fredag 12. november 2010

Elias Blix-jubileet, Gildeskål og myta om mannen

Den siste tida har det versert ein del innlegg i Avisa Nordland om Elias Blix. Særleg irriterande er det at Blix skulle blitt nekta å preike i Gildeskål då han var heime sommaren 1866. Dette er ei myte som professor Hallgeir Elstad har prøvd å punktere sidan 2002, men han ser ikkje ut til å ha lukkast med det. La oss derfor sjå på myta om presten Blix som vart stoppa i Gildeskål.


Domkyrkja i Reykjavik. Elias Blix hadde ingen draum om å preike, meiner professor i teologi Hallgeir Elstad ved Teologisk Institutt, Universitetet i Oslo

Elstad (Kirke og Kultur 5/6-2002) skriv at Blix drog heim til Gildeskål etter embetseksamen i teologi i 1866, for første gong sidan han reiste til hovudstaden i 1859. Folk hadde store forventningar til han, fordi dei hadde hørt at han hadde gjort det godt, og at han ville bli prest. ”Tenk om dei kunne få høyre han preike i heimekyrkja”, skriv Elstad, og legg til at tanken var realistisk. Heime møtte han sokneprest Hans Henrik Holch Daae, som han la fram ærendet for, heiter det i myta. ”Men soknepresten, som var av gammal embetsmannslekt, nekta han å preike i Gildeskål kyrkje. Han ville ikkje sleppe ein allmugemann som Elias Blix opp på preikestolen. Allmugen kunne blir lærarar, men prestar, nei, der gjekk grensa, skal soknepresten ha meint.” Blix skulle tatt avslaget så tungt at han gav opp å bli prest, for i staden å bli vitskapsmann.

Elstad spør om forklaringa er rimeleg for korfor Blix aldri vart prest. Kunne soknepresten få ”ein dugande teolog” til å endre livsplanen, spør han. ”Var Blix så vakkelvoren? Trudde han ikkje meir på det han dreiv med?” Historia er ikkje dokumentert. Elstad meiner ho er usannsynleg. Fordi:
1. Dersom det var tilfelle at Daae nekta Blix å preike, ville Blix ha skrive om det nokon stad. Det har han ikkje.
2. Korfor skulle Daae svare nei på eit spørsmål frå cand. theol. Elias Blix om å få preike? Det ville vere i strid med norsk lov, fordi lova opna for at teologar skulle ha høve til å øve seg i kyrkja. Blix og Daae var likemenn, og ingen nekta bondesøner prestestilling. ”Soknepresten må ha visst at Blix hadde ei høg stjerne i bygda”, skriv Elstad, og legg til at Daae måtte ha ”tilstrekkeleg sosial antenne til å innsjå at dette var ei ikkje-sak”.
3. Blix hjelpte Daae med eksamensarbeid den sommaren. Dei samarbeidde godt og tett. Ville dei gjort det om soknepresten hadde nekta Blix å preike, spør Elstad.

Heimkomen til Kristiania (Oslo) hausten 1866, skreiv Blix at han hadde ”gjenseet mit kjære Hjem”, og at turen hadde gjort han ”ligesom forynget, aldeles nordlandsk i Sind og Skind". Den optimistiske tonen kjem ikkje frå ein nedbroten ung mann ”som har vorte nekta preikestolen og har endra livsplan”, konkluderer Elstad.

Det er grunn til å tru at Elias Blix alt hadde bestemt seg for ikkje å bli prest. I 1861, då han studerte hebraisk som del av teologistudiet, skriv han at det var eit studie han kjente ”stor lyst" ved. Biskop Anton Chr. Bang - farlaus fiskarbondeson frå Dønna og studiekamerat frå Tromsø og nær ven, talte i gravferda om Blix: "Uden Famlen, uden Vaklen” fann han si ”Livsopgave og blev denne tro til sidste Stund", og sikta då til vitskapsmannen Blix.

Elstad meiner personlege grunnar låg bak. Blix var svært sjenert. Ein tidlegare Tromsøelev fortalte: "Han vart raud berre dei tala til han, og han våga mest ikkje tala til elevane." Som universitetsprofessor var han svært reservert overfor studentane. Han var ingen folketalar, og heldt seg taus i store forsamlingar. På talarstolen på Stortinget vart han rekna som keisam, og sjølv vantrivetest han på preikestolen og framfor alteret.

Blix spurte neppe om å få preike i heimekyrkja sommaren 1866. Det ikkje hans draum, men kanskje mest draumen til folk i Gildeskål. Kanskje vart dei skuffa då dei ikkje fekk oppfylt den, skriv Elstad: ”Rykta tok til å svirre. Kva var det med han Elias? Det måtte då vere noko sidan han ikkje fekk preike? Lause rykte vart til historisk sanning: Sokneprest Daae hadde nekta Blix å preike. Embetsmannen ville ikkje ha bondesonen på preikestolen. Og historia om Blix som vart nekta å preike i heimekyrkja si, passa unekteleg godt inn i den gamle motsetnaden mellom nordlendingane og arrogante embetsmenn sørfrå”. Slik har ein påstand utan dokumentasjon blitt ført vidare og halde fast som ei historisk sanning, også inn i Blix-jubileet i 2011.

Du finn  artikkelen til Elstad her

torsdag 11. november 2010

11.11. kl 11

Den 11. november kl 11 i 1918 vart kanonane tause etter nyare histories verste inferno. I eit blodbad utan like hadde krigen frå 1914-18 påført dei største nasjonane i Europa sår som aldri skulle legast. Dei skulle til og med medføre så mye irritasjon blant forsmådde taparar og dei som var misnøgde med oppgjøret på vinnarsida, at det nærmast var uungåeleg med eit nytt blodbad berre 20 år seinare. I alt reknar ein med at krigen kosta 10 millionar soldatar livet, 7,7 av dei er savna og så mange som 22 millionar vart skadde. Dette var generasjonar av gutar og menn i sin beste alder, og det skapte traumar som skulle prege folk i dei deltakande nasjonane i lang tid framover.


Oppe ved grensa mot Austerrike-Ungarn står dette minnesmerket over tapte liv under første verdskrigen. Etter krigen vart Tyrol delt i to, og den sørlege delen vart italiensk. Det var ikkje Mussolini nøgd med, så han ville ha meir og slik vart han Italias ulukke. Grunnen var første verdskrigen og det som følgte med.

I Italia la den første verdskrigen vegen open for folk som Benito Mussolini, medan Austerrike-Ungarn var blitt delt opp i små smular og tørsta etter å bli stor att. Vegen inn i Anschluss var kort for Austerrike, mens Ungarn også ville vere vener med Hitler då den tid kom. I aust bana krigen mellom 1914-18 vegen for ein revolusjon som skulle bli starten på eit av verdshistorias største sosiale og politiske eksperiment, med katastrofale følgjer for tsjekkarar, ungararar og aust-tyskarar, men ikkje minst for russarane sjølv og alle dei ulike etniske/nasjonale gruppene innafor det gigantiske sovjetiske imperiet.

Ingenting av dette ville vore mogleg utan den første verdskrigen. Den vesle misforståtte kunstnarspira frå Austerrike som sjølv opplevde nederlaget ved fronten den 11.11.1918 kl 11, skulle komme grusomt tilbake seinare. Korporal Schicklgruber, som han seinare foraktleg vart kalla, fordi det var namnet faren hans vart fødd til. Hitler er Hitler, og på grunn av han er det knapt nok ein mann i den vestlege verda som heiter Adolf til fornamn lenger.

I vestlege land som Storbritannia og Frankrike vart ein også prega av den første verdskrigen, som ein for alt i verda måtte unngå å gjenta. Dermed fekk Hitler friare spelerom lenger. Ein visste ikkje kva fyr ein hadde med å gjøre, og ville for alt i verda unngå ein ny krig. Til og med vesle Noreg tenkte at det viktigaste i 1938-1940 var å halde seg ute av krigen, som i 1914-18. Det skulle vise seg å vere fatalt, og etterpå denne hadde vi jo fått ein ny sterk nabo i den revolusjonære Stalins Sovjetunion - som ein følge av første verdskrigen. Det ga nye historiske erfaringar og trusselbildar.

Som vi historikarane alltid seier: - Alt heng saman med alt.

Så hugs å sjå på klokka di klokka 11 den 11.11.