torsdag 17. februar 2011

Blå-grå vs. raud-grønt

Dei blågrå er på offensiven for tida. I Bodø oppmoda FRP-ar folk om å leite fram hagla i kampen mot samiske skilt. I Aure i Møre og Romsdal var varaordføraren frå Høgre lei av at folk kom ut av asylmottaka og vann den norske finalen i Melodi Grand Prix. Samstundes har dei bestemt seg for å utrydde nynorsken frå ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Det formeleg osar av toleranse og kultur. Siste utspelet er ein scooteraksjon i Tromsø. Annonsert på facebook heiter det; "Tromsø FpU arrangerer snøscooter aksjon for loveliggjøring av snøscooter kjøring :) alle som vil må komme innom :) INVITER FOLK! :)"

http://www.facebook.com/event.php?eid=112809865461130

Eg må berre få komme med eit hjartesukk; er det desse som skal styre i rike og land i åra framover? Viss ja, så ser det ikkje bra ut for fem øre.

mandag 14. februar 2011

Logoen som vart borte?

I mi tid måtte vi kjøre i gang ein større kampanje for å berge Hugin og Munin som logo for Universitetet i Tromsø. Avviklinga av logen vart stoppa. I dag ser vi konturane av ei snikavvikling trass i protestane frå tilsette, studentar og andre med kjærleik til universitetet.
Til venstre ser ein dei gamle konvoluttane til UiT, der logoen med ramnane til Odin er tydelege. Til høgre den same konvolutten, men no med ein minimalistisk logo.

Ein kan saktens spørje seg om dette er rette vegen å gå. Kva respekt viser ein for symbol og tradisjonar?
Hugin og Munin er i norrøn mytologi ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke', «Munin» tyder 'minne'. Sagnet er at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin. Mot slutten av dagen kjem ramnane attende og set seg på Odin sine skuldrar for å fortelja alt dei har sett og høyrt. Mellom anna difor var Odin den visaste av gudane. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.
Betre symbolikk kan ikkje nyttast for eit universitet.


Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.

(Grimnismol)

mandag 7. februar 2011

Vanskeleg debatt om språk

Samisk er ikkje lett å svelgje i Bodø heller
Det skal ikkje vere lett å drøfte spørsmål knytt til symbol, identitet og etnisitet. Når du gjør det trør du samstundes på kjenslene til folk og det kan slå ut i alle retningar. Først viser Bodø sin rausheit overfor det samiske ved å sette eit dobbelt skilt ved innkjøringa til byen. Bådåddjo står det også, i tillegg til Bodø. Ja, ja tenkte eg, så visste vi det. Bodø heiter det på Lulesamisk. Enkelt og lærerikt tenkte eg, men så feil kan ein ta. Først vart det krig frå dei som meinte Bodø var Bodø, basta! Deretter kom den marginaliserte samiske språkgruppa Pitesamane på banen. Byen heiter Buvda på det språket, og Bodø ligg i kjerneområdet for Pitesamane. Så var helvete laus. Berre hør på argumentasjonen:

"Jeg for min del synes vi burde få ett Bodø-skilt på arabisk, det vil være minst like naturlig som å ha det på samisk. Det er tross alt et folkeslag som har satt et større preg på byen enn samene, og er mer synlige både i politikken og kulturlivet enn både lulesamer og pitesamer tilsammen."

Ja for arabisk er jo eit kjerneområde i Salten?


Og denne: "Det er helt utrolig at samene i det hele tatt får ha et samisk skilt i Bodø. Begge de samiske navnene er oppkonstruert i nyere tid pga samene ikke hadde noe navn på Bodø. Likevel hevder de det er et samisk område. Når skal denne galskapen stoppe."

Ja for bokmål er jo eit naturleg språk, og det danske namnet Bodø er jo sjølvsagt skapt av naturen sjølv, eller Gud, eller noka anna naturleg?

Verre vart det etterkvart:
"Send samene og alt de representerer til Sibir, så får vi slutt på galskapen!" og "Samene er et fornuftig og praktisk folkeslag som ikke ønsker djevelske ord i sitt vokabular. Ellers er de fullstendig klar over at Muhammed egentlig var en utstøtt rein."

Høgdepunktet var likevel denne:
"Fjern hele møkka skiltet, det skal kun skiltes på Norskt i Norge……… Bodø er og blir Bodø og ikke Båsdfklmrfgnlkgknjvr eller hva faen disse samene nå vil kalle det."

Ja, ja, det skal ikkje vere enkelt med språk i Noreg, men det veit jo vi målfolk alt om. Norske namn er det jo for all del ikkje snakk om å bruke i Tromsø, Vardø, Vadsø og Bodø. Der får vi sette vår lit til Harstad og Narvik som aldri vart fordanska slik "Bodøen" vart.