mandag 14. februar 2011

Logoen som vart borte?

I mi tid måtte vi kjøre i gang ein større kampanje for å berge Hugin og Munin som logo for Universitetet i Tromsø. Avviklinga av logen vart stoppa. I dag ser vi konturane av ei snikavvikling trass i protestane frå tilsette, studentar og andre med kjærleik til universitetet.
Til venstre ser ein dei gamle konvoluttane til UiT, der logoen med ramnane til Odin er tydelege. Til høgre den same konvolutten, men no med ein minimalistisk logo.

Ein kan saktens spørje seg om dette er rette vegen å gå. Kva respekt viser ein for symbol og tradisjonar?
Hugin og Munin er i norrøn mytologi ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke', «Munin» tyder 'minne'. Sagnet er at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin. Mot slutten av dagen kjem ramnane attende og set seg på Odin sine skuldrar for å fortelja alt dei har sett og høyrt. Mellom anna difor var Odin den visaste av gudane. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.
Betre symbolikk kan ikkje nyttast for eit universitet.


Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.

(Grimnismol)

2 kommentarer:

  1. Det er snik innføring, eller snik ute-lukking av det meste der borte for tiden. Men hva annet er å vente....

    SvarSlett
  2. Ja, dette ser ikkje bra ut.. Kanskje blir det frå seminaret til universitetet tur retur? Det er eit paradoks å sjå på korleis Universitetet i Nordland løftar seg etter håret for å bli det dei trur er universitet, mens UiT nedskalerer og nedgraderer for å primært drive lærarutdanning. Det gjeld særleg for våre fag.

    SvarSlett