torsdag 27. januar 2011

Håkon & Haffner heilt på trynet i Arkitekturens år 2011

Bodø reiste seg som "Fugl Fønix" av asken etter 1940. Det var langt frå Albert Speers Naziby i Berlin til det som reiste seg i Salten. Håkon & Haffner ser ut til å ha bomma kapitalt i si historieskriving
Amundsen og Nansen får ha meg unskyldt. Det er Arkitekturens år i år, altså i samband med 100 årsjubileet til Norske Arkitekters Landsforbund (NAL). Dette har resultert i ei NRK-satsing på arkitektur kalla "Håkon & Haffners byggeklosser". Kvar måndag nokre veker framover kan du få eit hesblesande show av to wannabe fagfolk innafor traden, men for Guds skuld; ta ikkje alt for god fisk, for makan til tøys vi fekk servert sist har vi sjeldan sett.


Poenget var at Hitler og Albert Speer hadde skapt mesteparten av byane i Noreg i eit slags Nazistisk visuelt bilde. Det gjald særleg dei 23 tettstadene som vart øydelagt av tyske bombefly våren 1940. Dei gamle og tøysete påstandene vart kolportert vidare av dei to fiffige og veldressa gutane, utan nokon form for kritiske spørsmål. Dette er programmet som i programomtalen meiner at dei "på humoristisk vis" og "med nytt blikk" skal gje oss nye perspektiv på vår arkitektur. Desverre makta dei ikkje dette. Alt var gammelt sludder. Det er derimot ikkje den forskinga som er gjort på gjenreisingsbyane i Noreg dei siste åra, både i Tromsø og Trondheim. Her er nettopp perspektivet at det var stort rom for lokale tilpasningar og at dei gamle byplanane frå før krigen vart tatt inn i og vidareført i dei nye planane.

På ein spekulativ måte hadde Håkon & Haffner kryssklipt intervju med Albert Speer der han uttalte seg om den nazistisk inspirerte arkitekturen i Berlin, for så å gje sjåaren inntrykk av at han snakka om Kristiansund eller ein annan av dei norske krigsherja byane. Kan du forresten sjå skilnaden mellom Bodø over frå ca 1950 og planane for Berlin?
Reguleringsarkitekt Claus W. Kamstrup, ved BSR-kontoret i Bodø utarbeidde eit omfattande oversyn over ”Bodø byplan” i 1950-51 i form av eit lite hefte med kartvedlegg. I heftet ga han eit kort riss over byplanhistoria for byen i Salten fram mot krigsbrannen i 1940. Kamstrup betonar definitivt dei historiske røtene bak Bodøs gjenreisingsplan. Det er reguleringa av byen frå 1920-åra som blir vidareført i den nye planen, skriv Kamstrup og syner til bakgrunnen bak planarbeidet i 20-åra, som hadde sin bakgrunn i to sentrale hendingar. For det første hadde det vore jernbaneundersøkingar i 1917, som gjorde det klårt at byen måtte legge til rette for den nye tids kommunikasjonar. Særleg presserande var det for byen og sjå jernbaneetableringa i samanheng med hamneutbygging. Det andre viktige momentet var den raske veksten i utbygginga av bustader innafor det området Kamstrup karakteriserte som ”de åpent bygde strøk”,  særlig i området ved Rensåsgata og sør for denne. Det var behov for å få ei tidsmessig regulering av denne byggeveksten, skriv Kamstrup.[1]

I historieframstillinga til reguleringsarkitekten er det liten tvil om at byen handterte gjenreisinga sjølvstendig og uavhengig. Alt i juli 1940 ”henvendte formannskapet seg til arkitekt Kristofer Lange med anmodning om å fremkomme med forslag til regulering av brannstrøket”, skriv Kamstrup i sitt grundige notat Bodø byplan.[2] Dette var lenge før Speer og co hadde tatt kontroll over planarbeid frå Berlin, langt mindre Joseph Terboven og Rikskommissariatet i Oslo. Det var slett ikkje tilfeldig at det nettopp var Lange dei lokale styresmaktene kontakta. Det var jo han som hadde første-premie-utkastet til konkurransen om byregulering i 1920. Det var dessutan Lange sin byplan ein hadde bygd på fram til krigsherjingane i 1940.
I mellomtida held altså dei som  gjev seg ut for å vere ekspertar på byutvikling fram med å feilinformere folk om forholda rundt byreguleringa under krigen. NRK må få stoppa dette tullet! I det minste må nokon få sjanse til å justere dette inn. Alt kan jo ikkje berre dreie seg om å gjøre det humoristisk og på ein ny måte. Det heile må jo ha substans, og desverre "Håkon og Haffner"; det var historisk sett heilt på trynet!
Det er faktisk ganske alvorleg at ein går rundt å karakteriserer noko for å vere nazistisk når det ikkje er det. Tenk om det var bror din?


[1] Kamstrup: Bodø byplan. Hovedtrekkene i dens utvikling og reguleringsarbeidet som er utført av Brente Steders Regulering: 10. BSR-arkivet AiN 1946-51: 



[2] Kamstrup: Bodø byplan. Hovedtrekkene i dens utvikling og reguleringsarbeidet som er utført av Brente Steders Regulering: 10. BSR-arkivet AiN 1946-51:



torsdag 20. januar 2011

Då Holocaust kom til Narvik

Den 27. januar markerer den internasjonale Holocaust-dagen. Det dagen då sovjetiske styrkar gjekk inn i konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Først då fekk ein oversyn over omfanget av nazistiske overgrep, hovudsakleg retta mot jødane. I denne leiren hadde også ni av 15 jødar frå Narvik døydd som ledd i Holocaust.
Samuel Fischer frå Narvik døydde berre 35 år gamal i Auschwitz i 1943. Her fotografert saman med Inga Kristoffersen i glade dagar i Ofoten.

Tiltak mot Holocaust-fornekting
Det var i 2006 FN tok initiativ til minnemarkeringa som både skulle ære alle ofra etter Holocaust og samstundes styrke respekt og verdigheit for enkeltindividet. Dessutan ville FN feire mangfald, styrke menneskerettane og slå ned Holocaust-fornekting. Det siste var kanskje viktigaste, då antisemittisme vann fram, hand i hand med andre formar for diskriminering.                   
                         Norske krigserfaringar
                         Den norske krigserfaringa lærte oss verdien av å stå i mot totalitære regime  og diktatur, men også om korleis rasediskriminering med under- og overordning av raser fungerte i all sin gru. Nordpå såg vi korleis jugoslaviske og sovjetiske krigsfangar vart pint til døde, og først seinare fekk vi vite om våre eigne forfølgde sine opphald i fangeleirar i Noreg og på kontinentet.
Politifolk blir fjerna
Frå Narvik vart det for eksempel sendt fire politifolk som ikkje let seg kue til leiren Stutthof i Polen. Ein av Narvik-gutane, Rolf Berg sa til Fremover i 1995 at unge menn i sin beste alder fekk høve til å arbeide seg til døde i leirene, medan kvinner, barn og eldre blei rekna for uproduktive, og gassa i hel. Trass i prøvelsar fekk dei ikkje den same hardføre behandlinga som dei verst utsette. Berg var norsk og fekk rasjon og arbeidsbyrde av anna kaliber enn jødar, sigøynarar og andre såkalla ”undermenneske”.
Caplan-familien sin lagnad
Kjøpmannen Jacob Caplan kom ikkje tilbake til Narvik etter krigen. Han var blant dei første arresterte jødane nordpå, da familien vart vekt av støy utafor huset i Øvre Promenadegate 18. juni 1941. Ved megafon ropte politiet at alle menn måtte komme på gata, og deretter vart Caplan deportert sørover saman med faren og fire brør, og fleire andre jødar frå landsdelen, deriblant Martin Fischer frå Narvik. Livet enda i ei tysk konsentrasjonsleir, slik det også gjekk med Narvik-direktør Isac Pickelner.
                        Mirakel for Sara, Sammy og Harry Caplan
Men kona til Caplan, Sara og sønene Sammy (Salomon) og Harry, berga livet på mirakuløst vis. Dei vart arrestert og sendt til Bredtveit fengsel i Oslo i november 1942. I kaoset under eit bombeangrep på Bredtveit fekk Sara hjelp til å rømme av en tysk offiser. Etter ein rask operasjon var dei tre på veg med tog til Saras fødeby København, der dei gjekk under jorda, før dei rømte i hui å hast til Sverige med ei fiskeskøyte i 1943. Den danske motstandsrørsla var meir aktiv enn den norske i redninga av danske jødar, men så hadde dei betre vilkår for å få folk til Sverige. Etter krigen budde Harry i USA. 
Familien Fischer
Familien Fischer, var  jødar etablerte firmaet «Narvik herreekvipering» då dei kom til byen på 1920-tallet. Firmaet låg i Kongens gate 14 der Posten og Politiet er i dag. Overfallsdagen 9.april 1940 rømte familien til Skjomen saman med den jødiske familien Caplan. Der vart dei til dei allierte kapitulerte 10.juni, men Abel Fischer og onkelen Samuel var overtydd om at jødar gikk utrygge tider i møte. Dei tok seg derfor til Sverige same sommaren.  
                        Jødearrestasjonen i Narvik
Då vakthavande ved Narvik politikammer kom på jobb klokka 24.00 den 25.oktober 1942, låg arrestordren på resten av dei mannlege jødane i Narvik på pulten. Oscar Emanuel Bernstein, David, Samuel og Wulf Fischer vart arrestert, og for at ingen skulle sleppe unna måtte arrestasjonen skje før klokka seks. Dei fekk berre med undertøyskift, strømper, spisebestikk, rasjoneringskort, toalettsaker og legitimasjon. Arrestordren var underskriven av ein sentral NS-mann i byen, tidlegare sekretær for Nazi-ordføraren, no politiløytnant.
                        David Fischers feilgrep
David Fischer hadde vore saman med Abel i Skellefteå, og etter ei tid der gjorde han det feilgrepet at han reiste tilbake til Narvik for å hjelpe broren med forretningane. Abel Fischer advarte han, men onkelen var urokkeleg: «Hadde han hørt på meg, kunne han kanskje ha levd i mange år. I stedet endte han sitt liv i Auschwitz tre år seinere», forklarte Abel 50 år seinare.
                        Mange jødar arrestert
Jødearrestasjonane i Narvik som i resten av landet skjedde raskt og utan varsel takk vere eit lojalt politikorps og samarbeid med lokale nazistar. Abel Fischer var sår då han seinare hørte at arrestasjonen av faren Martin, mora Bertha, søskena Wulf,  Idar og Lilian, og onklane Samuel og David vart gjennomført med støtte frå angivarar og lokale nazistar. Med på arrestasjonane var folk familien kjente frå lenge før krigen. Ein annan grunn til at få jødar slapp frå det i live, var at dei ikkje skjønna faren for å bli arrestert og deportert. Far til Abel trudde ikkje slikt kunne skje i fredelege Noreg. Han døde i gasskammer i Tyskland. Alle jødar vart dessutan kartlagt, og fekk stempla «J» som symbol for jøde i passet. Med slike pass fekk dei ikkje reise, og vart effektivt halde på plass.                     
Borch-Johnsen reddar Oscar og Sara Bernstein
Ekteparet Oscar og Sara Bernstein fekk derimot hjelp av motstandsrørsla. Då Oscar skulle arresterast, vart han innlagt på Narvik sykehus med ”magesår”. Slik unngikk han å bli skipa i veg med dei andre jødane. Då han vart arrestert att, nekta sjukehuset å skrive han ut før han var frisk, og han vart innlagt i fem månader. Kona Sara vart arrestert og sendt til Bredtveit i november 1942, men fordi tyske ordre sa at kvinner ikkje skulle deporterast utan ektemakar, vart ho returnert til Narvik. 25.mars 1943 vart paret atter arrestert for deportasjon. Dei vart henta og kjørt til ein ventande båt i hamna som skulle gå fire timar seinare. Oscar Bernstein ba om å få vente på sjukehuset til avgang, og då transporten vart forpurra ei veke, kom ordren om å fengsle Bernstein. Overlege Borch-Johnsen hadde då skaffa legeattest, og Bernstein slapp å sitte i arrest. Deretter utførte XU-leiaren Borch-Johnsen fleire krumspring slik at Oscar og Sara Bernstein kom seg med tog over til Sverige: Først utførte han ein medisinsk «liksomoperasjon». Deretter hjelpte han til med flukta med jernbanen, der lokomotivførar Gustav Bengtzon gjømte ekteparet i kolkassen i lokomotivet. Frå loket vart dei smugla inn i ei tom, plombert godsvogn oppe på fjellet, og vidare over grensa.
                        Minnearbeid er viktig      
I dag er det lite att som minner oss om det jødiske innslaget både i Narvik, og andre nordnorske byar. Det trass i at landsdelen òg var del i det omfattande antisemittiske prosjektet Holocaust. Derfor er det viktig og minnest om det som skjedde her, fordi flesteparten av dei som kan fortelje om det vart tatt av dage. Berre gjennom slikt minnearbeid kan vi ta vare på FN sine intensjonar om respekt og verdigheit for enkeltindividet, feire mangfald og styrke menneskerettar, og hindre Holocaust-fornekting. Det skuldar vi Isac Pickelner, familiane Caplan, Bernstein og Fischer, og alle dei andre som mista livet eller vart merka som følgje av Hitlers ideologiske skrekk-regime.

Jødar frå Narvik som døydde i Auschwitz i 1942-43

Fam.-namn
For-namn
Fødd
Yrke
Arrestert
Deportert
Skip
Død
Alder
Pickelner
Isak
1887
Direktør
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
Jan 43
55
Caplan
Jacob
1903
Kjøpm.
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
19.3.1943
39
Fischer
Bertha
1897
Husmor
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
3.3.1943
45
Fischer
David
1899
Bedrifts-eigar
26.10.1942
26.11.1942
Donau
1.12.1942
43
Fischer
Martin
1895
Kjøpm.
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
5.1.1943
47
Fischer
Samuel
1907
Bokf.
26.10.1942
26.11.1942
Donau
12.1.1943
35
Fischer
Wulf
1922
Bonde
26.10.1942
26.11.1942
Donau
1.3.1943
21
Fischer
Lilian
1928
Skole-elev
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
3.3.1943
14
Fischer
Idar
1931
Skole-elev
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
24.3.1943
11

søndag 2. januar 2011

Kongsbakken fornektar seg ikkje

 I romjula spurte ein av lærarane på Konsbakken vgs kven eg var og gav alle uinnvidde kjennskap om det. Bakgrunnen var at eg hadde stilt alvorlege spørsmål ved eit forsøk skolen hadde fått innvilga. Bakgrunnen for søknaden var ein Søknad for å redusere rettebyrden for norsklærarar, som avdelingsleiaren hadde presentert i kronikk like før jul i Norlys.

Innlegget mitt 23.12. med innvendingar mot Nordlys-kronikken, falt Sonja Arnesen tungt for brystet. Kronikken til avdelingsleiaren ved Kongsbakken skapte debatt, og agressivt gjekk ho meg i møte. Eg viste til at skolen ikkje hadde sett seg tilstrekkeleg inn i reglane for forsøk, og at forsøket formelt vart godkjent langt inn i skoleåret. Ho mislikte også at eg karakteriserte informasjonsflyten som dårlig. Skolen har til dømes ikkje gitt foreldra høve til å velje om dei ikkje vil vere med i sitt postlagte brev av 1.november 2010.(Merk datoen!) Forsøket er eit “fait accompli”. Det normale er å be foreldra om å returnere ein svarslipp der dei svarar på om dei vil at eleven skal ha alle tre norskkarakterane eller ikkje. På Kongsbakken har ein ikkje gjort det.
Som far til ein son i første året i vidaregåande skolen har eg interesse av kva skolen held på med fordi slike “forsøk” smittar til andre skolar. Kongsbakken sitt” forsøk” er t.d henta frå Fana, og det pågår kampanjar mellom anna på Facebook der enkeltpersonar vil ha ein karakter i norsk fordi rettebyrden er så stor.
Skolen skal ikkje leve sitt eige anonyme liv, utan innverknad frå resten av samfunnet. Det var vel det som var vitsen med avdelingsleiaren sin kronikk i saka, og det er meininga med mitt innlegg. Nynorsklaget vil delta i samfunnsdebatten som alle andre.
Vi har også følgt liknande forsøk med argusauge, fordi dei i mange tilfelle skjuler kampanjar mot skriftleg nynorskopplæring i skolen. Vi meiner norskfaget ikkje skal mangle nynorsk, og konstatererer at forsøk i Revetal og Bugården i Vestfold og Mosvika i Nord-Trøndelag har mål om det. Desse sakene har også engasjert andre (http://www.nynorsklaget.no/UserFiles/File/Nynorsken%20til%20livs%20som%20forsk%20med%20fritak.pdf). Mellom anna har statsrådane Clemet, Djupedal, Solhjell og no sist Halvorsen, alle har måtta forhalde seg til dei. Kongsbakken blir no assossiert mad andre skolar som har useriøse såkalla “forsøk”. Vår rapport viser òg døme på andre forsøk i vidaregåande skole av tvilsom art.
I desember hadde Trine Skei Grande eit spørsmål i Stortinget om Kongsbakken-forsøket. Statsråd Halvorsen understreka i sitt svar om Kongsbakken, at “[E]levene må få grundig informasjon om ordningen og den skal være frivillig”. Når saka er komme til Stortinget reknar vi med dei også vil følgje med på kva Kongsbakken gjør.
Våre undersøkjingar har også vist at slike forsøk ikkje er evaluerte eller manglar haldbare rapportar og evalueringar. Evaluering er heller ikkje etterlyst av dei ansvarlege og Utdanningsdirektoratet har ikkje pålagt nasjonal evaluering, og har heller ikkje tenkt å gjøre det. Det gjør oss bekymra. Når Kongsbakken har fått lov til å starte forsøket sitt utan definerte evalueringar, er det grunn til å spørje om verdien av det. Kongsbakken har ikkje fortalt kven som skal evaluere, kva tid det skal skje og korleis ein har tenkt at det skal gje oss ny kunnskap om korleis elevar skal bli betre å skrive norsk- både bokmål og nynorsk. Forsøk utan klare målsettingar er etter vårt syn utan verdi.
Etter Kongsbakken sitt engasjement i saka så langt skulle ein tru at dei alt har avgjort at “forsøket” er vellukka.
Foreldre bør også vere bekymra for karaktersettinga i norsk for sin son/dotter. På kva måte vil ein orientere elevane om korleis ein ligg an i dei ulike delane av faget for å synleggjøre utviklingsmål i munnleg, nynorsk og bokmål? Dei som stryk i delar av faget, vil stryke i heile faget, og må ta alt på nytt. Dette er ein direkte ulempe elevar vil kunne få. Med normalordninga vil ein kunne stå i munnleg og bokmål om ein stryk i nynorsk.
Den viktigaste innvendinga vår er at talet på vurderte skriftlege innleveringar blir redusert, og det var tydeligvis meininga sidan ein ikkje vil “produsere så mye karaktergrunnlag”, som det har blitt skrive frå Kongsbakken. Bak forsøket ligg det eit ønskje om mindre retting. Dette står i strid med elevane sitt behov om meir skriftleg trening målt med karakter. Ved normalordninga ville dei fått meir skrivetrening. Det sikraste er uansett å følgje ordninga med tre karakerar, fordi det set eleven best i stand til å møte karakter- og eksamenskravet til avsluttande eksamen i norsk.