mandag 7. juni 2010

7. juni 2010 - ein merkedag

I dag er det 70 år sidan ein flyktande konge rømte landet då han gjekk ombord i den britiske kryssaren Devonshire i Tromsø. Fem år skulle gå før han returnerte til landet, og i motsetning til ei rad andre flyktande monarkar, fekk kongen komme att til Noreg etter at den tyske okkupasjonen var over i 1945.
Kongefamilien sin flukt til Storbritannia med regjeringa vart den definitive slutten for det sjølvstendige Noreg, og tre dagar seinare la styrkane ned våpna ved Narvikfronten, etter å ha pressa den tyske okkupanten lenger og lenger inn i fjellheimen mot Sverige. Då hadde utviklinga på kontinentet gjort det nødvendig for britar og franskmenn å evakuere sine styrkar stille og rolig.

Dagen for flukten var også viktig. Det skjedde nøyaktig 35 år etter Unionsoppløysinga med Sverige, då Stortinget gjorde slikt vedtak:  "Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder, da Hans majestæt kongen har erklæret sig ude af stand til at skaffe landet en ny regjering, og da den konstituionelle kongemagt saaledes er traadt ud af virksomhed, bemyndiger stortinget medlemmerne af det idag aftraadte statsraad til indtil videre som Den norske regjering at udøve den kongen tillagte myndighet i overenstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende lov - med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge."

Denne erklæringen gjorde at Kong Oscar II sette kaffen i vrangstrupen, og resten av Europa måpte. 7. juni-vedtaket oppløyste unionen i ei nøye uttenkt bisetning til bisetninga. Arkitekt var Christian Michelsen, statsministeren som førte Norge ut av unionen med Sverige og gjorde landet sjølvstendig.

Så opp med flagget for 7. juni. Dagen då vi først fekk tilbake og seinare mista sjølvstendigheita. Med til soga hører det at 7. juni også var dagen då Kong Haakon returnerte til Oslo i 1945.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar