søndag 2. januar 2011

Kongsbakken fornektar seg ikkje

 I romjula spurte ein av lærarane på Konsbakken vgs kven eg var og gav alle uinnvidde kjennskap om det. Bakgrunnen var at eg hadde stilt alvorlege spørsmål ved eit forsøk skolen hadde fått innvilga. Bakgrunnen for søknaden var ein Søknad for å redusere rettebyrden for norsklærarar, som avdelingsleiaren hadde presentert i kronikk like før jul i Norlys.

Innlegget mitt 23.12. med innvendingar mot Nordlys-kronikken, falt Sonja Arnesen tungt for brystet. Kronikken til avdelingsleiaren ved Kongsbakken skapte debatt, og agressivt gjekk ho meg i møte. Eg viste til at skolen ikkje hadde sett seg tilstrekkeleg inn i reglane for forsøk, og at forsøket formelt vart godkjent langt inn i skoleåret. Ho mislikte også at eg karakteriserte informasjonsflyten som dårlig. Skolen har til dømes ikkje gitt foreldra høve til å velje om dei ikkje vil vere med i sitt postlagte brev av 1.november 2010.(Merk datoen!) Forsøket er eit “fait accompli”. Det normale er å be foreldra om å returnere ein svarslipp der dei svarar på om dei vil at eleven skal ha alle tre norskkarakterane eller ikkje. På Kongsbakken har ein ikkje gjort det.
Som far til ein son i første året i vidaregåande skolen har eg interesse av kva skolen held på med fordi slike “forsøk” smittar til andre skolar. Kongsbakken sitt” forsøk” er t.d henta frå Fana, og det pågår kampanjar mellom anna på Facebook der enkeltpersonar vil ha ein karakter i norsk fordi rettebyrden er så stor.
Skolen skal ikkje leve sitt eige anonyme liv, utan innverknad frå resten av samfunnet. Det var vel det som var vitsen med avdelingsleiaren sin kronikk i saka, og det er meininga med mitt innlegg. Nynorsklaget vil delta i samfunnsdebatten som alle andre.
Vi har også følgt liknande forsøk med argusauge, fordi dei i mange tilfelle skjuler kampanjar mot skriftleg nynorskopplæring i skolen. Vi meiner norskfaget ikkje skal mangle nynorsk, og konstatererer at forsøk i Revetal og Bugården i Vestfold og Mosvika i Nord-Trøndelag har mål om det. Desse sakene har også engasjert andre (http://www.nynorsklaget.no/UserFiles/File/Nynorsken%20til%20livs%20som%20forsk%20med%20fritak.pdf). Mellom anna har statsrådane Clemet, Djupedal, Solhjell og no sist Halvorsen, alle har måtta forhalde seg til dei. Kongsbakken blir no assossiert mad andre skolar som har useriøse såkalla “forsøk”. Vår rapport viser òg døme på andre forsøk i vidaregåande skole av tvilsom art.
I desember hadde Trine Skei Grande eit spørsmål i Stortinget om Kongsbakken-forsøket. Statsråd Halvorsen understreka i sitt svar om Kongsbakken, at “[E]levene må få grundig informasjon om ordningen og den skal være frivillig”. Når saka er komme til Stortinget reknar vi med dei også vil følgje med på kva Kongsbakken gjør.
Våre undersøkjingar har også vist at slike forsøk ikkje er evaluerte eller manglar haldbare rapportar og evalueringar. Evaluering er heller ikkje etterlyst av dei ansvarlege og Utdanningsdirektoratet har ikkje pålagt nasjonal evaluering, og har heller ikkje tenkt å gjøre det. Det gjør oss bekymra. Når Kongsbakken har fått lov til å starte forsøket sitt utan definerte evalueringar, er det grunn til å spørje om verdien av det. Kongsbakken har ikkje fortalt kven som skal evaluere, kva tid det skal skje og korleis ein har tenkt at det skal gje oss ny kunnskap om korleis elevar skal bli betre å skrive norsk- både bokmål og nynorsk. Forsøk utan klare målsettingar er etter vårt syn utan verdi.
Etter Kongsbakken sitt engasjement i saka så langt skulle ein tru at dei alt har avgjort at “forsøket” er vellukka.
Foreldre bør også vere bekymra for karaktersettinga i norsk for sin son/dotter. På kva måte vil ein orientere elevane om korleis ein ligg an i dei ulike delane av faget for å synleggjøre utviklingsmål i munnleg, nynorsk og bokmål? Dei som stryk i delar av faget, vil stryke i heile faget, og må ta alt på nytt. Dette er ein direkte ulempe elevar vil kunne få. Med normalordninga vil ein kunne stå i munnleg og bokmål om ein stryk i nynorsk.
Den viktigaste innvendinga vår er at talet på vurderte skriftlege innleveringar blir redusert, og det var tydeligvis meininga sidan ein ikkje vil “produsere så mye karaktergrunnlag”, som det har blitt skrive frå Kongsbakken. Bak forsøket ligg det eit ønskje om mindre retting. Dette står i strid med elevane sitt behov om meir skriftleg trening målt med karakter. Ved normalordninga ville dei fått meir skrivetrening. Det sikraste er uansett å følgje ordninga med tre karakerar, fordi det set eleven best i stand til å møte karakter- og eksamenskravet til avsluttande eksamen i norsk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar