torsdag 17. mars 2011

Den raude prinsen

Berre ein person klarer seg gjennom nasjonaldagsfeiringa i Italia; Giorgio Napolitano. Fordi han er så lik Umberto II blir han kalla "Re Umberto" (Kong Umberto), og fordi han har tilbøyelegheiter i sosialistisk retning har han også fått tilnamnet "Il Principe Rosso" (Den raude prinsen). Han er den snille gamle mannen som kongen illuderer i våre snille land i Norden. Den gamle snille mannen som ikkje gjøre nokon vondt. Han som kjem inn frå sida å seier dei rette tinga når nasjonen treng ein oppstrammar. Han som trøstar med tillit når jordskjevet rammar. Han er den som samlar når det ser som verst ut etter politisk spild. Talen hans i går vart godt mottatt.
Talen til den gamle kommunisten. Han som støtta den sovjetiske invasjonen i Ungarn i 1956. Alder gjør kanskje klok?

Statsministeren her i landet er ikkje i stand til å spelle ei slik rolle, naturleg nok. Han er ikkje vaksen nok til det. Heller ikkje fornuftig nok. Viss Giorgio Napolitano er kongen, er Berlusconi narren.

Snart går Napolitano av og då er det mange som er bekymra for kva som skjer. Vi fekk ein smak av korleis folk forheld seg til slik i går, då det under seremoniane i Roma vart bua og pipe då Berlusconiregjeringa sin forsvarsminister skulle helse folket. Han pilte avgarde etter ein kort appell, uønskt av det folket han er sett til å tene. Kanskje ikkje så rart når folket får eit lik heim frå Afghanistan nesten kvar månad under hans teneste.

Til og med ordføraren i Roma, ein tydeleg fascistist politikar, fekk det glatte lag av sine eigne på festdagen. Då er det noko anna med Napolitano.

onsdag 16. mars 2011

Italia og konstitusjonen

Italia er ingen bordell!
Det pågår ein aldri så liten kamp om grunnlova til Italia for tida. Sterke krefter vil rive sund konstitusjonen og lage en føderal stat etter mønster frå Tyskland eller kanskje USA. Bak det heile skjuler det seg vel eigentleg ein slags mattheit overfor staten si maktesløyse overfor dei store problema nasjonen står overfor. Kan ikkje regionane fikse det sjølv, meiner mange.

I dag er det Berlusconi si regjering som står i bresjen for oppløysinga, og i denne har han eit heia-gjeng frå rike nord i partiet Lega Nord. Dei vil helst sleppe å slepe på det fattige sør, og det politisk korrupte Roma som berre er til last for dei alle. I dag er det fem regionar som har eit visst sjølvstyre på fleire felt; blant anna Sicilia, Sardinia og tyskspråklege Alto Adige (Süd Tirol).

Sist helg var det markeringar i dei største byane til forsvar for nasjonen og konstitusjonen. Mange miljø er redde for at ei oppsplitting kan gje amerikanske tilstandar, og at fattige regionar skal falle ned i ei sump av avmakt dersom ikkje nasjonen stør dei. I tillegg vil allmenne rettar kunne avskaffast i visse delar av landet. Det kan mellom anna gje vilkårleg behandling av minoritetar. Frå Süd Tirol har det til og med komme ein del klagemål over at den italienskspråklege minoriteten blir diskriminert. Der har ein av politikarane forlanga språktest på tysk for dei som vil bu i regionen, ikkje berre italiensk-test. Frå den delen av landet er det heller inga entusiasme kring dagens feireing av 150-års italiensk samling.

Ei av parolene under markeringa for konstitusjonen var "Italia er ingen bordell", med klåre henvisningar til Berlusconi sine siste eskapadar. Han kan kjøpe prostituerte til sin "Bunga Bunga"-show, men han sel faen ikkje konstitisjonen i same slengen! Tida vil vise; kanskje blir homofili forbode på Sicilia og i Campania i framtida? Kanskje blir det påbode med tysktest for alle flyktningar som vil bu i Alto Adige? Kanskje må sicilianarane sjølv hanskes med flyktningestraumen til Lampedusa frå Lybia og Tunisia? Det er ikkje sikkert at det lengre er eit nasjonalt ansvar for dette når Berlusconi har selt konstitusjonen. Nasjonsbygging er ikkje lett i våre dagar. Berre spør Gadaffi og Mubarak.

