onsdag 1. april 2015

Bygningsvern, byutvikling og kulturhovudstaden

This is going to be New, var mottoet som Bodø tok i mot verda på for nokre år sidan. Litt seinare snakka alle om "smart city". Bodø skal bli genial etter at flystripa er flytta. Alt peikar framover, alltid framover. Ingen ser seg tilbake. No kjem  søknadsprosessen for å bli kulturhovudstad, også det er eit frampeik. Bodø har bygd kulturkvartalet og skal bli eit regionalt senter for kultur.

Stopp en hal
Men stopp no ein hal. Kva gjør vi med "gamlebyen", den byen som ligg der og alltid har vore sentrum av Bodø? Her slår vi ned kvartal for kvartal i eit tempo som liknar snauhogsten i regnskogen i Amazonas. Svenskebyen, eit historisk monument over krigens herjingar, er verna, men inneklemt mellom stadig høgare betongblokker bygd i regi av Consto, Gunvald J. og dei andre i eigedomsbransjen. For det er dei som driv utvikling av "bygningskulturen" i denne nye byen. Snart ventar eit nytt kvartal, og då ryk for eksempel "Ramek-gården", med sin karakteristiske ark nede i Sjøgata. Bygget er ein fin markør av den typen bygningskultur som kom i Bodø under gjenreisninga av byen etter 1945, og fleire av dei bygga som står der som tidstypiske eksempel på slik arkitektur er teikna av landets fremste arkitektar som Blakstad, Munthe-Kaas, Lange, Irgens, Pedersen, Lund - for ikkje å glømme Knut Knutsen (Gustav Moe-gården). Er det ikkje på tide å stoppe litt opp no? Korfor skal vi rive delar av det gamle sentrum, når det snart står så mye jomfrueleg areal klart til dei same byutviklarane? Er det ikkje på tide med ein "time out"? Fortidsminneforeninga, Salten lokallag meiner det ville vere ein kulturhovudstad verdig.

Då krigen var omme kunne Bodø starte arbeidet med å lage ein heilskapleg byplan (vedtatt i 1951). Rådhus og domkirke vart lagt oppe på brinken over det kommersielle sentrum. Grøne lunger og brannbelter kom også opp. Torget vart regulert på nytt og gatene retta ut for framtidig bilbruk. Forretningsstrok, hamne- og lagerområde vart fordelt sonevis, og rundt la ein hagebyen, der bustadhus fekk ein lite grøn flekk rundt husa. Byggehøgda var også strengt regulert. Byen vart smartare enn før, og tok omsyn til tenking om luft og lys, solingsvinkel og takhøgde. I Denne smarte byen var det plass til alt fram til 1970-åra.
Bit for Bit
Bodøs nye smarte by skal bli utvikla heilskapleg og framtidsretta, der ein skal tenkje samla, ikkje stykkevis og delt. Her kan vi tenke langt fram, akkurat slik vi gjorde i 1940-50, då det nye bysentrum kom opp. Biltrafikken vart slusa inn i byen gjennom Snippen til hamna via Sjøgata og Torget via Storgata. Gatene fekk plass til bilar, både parkerte og kjørande, og fotgjengarar. Det kom fortau i alle gater. Forretningsstrøka vart lagt i Storgata og Sjøgata, lager- og hamnebygg ved kaiene, og det politiske og offentlege sentrum vart lagt oppe på brinken over torget, med torggata som bindeledd. Her kom post, telegraf, rådhus, kyrkje og  musikkpaviljon, og grøn plass mellom bygga, Solparken. Bodø sentrum var skapt som "smart city", lenge før noko slikt fanst. Lyset skulle fordelast rettferdig gjennom byggehøgde, takvinklar og avstand mellom og plassering av husa i forhold til kvarandre. Målet var lys inn i husa og luft rundt dei. No er denne tenkinga truga av vandalar som gjev seg ut for å ville byen vel, men som først og fremst tenkjer på eiga økonomisk vinning. Å tru noka anna er naivt. Dei tar bit for bit av byen, riv han ned, og øydelegg den store heilskapstenkinga som ligg til grunn for byutviklinga, sjølve grenreisningsplanen. Det er ikkje ein kulturhovudstad verdig.

Krav om sentrumsvern
I fleire omgangar har Fortidsminneforeninga bede kommunen om ein samla plan for vern av sentrale bygningar i Bodø sentrum. Planane har latt vente på seg. Snart er meieri/brannstasjonskvartalet borte. Dei som bur i Terbovenhusa i Tordenskjoldsgate kan med god grunn vere bekymra for utsikta, slik dei som budde i Dronningens gate var det ved utbygginga av Østre skolepark. Havet hotell klarte til og med å skyggelegge Sentrumsgården. Det ville ikkje ein gjenreisningsplan frå 40-åra gjort. No er tida overmoden for å tenkje vern av kvartal, verdifull bygningar og bymiljø frå dei som riv ned det som har blitt bygd opp. Kvartal etter kvartal står for tur, og kommuneleiinga verkar handlingslamma. I staden toar dei sine hender og ser mot flystripa. Snart har dei sjølv endra på rådhuskvartalet, og hadde det vore opp til dei, hadde Solparken vore ein einaste stor jordhaug. Det er snart for seint å berge "gamlebyen". Vi må få ein plan for sentrumsvern straks. Utan den blir vi aldri nokon kulturhovudstad.
I 1942 hadde arbeidet med regulering av det bomba bysentrum alt starta. Det viktigaste området som måtte regulerast låg innafor den raude streken og var det utbomba sentrum. Det skulle regulerast inn i den gamle førkrigsplanen som Kristofer Lange hadde vore med på å teikne.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar