torsdag 26. mars 2015

Kva er det med General Fleischer?


General Fleischer er sterkt omdiskutert i forsvarskretsar og blant forsvarshistorikarar
I samband med serien om overfallet på Noreg våren 1940 - "alliert og alene", vart det ein nokså oppheita debatt på ei facebookside til ein kompis. Ein av kameratane hans skreiv mellom anna om General Fleischer, leiaren for dei norske styrkane som kjempa kring Narvik:  "Krigshandlingen på østlandet blir noe små i samnenligning, og den nordmannen som absolutt er den største krigshelten i Norge General Fleischer, ble drevet til selvmord av en gjeng østlendinger som rømte hals over hode." 
Ein som har gjort eit viktig bidrag til å lyse opp denne diskusjonen på ein grei måte er harstadmannen Gunnar Reppen som har gitt ein god artikkel om Fleischer tilgjengeleg på lokalhistoriewiki. Han har heller ikkje lagt skjul på at Fleischer har vore omdiskutert.

Mye av debatten heng saman med nokså fasttømra forestillingar om krigen i Noreg våren 1940. Historikaren Ketil Skogrand  har tidlegare skrive om Feischer i Forsvarets forum. Her kjem det også fram at personen Fleischer er sterkt omdiskutert. Skogrand skriv slik om diskusjonen: 

EN DEL KRETSER har imidlertid ment at Fleischer i 1942 ble urettmessig skjøvet ut av en ynkelig og pasifistisk regjering. General Torkel Hovlands Fleischer-biografi fra år 2000 reflekterer denne tradisjonen. For Fleischers engasjerte tilhengerskare dreier det seg imidlertid om mer enn en embetsutnevnelse under krigen. Generalen er blitt et symbolsk samlingspunkt i kampen for et sterkt forsvar og står som eksempel på fagmilitær handlekraft i kontrast til regjeringens vakling i aprildagene 1940. Slik blir han et forbilde for unge offiserer. Fleischers skjebne er også blitt benyttet som illustrasjon på ubetimelig politisk innblanding i fagmilitære spørsmål.

Så seint som i 2011 fekk Skogrand svar på tiltale frå ein Jebsen i Geneve. 
Han meinte mellom anna at Fleischers rolle vart tona ned i de såkalla "offisielle norske krigshistorien". Fleischer er på mange vis framstilt som glømt, men mange stader er han tydeleg framme reint minnepolitisk.
I Bodø har vi General Fleischers gate, og på Lapphaugen i Lavangen, på Veteranplassen i Narvik og midt i Harstad, står det statuar til minne om han. Han er langt frå glømt, sjølv om han fall for eigen pistol. Då markeringa av krigshistorisk landsskap vart opna av kong Harald våren 2010, skjedde det også ved minnestøtta på Lapphaugen over Fleischer.


For alle dei som måtte vere interessert i Fleischers rolle i norsk militærhistorie vil alle desse innlegga, saman med Hovlands bok og eit innlegg frå Knut Werner Hagen gje informasjon og perspektiv på debatten. Som historikar må eg berre slutte meg til Skogrands konklusjon:

"INGEN KAN FRATA GENERAL Fleischer posisjonen som helten fra Narvik. Men det er ingen grunn til å konstruere fantasifulle teorier for å forklare hvorfor han senere ikke ble forsvarssjef i London." 

Eit historisk spørsmål kan med andre ord ha mange fortolkingar. Så spørs det kva forklaringar folk sjølv legg vekt på når dei vel kva dei vil tru på. At mannen var stridbar og omdiskutert viser vel berre at historia ikkje er svart-kvitt i dette tilfellet heller.


tirsdag 24. mars 2015

Narvik, "Vichy-syndromet" og fransk minnepolitikk

Den første minnemarkeringa av gjenerobringa av Narvik frå 1946


 
Fleire nasjonar såg tidleg det minnepolitiske potensialet i kampane ved Narvik i 1940. Frå den første minnemarkeringa i eit fritt Noreg ser vi troppar frå mange nasjonar feire sigeren som ein ikkje kunne markere i 1940. Her ser vi avdukinga av det franske minnesmerket ved Ornesvika. Det er seinare flytta til ein meir tilgjengeleg plass nær E6 (Veteranplassen).