Det skal god rygg til ...

...for å bære gode tider..

søndag 13. mars 2011

Fotballdraktens utvikling

Vi hugsar det godt frå tv-bileta i 1970, og finalen mellom Brazil og Italia. I mål for Italia stod den same keeperen som skulle delta i fire sluttspel mellom 1970 og 1984, Dino Zoff. Han er rangert som det 20-århundres tredje beste keeper og har 112 landskampar for Italia. Som 40-åring vart han verdsmeister i 1982. Då var han også kaptein på vinnarlaget til Italia.

Det fantastiske er likevel at han stod i mål i ein ullgenser. I Mexico og Spania sågar på varmaste sommaren; i ullgenser. Beviset ser du her. Ein flott ullgenser for ein av dei beste keeprane verda har sett. Kanskje det var greitt slik? Kanskje ville det blitt kaldt med noka anna? Dette var jo på den tida eit italiensk forsvar hermetisk stengte igjen bak seg. Dei regelrett nekta å sleppe inn mål. Catenaccio vart det kalla, og på italiensk betyr det dørbolt. Dei stengte døra av. Systemet kom frå Sveits og Austerrike i tida før krigen, men det var Italia som skulle bli berykta for det ultradefensive systemet på 1960- og -70-talet.

Mellom 1972 og 74 spelte Dino samanhengande 1142 minutt utan baklengsmål i internasjonale turneringar.
I ullgenseren.

torsdag 10. mars 2011

Arkitektur og paradoks

Av verdas mange store paradoks finn du eit av dei i Firenze, renessansens vogge i kunst, kultur og arkitektur. Bygget du ser er faktisk universitetet i Firenze sitt. Du skulle kanskje ikkje tru det, men det er fakultet for arkitektur som held til der. I kanskje eitt av Firenzes styggaste bygningar. Kanskje det ligg eit pedagogisk argument i det? Kva veit eg. Det må gjøre noka med ein framtidig arkitekt å gå inn og ut av dette bygget og ut i gatene der det eine praktverket etter det andre finst.

tirsdag 8. mars 2011

Fotballdraktar


I mange år har eg samla på fotballdraktar. Har drakten til Burnley, Cardiff, Chievo, Espanyol, Barcelona, Livorno, Roma, Palermo, og sjølvsagt mitt kjæraste lag Tottenham Hotspur. Den første drakten til Spurs kjøpte eg på postordre i 1981. Eg tinga drakten ved å sende ein kryssa skjekk via Nordlandsbanken sin filial i Rønvika til Barclays Bank ein eller annan stad i London. Prisen for drakten var den same som summen det kosta å sende skjekken, og så kom porto og ekspedisjonsgebyret i tillegg. Problem var det også å regne ut kor mange yards eg var, eller stone eller inches eller ...
Drakten kom, og den gong hadde laget ein spelar frå Argentina på laget som heitte Ossie Ardiles. Han var stor, men lite visste vi då at han som har brukte den vedlagte drakten skulle bli enda større, ja nærmast få gudestatus. I dag heng drakten hans på det italienske fotballmuseet som ein museumsgjenstand mange ville betalt store summar for å eige.Nummer 10. Drakten til Diego Armando Maradona. Min drakt. Den tar eg fram med jamne mellomrom, og ja, eg får han på meg enda..

