universitetet i Nordland, i Bodø, noko som må ha fortont seg som eit av Narviks største mareritt, nesten på nivå med at  sjukehuset skulle bli lagt inn under sjukehuset i Harstad.


Vi treng luftige tankar, ikkje småleg krangling
 Økonomisk misere
Saka var at Samskipnaden i Narvik ikkje hadde gjort jobben sin. Dei skulle drive barnehage, studentboligar og kantine for studentane ved høgskolen i byen, men i følgje Dagens Næringsliv vart det for stridt. I 2007 viste rekneskapen ein eigenkapital på 13 millionar kroner. Året etter var den minus 20 millionar. Velferdsorganisasjonen var teknisk konkurs. I 2010 måtte Kunnskapsdepartementet ta kontrollen, og Kyrre Lekve i departementet gjekk gjennom samskipnadsmodellen og skjerpa tilsynet. Narvik hadde ikkje vist seg tilliten verdig til å drive sjølv.

Samskipnaden i Bodø med regionalt ansvar
Samskipnaden vart lagt inn under Studentsamskipnaden i Bodø som driv med studentvelferd for over 6 000 studentar  i Vesterålen og Helgeland, forutan Bodø.
I valet mellom pest og kolera var det dei i malmbyen som heller ville at den vesle Samskipnaden i Harstad skulle gjøre jobben, for å sleppe unna Bodø-kloa, men slik gjekk det ikkje. Truleg kom dette nettopp av at Samskipnaden i Bodø hadde rutinar for drift av studentvelferd på andre studiestader, enn der administrasjonen låg. Det manglar Harstad, som trass alt må reknast som ein liten høgskole, med sine knapt 1 200 studentar.

Hissige reaksjonar
Emosjonane let ikkje vente på seg i Narvik. I Fremover kom alle slags argument mot ordninga opp. Her er eit knippe:
- Her ser vi stadig nye eksempler på nedbygging av statlige arbeidsplasser i Narvik som blir flyttet til Bodø. Vi har i gjennom flere tiår vært vitne til at Bodø har tatt godt for seg av arbeidsplasser som flagget ut i fra Narvik

For det første er ikkje samskipnaden statleg. Han er eigd av studentane ved institusjonen der han finst. For det andre vil det neppe bli flytta på ein einaste ansatt til Bodø i dette tilfellet. Barnehage, kantine og studenthyblar skal driftast i Narvik, og til det trengs det folk i Narvik.

Anschluss?
Ein annan kommentator i bladet Fremovers nett-debatt gav oss assosiasjonar til Anschluss, innlemminga av Austerrike i Stor-Tyskland på slutten av 30-tallet:
Og hvorfor vi atter en gang blir tvunget til å samarbeide med det griske bodømiljøet.. Vi vil ikke, men blir tvunget gang på gang. Vi vil ikke bli innlemmet i dette StorBodø som disse menneskene fra Bodø ønsker å skape.
Dryge påstander som ikkje er lett å kommentere, men som seier noko om ei stemning som ikkje er lett å forstå. Narvik vil ikkje samarbeide med Bodø, men blir tvungne til det. Bodø-folk arbeider med å skape eit StorBodø som Narvikfolk ikkje vil bli del av.

Debatten sporar av
Etterkvart spora debatten av. Det vart eit spørsmål om SVs barnehage- og klimapolitikk, om ulykkestal på vegen mellom Narvik og Bjerkvik, om "drenering" (trenering?) av Hålogalandsbrua og tapping av sjukehusdrifta i Narvik frå Bodø, om "udugelige narvikværinger som aldri klarer å holde styr på noe som helst", om politikammer. Til slutt gjekk det så langt i invektiv og emosjonar at debatten spora heilt av. Ingenting er som ein real nabokrangel. At nett-debattar er med på å gje oss meir demokrati, opplysning og kunnskap viser denne debatten at vi ikkje kan vente oss. Til det blir det for mye emosjonelt oppgulp.

Essensen vart borte
Heilt glømt var det nesten at det var mange års vanstyre som var grunnen til nyorganiseringa. At det tok heilt av. DN skriv: "Cateringselskapet Delikatessen Narvik as ble etablert. Samskipnaden kjøpte og drev vandrerhjem og asylmottak. I 2001 sikret den seg en bygård for å skaffe studentene et nytt, større og bedre samlingssted med kro, restaurant, stor scene og flere toromsleiligheter på toppen. Byggetrinn og prosjektering ble satt igang, penger rant ut, men prosjektet ble aldri realisert. I 2004 kjøpte den Victoria hotel, og åpnet paintballhall for Narvikbeboerne." Det var her studentane sine pengar vart borte og velferden deira stod på spel.

