tirsdag 20. juli 2010

Sykling - sunn sport eller idrett for dophau?

Monument over mosjonssyklinga i Toscana, Italia (San Baronto)

Den same historia gjentar seg. Kvart år ser vi det same skje. Den eine sykkelryttaren etter den andre blir avslørt som dophau, og heile sporten lir under sin sedvanlige mangel på truverdigheit. Ingen kan vere reine i toppidretten, der proffutøvarane lever av resultata sine. Om dei vinn eller presterer bra, betyr det forlenga liv som proffar. Om dei mislukkast kan det bety kroken på døra både for dei sjølv og laget, som er avhengig av å ha ein snill sponsor til å fø på dei. Det er dårleg omdømmebygging for bedriftar å fø på dophau.

Topp-idretten inviterer heller ikkje til sunn idrett. I vekesvis skal dei sykle 200 kilometer kvar dag, nærmast utan restitusjon. Kan det vere sunt, spør nokre seg, medan andre nektar å tru at ein klarer å restituere kroppen mellom kvart ritt og kvar ettappe. I denne idretten er det eit sunnheitsteikn at den aktive utøvaren blir sjuk, eller må stå av sykkelen undervegs. Det betyr at kroppen reagerer normalt på den fysiske belastninga. Korleis kan ein rein Lance Armstrong vinne Tour de France 7 gonger på rad på ein knusande måte, utan kunstige stimuli, spurte den velrenommerte tyske avisa Frankfurter Allgemeine den 19.juli i år. Same dag som avisa med bismak såg på etappevinnaren i touren den dagen, Alexander Vinokurov. Han vart utestengt for bloddoping i 2007, men var no i gang igjen.
Det var slik Leonardo da Vinci såg for seg ein sykkel på 14-1500-talet


Då er det noko heilt anna med mosjons- og breiddeidretten sykkel. Nokon betre sport finst ikkje. Her kan alle aktive sjå vakker natur og halde seg i form på same tid. I dei store sykkellanda i verda kan ein sjå dette betre enn i det kalde og glatte nord. I Toscana - rett overfor åsen Leonardo Da Vinci budde - kan ein sjå det betre enn nokon annan stad. På snarvegen over den vesle fjellrekka Montalbano, mellom byane Empoli og Pistoia ligg San Baronto, 400 meter over havet. Akkurat her oppe på åstoppen, kan den utkjørte mosjonssyklisten stoppe opp og ta seg ein pust, snakke med gutane som sit langs veggen og nyt kaffen i skuggen på baren under hotell Bellavista. Nokre står også av sykkelen og kjøper seg ein kaffe eller ein brus på baren. Godt vaksne menn og unge gutar i flokk og følgje, før sola har blitt for varm og biltrafikken for stressande. På toppen kan dei remje ut triumferande, kaste slengmerknader til tilskodarar eller fotgjengarar langs vegen, eller simpelten berre puste tungt ut etter ei hard klatreøkt opp Strada dell'olio e dell vino del Montalbano, før dei set utfor dei bratte og svingete vegane ned på andre sida i den skuggefulle, smale sykkelvegen. Oppe ved San Baronto kan du, når du kjem syklande opp frå Pistoia, passere forbi det fantastiske monumentet som ligg ved kyrkja i landsbyen. Det illuderer ein bratt sykkelveg der ein ser små syklistar klatre opp ein snirklete veg til toppen. Øvst jublar førstemann over målstreken med armane høgt heva. Om han jublar over å ha vunne over andre eller seg sjølv er vanskeleg å seie, men det er opplagt for alle at vegen er målet. Teksten på monumentet (over) er "Passioni, amori ed onori al ciclismo Il Montalbano" og betyr sånn cirka; "glødar, elskar og ærar sykling i Montalbano". Under ser du den siste sanne riddaren av sykkelsporten passere baren på toppen av Montalbano i San Baronto. Visste du forresten at det var salige Leonardo da Vinci frå Vinci midt i Montalbano som teikna den første sykkelen? Tilfeldig? Neppe!
Den ekte riddaren av sykkelsporten, mosjonisten, på veg forbi baren i San Baronto


torsdag 15. juli 2010

Firenze - turistfella

På åssida aust for Firenze, i Fiesole ligg det europeiske universitetssenteret

Viss ingen går i fella, men passer seg for den skal alle snart igjen få feire jul igjen, heiter det i julesangen til Prøysen. Eg følte meg akkurat slik i dag. Etter å ha tråla rundt i museum utan folk, og dokumentasjonssenter utan besøkande, der lyset knapt vart påslått fordi du var der aleina, gjekk eg rett i fella i dag. Eg innrømmer det gjerne, eg reiser ikkje på Charterferie med Svein til Gran Canaria, eller Boden Camping for den saks skuld. Nei, eg har hatt ein forkjærligheit for Italia. Bella Italia. Det hektiske helvete, Dantes Inferno og alt det der.. Bell Casino, masse armar og bein, masse passione, amore. Det ekstreme, ytterleggåande Italia. Med stor I. Der det berre går an å elske eller hate, og det sterkt. I dag innrømmer eg det; eg gjekk i fella. Turistfella Firenze; og det midt på sommaren i den varmaste tida. Ufizzi  var ingen vits, lunsjen den dyraste i historia, køen for å komme opp i kuppelen i Duomoen gav inga meining. Nei, det var nedtur. Godt var det likevel at eg kunne kjøre opp til Fiesole først for å sjå ned på den vakre byen, og det Europeiske Universitetssenteret som vi nordmenn spyttar store summar inn i, gjennom EØS-avtalen, for at resten av Europa skal bruke. Dit er det planen eg skal reise i løpet av dei neste tre åra for å vere gjesteforskar. Målet må vere å bli tilsett der som professor i historie om tre år. Dei har fem års engasjement for forskarar der, som kan gje undervisning og rettleiing til doktorgradsstudentar frå heile EU. Korfor skal vi ikkje vere med på moroa, når vi betaler for henne? Heller Fiesole enn Firenze.

onsdag 14. juli 2010

Vakre Val Camonica - grensa mot Austerrike-Ungarn

Oppe under Monte Tonale ligg Pezzo. Lenger opp ligg hytta som Umberto Bossi proklamerte sitt uavhengige Padania i. Dit når du på ein times spasertur i vakkert alpelandskap.
Viss du tilfeldigvis er i området nord for Milano og styrar unna dei kjente turistfellene som Lago di Garda og Lago Maggiore, men heller tar turen til Lago d'Iseo og vakre Val Camonica, kan du nå opp til eit interessant område. Her vart Italia omforma frå å vere eit tilbakeliggande landbruksland til å bli eit industrialisert land, omtrent på same tid som vi gjennomførte vårt norske under. Overgangen til industri skjedde også i dette området på den norske måten. Her var vatn nok, og fallhøgda skapte grunnlag for elektrisk kraft. På kvar ein kant av den ydylliske dalen låg det derfor eit kraftverk, og i tillegg jernverk og industribedrifter av ymse slag. Heilt øvst i dalen ligg fine vintersportsstader som Passo di Tonale, akkurat på grensa der Italia og Austerrike-Ungarn møttest fram til 1919. Her ligg også fronten mellom dei to krigførande partane frå første verdskrigen, og i Temú på eit lite krigsmuseum, kan du få informasjon om krigen oppe i fjella mellom dei to rivalane oppe i Stelvio- og Adamello-fjella. Biletet viser den bortgjømte bygda Pezzo plassert trygt under det vakre 2694 meter høge Monte Tonale. Hit valfarta italienarane for å sjå på vakker natur og vandre i fjella i dunjakke og langbukse, i staden for å søkje strendene langs kysten. For nokre år sidan proklamerte Umberto Bossi Padanias uavhengigheit frå Italia her opp i fjellheimen. Han var lei late sør-italienarar og politikarklassen i Roma. Han ville etablere republikken Padania, ei merkesak for partiet Lega Nord. Eit par hjerneslag seinare har føderalismeprosessen gått vidare i Italia, og Berlusconi har gitt etter for Bossi og co. Kva som skjer med nasjonen gjenstår og sjå, men at han heng sterkt saman er vel ei overdriving. Det rike nord vil kvitte seg med det mindre velståande sør. Under ser vi jernverksbyen Lovere mot Castro, som er kjent som produsent av understell til jernbanesett. Tenk om Mo i Rana hadde vore like vakker.
Lovere sett mot Castro. Marinaen til venstre foran jernverket. Kanskje det norske flytoget har understell frå Lovere ved Lago d'Iseo?

tirsdag 13. juli 2010

Minne- og dokumentasjonssenter i Toscana

Kanskje er det ikkje det første ein tenkjer på når ein er i Toscana. I kampen om merksemd er det alltid slik at dei kjente slotta, kunstgalleria, musea og kyrkjene kjem i fokus først, men dersom du vil ha noka anna, kan det vere lurt å leite etter dei musea som ingen kjenner stort til, gjerne knytt til moderne historie. Med andre ord; når du har fått nok av Dante, rinascimento og middelalderborgar; søk moderne kulturminner. Eitt av dei er http://www.museodelladeportazione.it/ like nord for Prato. Eit lite senter for dokumentasjon om dei over 44 000 italienarane som vart sendt til ulike konsentrasjonleire i Austerrike, Frankrike, Tyskland eller andre stader i det tysk-kontrollerte området under andre verdskrigen.

Sentret ligg i Figline (Prato) og er lagt nettopp dit, fordi det på den vesle staden var 29 unge partisanar som vart avretta i landsbyen den 6 september 1944. Dette skjedde i same timen som dei allierte frigjorte Prato fra den nazistiske/fascistiske okkupanten. Toscana er full av spennande krigshistorie.