På kamp

Har lenge fornemma det. Fotballen er interessant for den jamne italienar, men entusiasmen er det dårlegare stelt med. Etter eit knippe matchar her, har eg erfart dette. Både i Roma, Livorno og Firenze. Ein kamp i Firenze med 15 000 på tribuna i fint vårver er liksom dauare enn ein kamp på Aspmyra med 4 000. Folk sit der berre og smågestikulerer og kosar seg. Dama bak et peanøtter etter å ha renska skallet bort først, mens du kjenner beina hennar i ryggen når du lener deg bak. Dei som syng står i svingen. Det er liksom der dei skal vere dei som vil komme med litt engasjement. Resten er fritatt frå den slags. Ikkje ein gong etter den tredje feilt idømte femmeteren til Catania vart det særleg liv i leiren. Kor blir det av passionen og engasjementet? Ikkje ein gong ved skåringane gidda folk reise seg for å feire skåringa. Værre enn Alfheim med andre ord. Der ville det uansett i løpet av kampen bli dratt i gang eit eller anna kamprop på stadion. Kor unisont og lite fantasirikt det enn høres ut når 4600 pesonar kaukar ei forkorting av eit idrettslag ut i kor; det skaper engasjement og liv.
6.mars i steikande sol, vann Fiorentina på heimebane over Catania. Trass tre mål vart det ikkje det store engasjementet. PS! Det vart fleire på hovudtribunen når kampen starta.
Neste gong du ser ein italiensk kamp på tv skal du legge merke til kor lite folk der er. Neste halvtomt, eller halvfullt dersom du er slik skrudd saman. Folk sviktar, engasjementet er privatisert til svingen. Resultatet då? 3-0 til Fiorentina i ein grei match der det siste målet utmerka seg som den klåraste offsiden i dette århundret, men alle som følgjer italiensk fotball veit jo at dommarane er kjøpt og betalt. Det er kanskje ein av grunnane til at folket sviktar? Men det får vere ei anna historie.

torsdag 3. mars 2011

Til frisøren

Eg var hos frisøren på Piazza Libertà (Fridomsplassen) her om dagen. Eg tinga time dagen i forvegen og troppa opp etter ein par kafferastar i nærheita. Rute 7 frå Fiesole gjekk ned dit på 10 minutt, og når timen var kl 1800 og bussen gjekk 1702, skjønnar ein kor effektiv bussreisa er her i byen. Forresten er det eit problem at nesten alle bussane her er før ruta.
Nede i Via D. Minzoni, skrått mot Piazza Libertà ligg det ein bokhandel med kafè. Den velkledde og høflige bokhandlaren har ein forkjærligheit for jazz, og i dag flaut dei smekraste tonar av Miles Davies ut av anlegget; Sketches of Spain...

Kaffen, ein enkel espresso og ein grov Corissant med sviskesyltetøy kom på den nette sum av 1,20, og då fekk ein lest La Repubblica attpå i dei gjennomsiktige, fargerike plaststolane. Der slo ein mellom anna opp siste nytt om diskusjonane av konstitusjonen i dette merkelege landet som diskuterer å endre grunnlova i føderalistisk lei, samstundes som dei planlegger 150-årsmarkeringa for opprettinga av staten Italia.
Symptomatisk skal feiringa skje i Torino 14.-15.mai, og ikkje i det politiske sentrum Roma eller finanshovudstaden Milano. Det fører vel til at kritikarane i sør får sitt å klage på; Nord har og får alt, hører ein ofte frå Napoli og Palermo.

I Fertilia, Sardinia står dette minnesmerket over dei italienarane som vart tvangsflytta frå Jugoslavia i perioden 1945-47. Her måtte dei pent finne seg ein ny heim, langt frå heimtraktene sine.
Frisøren på Piazza Liberta, då? Han skal vi komme tilbake til ved eit anna høve, med eit komparativt blikk både på Nikita og barberaren på Sicilia. Forresten heiter regionavisa her i byen La Nazione, og vart stifta i 1858, midt under samlingsprosessen den gongen. Korleis det skal gå med den italienske nasjonen er ikkje godt å vite. Her er ikkje nasjonsbygging like lett som hos oss.

Hos bokhandelen kom eg ut med ein vakker gråpapirpose med ei bok om dei etniske italienarane som vart tvangsflytta etter krigen frå Istria, Fiume og Dalmazia i dagens Slovenia og Croatia . Mange av dei havna i den nye mønsterbyen Fertilia, som Mussolini etablerte på Sardinia i 1930-åra. Ei trist historie som påførte mange menneske mye sorg, men kven har sagt at det skal vere lett bestandig?