Korfor ville Frankrike minnest Narvik? Det var fleire grunnar til det. Ein var det lite ærerike forsvaret av fedrelandet våren 1940. På kort tid vart dei okkupert og ute av stand til å stå i mot den tyske aggresjonen. Så skjedde den like lite ærerike okkupasjonen som innebar ei forsmedeleg oppdeling av landet i ein tysk-okkupert atlanterhavsregion og eit Vichy-regime som samarbeidde med okkupasjonsmakta i resten av landet. Seinare lanserte Henry Rousso omgrepet "Vichy-syndromet", der han særleg vektla den franske manien etter å diskutere okkupasjonstida. Kritikken gjekk langt i å skulde franskmenn meir allment for å bli så opptatt av okkupasjonen at større samanhengar kom i bakgrunnen. Det heile vart prega av ein sterk "anakronisme", det vil seie at ein heile tida diskuterte krigen i lys av etterkrigstidas eiga samtid, og ikkje dei historiske samanhengane ut frå sine eigne premiss.

Narvik vart eit fyrtårn og lyspunkt i den franske kampen våren 1940. Berre der klarte franske styrkar å lukkast. Det vart halmstrået i motstandsarbeidet som skulle komme. Når Charles de Gaulle skulle regruppere styrkane sine utafor Frankrike var det mellom anna dei som hadde vore med i Narvik som skulle bygge ryggraden i det nye Frankrike. Derfor vart Narvik så viktig for Frankrike.

Dei franske minneseremoniane har vore ein årviss del av Narviks historie. her ved Narvik gravlund, der minnesmerket vart reist i 1954.

Statsekretar Jean-Marie Bockel i det franske forsvarsdepartementet skreiv slik om dette i 2010:

"Kampene i Norge og Narvik var ikke forgjeves. Franskmenn og nordmenn, side ved side, viste en felles vilje til å seire. For Frankrike, tatt i en virvelstorm av sin egen tragedie, blir fremtiden blant annet bygget på denne vilje. Seiersånden fra de norske fjorder ble tatt intakt tilbake til London. Fra fremmed legion soldater blir viljen blåst inn i den nye embrionære organisasjon skapt av general de Gaulle for å forsette kampen. De første elementer som sluttet seg til ”la France Libre” kom fra ekspedisjonskorpset som deltok i Norge. Disse menn som ikke så sammenbruddet og masseutvandringen, skapte den første benbygningen av den såkalte ”la Légion de Gaulle”. Siden sommeren 1940 brant de for den overveldende motstandsånden. Det er av dette fruktbare opphav at general de Gaulle ville skape sine første ledende militære til en stor skjebne, som: Passy, alias Dewavrin, fremtidig arkitekt av BCRA (kontor  for etteretning og  operationsjer), kaptein Koenig, Magrin-Verneret og mange andre."
 
Det var med andre ord dei som hadde vore med i Narvik som skulle gjenopprette Frankrikes ære i tida som kom. Den franske ambassadør til Noreg - Brigitte Collet- sa det slik i 2010, då det igjen var markeringar av frigjøringa av byen i 1940: "Likevel har slaget om Narvik en sterk symbolsk betydning for Frankrike, fordi det var den første seieren over Nazi-Tyskland. Det var også veldig viktig for starten for de frie franske styrkene, fordi mange soldater som kjempet i Narvik tok med seg en seiers- og motstandsånd som de overførte til det frie Frankrike. Overlevende fra ekspedisjonen i Norge var faktisk de første franskmennene som slutte seg til general de Gaulle i London."

Det er dette som gjør at Narvik er viktig. Ikkje byen i seg sjølv eller kampane der, men bruken av kampane i bygginga av den fjerde franske republikken. Den som skulle gjenreise æra til landet etter det forsmedelege nederlaget i mai og juni 1940, og som medførte ein fire-fem år lang okkupasjon.

Og så fekk jo dei franske der heime vite kva som skjedde der oppe i nord gjennom filmaviser på eit heilt anna vis enn ein gjorde i det dels okkuperte Noreg. For Narvik vart ein del av Vichy-syndromet, der det etter krigen vart viktig å rydde ut og rydde opp og gjenskape trua på Frankrike. For som det vart sagt om våren 1940 i fransk historie: "Crushed, humilated, derelict, the entire nation suffered a profound and prolonged traumatic shock" (Henri Michel, 1970: 165). Det er dette sjokket Narvik har blitt brukt til å komme over.
Dei franske ofra og sigeren ved Narvik fekk ekstra verdi i tida som skulle komme i Frankrike. Dei som deltok der skulle bygge ryggraden i Forces Francaises libres (FFL)  i London og inspirere den franske motstandsrørsla i heimlandet

 

 
 
 

 
 

mandag 23. mars 2015

Det var Hitler-Tyskland sin feil

Det var tyske okkupasjonsstyrkar som senka sivile og militære fartøy på Narvik hamn 9. april 1940

Så er vi i gang igjen. Diskusjonane kring aprildagane 1940 er i full gang, og den eine etter den andre kjem med bebreidande anklagar mot regjeringa Nygaardsvold for sitt svik i 1940, regjeringa Gerhardsen for behandlinga av krigen i 1945 og utover. Og for ikkje å glømme forsvaret. Storparten av offiserskorpset var nazivenlege og la gladeleg ned våpen for å overgje landet til okkupanten.Og så var det alt det som er glømt. Det vi medvite har utelatt frå minnet fordi det var for vanskeleg å forholde seg til, for kontroversielt eller mislikt. Glømsel, fortielse og underkommunisert historie, har vore blant dei mest brukte omgrepa som skulle karakterisere denne minnepolitikken, som nokon eller nokre stod for. Sanninga skulle ikkje fram, til det var ho for vanskeleg å hanskast med.

Erfaringsrom og forventingshorisont

Det største problemet er at ein etter krigen har nytta all vurdering av hendingane våren 1940 til å drive etterrasjonalisering. Fordi vi visste kva som skjedde etterpå kunne vi lett forklare det eine og andre ut frå det vi såg skjedde i ettertid. Som historikar må ein forklare hendingane ut frå sine eigne premiss. Då kjem vi ikkje utanom  eit omgrep som "forventningshorisont". Vi trudde heilt og fullt at vi skulle kunne vere nøytral, og våre erfaringar - vårt "erfaringsrom" - hadde gitt oss støtte til det gjennom erfaringa frå den første verdskrigen. Det var derfor overraskande at Tyskland angreip Noreg. Det kom like brått på for oss som det gjorde for Polen, Tsjekkoslovakia, Frankrike, Belgia og Nederland. Ja, til og med Sovjetunionen vart tatt på senga. Dei hadde jo ein ikkje-angrepspakt med Tyskland, så korfor skulle dei få han veltande inn på stuegolvet?

Hitler-Tyskland hadde skulda

Så var dette med skulda for den norske miseren. Kven sin feil var det? Var det utanriksminister Koht, eller han som fekk syndebukk-stempelet saman med Koht, statsminister Johan Nygaardsvold?
Jo, svaret er såre enkelt. Det var Hitler-Tyskland sin feil. Dei og ingen andre. At det norske samfunnet skulle ha brukt store ressursar til å militært stå opp mot det sterkaste industrinasjonen i verda som teknologisk langt ovegjekk oss kva nivå, raffinement og kapasitet gjaldt. Kva er Kongsberg Våpenfabrikk i forhold til Krupp og Thüssen? Kunne vi hamla opp med den tyske krigsmaskinen utan å påføre oss sjølv store sivile, militære og materielle tap? Svaret på desse spørsmåla er nei. Noreg var ingen krigsnasjon, slik Tyskland på få år var blitt. Fleirtalet av norske politiske parlamentarikarar på Stortinget ville det slik. Ikkje berre Ap og Nygaardsvold/Koht.
Eg gjentar det derfor; Tyskland hadde skulda for okkupasjonen av Noreg. Å meine noko anna er som å skulda lettkledde jenter for at dei blir valdteke, fordi dei kler seg utfordrande.

onsdag 4. mars 2015

Hooligan for ein kveld

Eg medgir det gjerne. Fødd og oppvokse under holiganismens tidsalder har eg stor respekt for pøbelskapen som kan følgje ein fotballkamp. Særleg mellom engelske og italienske pøbel kan det gå tøft for seg. For eit par år sida var Tottenham i Roma og fansen deira vart stukke ned på ein pub av lokale fans. Ingen av dei kom frå det laget som skulle spele mot Tottenham. Dei hadde kledd seg ut som dei, for at dei andre skulle få skulda for det. Puben var rasert. Knivane var kvessa, og fleire vart sterkt skadde. Seinare - i fjor vår - var Fiorentina innblanda i ein alvorleg valdsepisode i samband med cupfinalen i Italia. Ein napolitanar vart drept etter bråket. Knivstikkaren var frå Fiorentina. Vi tenkte derfor vårt der vi gjekk nøytralt rundt i byen, og det var med stor respekt for oppgåva vi reiste til Firenze for å sjå mitt kjære Spurs bli slått ut av Europa League, og det lenge før det hadde starta skikkeleg. 16-delsfinale er nesten som å bli slått ut i første runde.

Før kampen var det krisestemning i kulturbyen - Città Bella - som han berre blir kalla fordi han er så vakker og full av kulturminne. I lokalavisa fortalte dei at 1000 politifolk skulle passe på kring 2000 Spursfans. No ville dei unngå øydeleggingar av det kaliber som nederlandske fans stod for i Roma veka før. Det heile starta utafor jernbanestasjonen i Firenze, der bussar vart sett opp for transport til stadion. Dei skulle så visst ikkje ha tusenvis av tullingar gåande rundt i byen på leit etter banen, så vi vart skyssa utanom i buss med eskorte av politi og blå lys. I bussen var stemninga stor og everywhere we go ljoma ut i bussen blant glade Spursfans.

ved stadion stod eit nytt gjeng klar for å ta i mot, og vart i sanning behandla som kveg, leda inn i ei innhenging av stål og betong, passa på av gutar i full carabinieriuniform med kølla, hjelmen og skjoldet klart, mens britiske fans klaga sin naud over at dei måtte legitimere seg for å prove at biletten dei hadde var skrive ut til dei. Køa var lang og legitimeringa tok alvorleg med tid.

Ingen skulle sleppe inn utan legitimasjon vart det sagt, men det var lettare sagt enn gjort. Ein time før kamp var køa enda lengre. Fleire bussar hadde komme med fleire fans, og britane meinte det var eit brot på EUs reglar om fri rørsle å krevje pass. Dessutan var det fleire som var så drita at dei ikkje viste av nokon legitimasjon. Så då måtte ein snakke med sjefen før ein kom inn. Inn og inn, fru blom. Du kom ikkje lenger enn til neste mur av folk som tok seg av kroppsvisitasjon.

Vi hamna i seksjonen med dei tilreisande i trygg avstand frå Curva Ferrovia og den lokale fansen. Buffersona mellom oss og pleksien var betryggande

Vi valte å endre vår strategi frå å vere bortesupportar blant heimefans, til å bli bortesupportarar blant bortefansen. Vi visste jo at det kunne bli bråk. Vi bad derfor om å bli flytta i motsett sving av dei lokale knivstikkarane. Bort frå Fiesole-svingen  og Curva Ferrovia (Jernbanesvingen). Vi tenkte at det kanskje var lurt å unngå ein heil match saman med den bermen, og vi vart dessutan tilrådd å stå saman med engelsk hooligans. Då måtte vi samstundes vere klar over at det var nokre ulemper. For eksempel at vi vart ståande igjen ein halvtime på stadion etter kampen.

Vel, vel tenkte vi, det kunne kanskje ikkje vere så ille. Vi krangla oss inn saman med dei halv- og heildrita bortegutane - the Yid-army. Dei var i god stemning og song sine fine sangar som den om rivalen sin Arsenal. Den slo liksom an tonen:

When I was a little boy,
My mother bought me a little toy,
An Arsenal fan on a string,
Told me to kick his f***in' head in,
Kick his head in, kick his head in,
She told me to kick his f***in' head in.


Leksjon i bannskap langs pleksiglaset

Der var det så tett av folk at det ikkje var plass til alle i stolane. dei må tydeleg ha sluppe inn litt for mange, men vi var ikkje redd for noka nytt Hillsborough , så vi sneik oss berre oppover langs trappa, så stod vi langs pleksien og såg kampen. Den var forresten godt i gang.