Kanskje vi skal spørje studentane, det vil seie brukarane av tenestene i Narvik om korleis det heile har gått om eit år, før vi feller den endelege dommen?

mandag 14. november 2011

Dagens Vespa (VIII)


Dagens Vespa finn du på Piaggio-museet i Pontedera, Toscana. Det er ein Vespa 1946-modell. Mange ting var forskjellig frå dagens modellar, men kjerna er den same. Måtte vi alle sjå like bra ut som 65-åring.

søndag 13. november 2011

Dagens Vespa (VII)

Dagens Vespa er ein Vespa Si, som var broren til Vespa Bravo. Dette var min første moped. Ein 1981 modell kjøpt på HELALA omtrent samstundes som salige Trond Ellingsen kjøpte sin Vespa Bravo. Min var sølvgrå, Trond sin kvit. Prisen var rett under 4 000 den gongen, eller ca 11 300 i 2010-kroner. Den på bildet er elles kjent for at den kan koplast frå, og så kan du sykle til bensinstasjonen for å fylle tanken. Knappen du trykk inn er rett ved sida av bakhjulet. Elles startar du han med å sykle han i gang, men då må du ta ut frikoplingsknappen igjen, elles blir du berre sittande å sykle. Artig moped dette..minner meg om Trond Ellingsen. Trist å dø så alt for tidleg.

lørdag 12. november 2011

Quo vadis - kor går vi?

For eit par veker sidan reiste eg med hurtigruta over til Svolvær frå Bodø. På vegen over Vestfjorden fann vi desse to regnbogane. Som alle veit er det gull ved enden av dei. Kanskje det er dette dei som vil leite etter olje i Lofoten vil ha? Meir gull. Som Onkel Skrue. Bade i bingen, mens resten av Europa blør.

Det er vel typisk at vi befinn oss ved enden av begge regnbogane. Vi kan bade saman med Onkel Skrue kvar dag, utan at det gjør oss meir lukkelege. Det er langt unna finanskrisas Italia og Hellas, Portugal, Spania og Irland, Island og Storbritannia.

Det er liten tvil om at vi er fødd med gullhår i ræva og sølvskjei i munnen. Like ved to regnbogar. Kanskje skal vi tenke på det no før julehandelen tar laus og kjøpefesten held fram? Kanskje er det på tide å stoppe opp for å spørje kor kursen går i dette verdas rikaste land, med den mest misnøgde, piss-sure sutregjengen nord for ekvator i opposisjon. Kor går vi, spør eg? Quo vadis, som dei gamle romarane sa det?

Som vi ser av bildet finn vi slett ikkje gullet der vi trur det finst. Ikkje eit gram. Det heile er ein optisk illusjon. Der ute i havet finst berre den blå evigheita.

torsdag 10. november 2011

Dagens Vespa (VI)


Dagens Vespa-himmel er frå Livorno der det var vespamesse i september. Den orange skjønnheita kunne du få for 8000 Euro og var frå først på 70-talet. Under finn du mekka for dei som leitar etter vespadelar. Ei skuffe for kvart tiår. Delar til alt, absolutt alt av det du treng til din vespa..
Lekkert?


onsdag 9. november 2011

Mannen er kanskje borte, men krisa er det ikkje


For 4,5 mill Euro kan du få kjøpt ein halvferdig havgåande båt til bruk i arktiske farvatn. Han står på beddingen i Livorno i Italia som eit rustraudt symbol på krisa med stor K.

Det er desverre ikkje berre den politiske krisa i Italia som er djup. Den økonomiske er minst like ille. Her symbolisert med det useljelege fartøyet på land. Forlatt og aleina, ubrukeleg og til inga nytte. Verftet her ute i hamna i Italias nest største hamneby symboliserer at ikkje alt er like bra. Dei uvirksomme kranane likeså. Inne i containerhamna har ein nettopp mista leveransar frå Toyota i Japan til ein verdi på mange millionar. Truleg er det ikkje like stor fart i cruice-trafikken i dag som før heller. Dermed mistar ein gode inntekter også her.

Om Italia blir kvitt Berlusconi i neste veka er det med andre ord masse å gripe fatt i for den som tør ta over. Han (for det blir sikkert ein han) får eit svare strev med å få fart i seila, eller først og fremst handlar det nok om å få båten på havet. Få båten til å flyte. Då er det godt at fyret i hamna i Livorno kan lyse opp og vise kor leia går. Det vil nestemann ut trenge, for krisa er langt frå over sjølv om mannen er borte.

fredag 4. november 2011

Vakker viadukt - sovjetiske krigsfangar

Ute ved Bø på Engeløya i Steigen ligg det enorme festningsanlegget "Batteri Dietl". Her har Salten Museum sitt avdelingsmuseum som syner det svære anlegget som skulle hindre alliert landgang i Ofoten i tida 1941-1945. På veg ut mot anlegget finn du denne vakre viadukten som dei sovjetiske krigsfangane bygde. Vakkert handverk må ein seie. Skår i gleda er det derimot at over 500 av dei sovjetiske statsborgarane døydde på Engeløya. Viadukten på Bø i Steigen er eit flott minne over desse døde.