fredag 3. desember 2010

Logodebatt

Eg hadde ikkje komme i ny jobb før eg havna i ein ny debatt om "visuell profil". Eg har med andre ord hamna i ein ny logo-debatt. Dei siste åra har ein viss bransje kost seg glugg i hel over alle dei fantastiske logoane dei har kunna rista ut av ermet. Alskens organisasjonar og offentlege institusjonar har hatt ei leiing som sit der servilt og seier at dette var jammen fint, sjølv om dei inst inne ikkje meiner det. Ved Universitetet i Stavanger fekk eit profesjonelt firma av kreative designarar teikna ny logo, visstnok eit eller anna frå regionen med ei slags heilag kraft, nærmast ei heilag jomfru. Resultatet vart at alle i organisasjonen kalla den nye logoen for "spøgelset", for det var det dei såg. Ved Universitetet i Tromsø skulle dei ha ny profil, fordi dei fusjonerte med lærarskolen. Då hadde organisasjonen utmerka seg med ein av dei mest geniale logoar nokon sinne - Odins ramnar Hugin og Munin.
Om desse heiter det mellom anna: "Namnet Hugin tyder tanke og namnet Munin tyder minne. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin." Perfekte symbol for eit universitet som vil vere fremst i forsking og undervisning.

Etter at dei tilsette mobiliserte sterkt, måtte kommunikasjonsavdelinga strekke våpen, og utfasing av ramnane vart stoppa. Dei grafiske designarane vart forsmådde, men fekk sine premiepengar.

Så kjem det fatale utspelet frå det nye nordnorske Universitetet i Nordland, som skal ha ein slags nonfigurativ "Barbie-logo" - sitat Roger Lockertsen - som dette:

Kva er grunngjevinga for logoen utvikla av Rayon Visual Concepts AS  ? Jo, det er "kantete former satt sammen til en helhet som representerer det kontrastfylte, rå og majestetiske i det nordlandske landskapet". Og vidare:
  • Vi må assosiere til måten fjellet stuper ned i havet  
  • Hvordan lyset treffer siden av en bergvegg 
  • Det duggvåte og irrgrønne gresset innerst i en liten vik
  • Den krittvite stranden som åpenbarer seg bak en odde
  • Den høye himmelen som tindene strekker seg mot og
  • Høstfargene som speiler seg i havet
God morn, seier eg. Er det mulig, har andre sagt. Er dette eit universitet eller "visit Nordland", spør no eg. Skulle ikkje dette vere symbolar som assosierte til forsking og utdanning, eller er dette berre eit ledd i å "brande næringslivsinteresser"? Desverre Rayon Visual Concepts", dette var ikkje godt nok for meg.


6 kommentarer:

  1. Bra, Steinar. Man kan si hva man vil om deg, men du forstår deg på logoer!

    SvarSlett
  2. Logoen ser mest ut som om nokon har vore uforsiktig og har sølt fargar frå malarskrinet sitt.

    SvarSlett
  3. Utdanning og vitenskap som leke børs og festival, oj, meinte katedral!

    Er styret like forvirra som dette utkastet gir uttrykk for, så bør man revurdere nyetableringa!

    SvarSlett
  4. Jeg har brukt noen dager på å fordøye denne logoen, trenger et par dager til....
    huff!

    SvarSlett
  5. Dette er for mye av eit ut-i-naturen-produkt. For lite substans og for mye turistreklame..Sorry, men det held ikkje mål uansett kor lenge ein treng for å fordøye det.

    SvarSlett
  6. Jeg misunner dere som bare har skumring, ikke ordentlig mørk mørketid. Her ser jeg min barndoms vakre skue Børvasstindan' i ny form over ?? to halve juleskinker ?? i rosa og fiolett ??

    SvarSlett