Stemninga var god inne i buret vårt, og ein del av dei som var mest drita kasta rundt seg med colaboksar halvfulle av veske. Ingen hadde fått tak i alkohol, for det var ikkje til sals denne dagen. Likevel var storparten på seksjonen drita. Song gjorde dei, og dansa gjorde dei og. Etter kvart som kampen skreid fram og tapet var eit faktum, vart stemninga noko trykkande, og mannen bak Miriam vart ståande å banne mesteparten av tida. Når han ikkje sølte brus nedover pleksien vel og merke. Eit gjeng på eit par tre godt vaksne menn stod også langs pleksiglaset nedafor oss, og dei hadde tydeleg tenkt å avtale slåsskamp med ei lokal tamp som sat femti meter inn på motstandaren sin tribune, bak innhegninga. Hender som viste korleis dei hadde tenkt å kappe av han hauet indikerte også at dei tydeleg meinte alvor. Dei peikte og gestikulerte til lite nytte. Inge lokale ville komme bort til pleksien tête à tête.

Jødeaffinitet, Ajax- og Aberdeen-venar - også Arse***-hat. Det er Tottenhams fanskare i eit nøtteskal
 
 
Etter matchen var det ikkje lagt opp til nokon tiurleik utafor stadion mellom dei lokale og våre heller. Vi vart som vanleg praksis er, halde att i ein halv time inne på stadion før vi fekk sleppe ut. Dei lokale skulle kunne komme seg heim før vi slapp laus og jaga dei, synest å vere logikken, og før vi visste ordet av det hadde det gått nesten ein time sidan sluttsignalet gjekk. I mellomtida hadde Tottenham sine funksjonærar inspisert hærverket på seksjonen vår. Dei dokumenterte kvart eit klistermerke som var sett opp, og om det var ramponert seter eller andre insidentar. På eine veggen hang nokre merke som synte fansen sitt Arsenal-hat, sine jødiske affinitetar og kva klubbar dei samarbeider med internasjonalt som Ajax og Aberdeen. I tillegg eit som sa "F*** FIFA". Nokså harmlaust med andre ord.



Når no timen var gått tenkte vi at, nuh må vi no få sleppe ut.., men nei. Vi vart slusa ut på parkeringsplassen der politiet stod lina opp med lett hånlege flir. Ein Spursfan uttalte: "Look how they are longing to pull the trigger". Vi gjekk sakte ut av stadionområdet i spissrotgang mellom radene av carabinieris. Hjelm, køller og våpen blinka i den mørke kvelden. Var vi endeleg ute av denne unntakstilstanden? Nei, på ingen måte. Ute ved den siste utgangen frå vegen utafor stadion hadde nokre foretaksomme politifolk sett opp ei ny sperring. Først berre den vanlege, eit laust gjerde, så ein stor leddbuss som stod på tvers framfor oss. Spursfansen sitt tolmod var i ferd med å nå brestepunktet. "Det er slik behandling som dette som skaper problem i fotballen", ropte ein til dei ventande væpna styrkane framfor han. Ein del av dei andre skjellsorda som hagla var av så alvorleg art at han truleg skal vere glad for at ingen av dei lokale skjønte engelsk. Rett skal vere rett; det er provoserande å sjå på måten folk blir behandla på av italiensk politi i samband med fotballkampar, og resultatet er også nedslåande. Tilskodartala er dalande. Ingen gidd å utsette seg for denne misæren.

Til slutt fekk vi omsider velte ut av stadionområdet, og det heile såg ut som ein horde av ville sauar som hasta rundt kvartalet og over mot jernbanen der gangbrua ville leie flokken mot bysentrum. Eg og Miriam lurte oss av over vegen rett før og drog rett inn på den kjente lokale restauranten Zanzibar, som hadde ein ledig plass for to, midt i klynga av lokale fotballfans som snart var ferdig med måltidet sitt. Dei hadde vore der i vel ein time, og eit par av dei la to og to saman når dei hørte vårt tungemål, og smilte triumferande til oss i sine fiolette habittar.

Så kom servitrisa vår og tok opp bestilling. Vi tinga vin og vatn, men fekk som svar at dette var den eine dagen i året det ikkje kom til å bli servert alkohol. Grunnen var Totteham Hotspur sine fans. Med lettøl og det sedvanlege toscanske kjøkkenet vart ikkje så verst likevel. Det skal vere sikkert at det ikkje alltid er like greitt  å vere hooligan for ein kveld.