Den siste tida har det versert ein del innlegg i Avisa Nordland om Elias Blix. Særleg irriterande er det at Blix skulle blitt nekta å preike i Gildeskål då han var heime sommaren 1866. Dette er ei myte som professor Hallgeir Elstad har prøvd å punktere sidan 2002, men han ser ikkje ut til å ha lukkast med det. La oss derfor sjå på myta om presten Blix som vart stoppa i Gildeskål.
 |
Domkyrkja i Reykjavik. Elias Blix hadde ingen draum om å preike, meiner professor i teologi Hallgeir Elstad ved Teologisk Institutt, Universitetet i Oslo |
Elstad (Kirke og Kultur 5/6-2002) skriv at Blix drog heim til Gildeskål etter embetseksamen i teologi i 1866, for første gong sidan han reiste til hovudstaden i 1859. Folk hadde store forventningar til han, fordi dei hadde hørt at han hadde gjort det godt, og at han ville bli prest. ”Tenk om dei kunne få høyre han preike i heimekyrkja”, skriv Elstad, og legg til at tanken var realistisk. Heime møtte han sokneprest Hans Henrik Holch Daae, som han la fram ærendet for, heiter det i myta. ”Men soknepresten, som var av gammal embetsmannslekt, nekta han å preike i Gildeskål kyrkje. Han ville ikkje sleppe ein allmugemann som Elias Blix opp på preikestolen. Allmugen kunne blir lærarar, men prestar, nei, der gjekk grensa, skal soknepresten ha meint.” Blix skulle tatt avslaget så tungt at han gav opp å bli prest, for i staden å bli vitskapsmann.
Elstad spør om forklaringa er rimeleg for korfor Blix aldri vart prest. Kunne soknepresten få ”ein dugande teolog” til å endre livsplanen, spør han. ”Var Blix så vakkelvoren? Trudde han ikkje meir på det han dreiv med?” Historia er ikkje dokumentert. Elstad meiner ho er usannsynleg. Fordi:
1. Dersom det var tilfelle at Daae nekta Blix å preike, ville Blix ha skrive om det nokon stad. Det har han ikkje.
2. Korfor skulle Daae svare nei på eit spørsmål frå cand. theol. Elias Blix om å få preike? Det ville vere i strid med norsk lov, fordi lova opna for at teologar skulle ha høve til å øve seg i kyrkja. Blix og Daae var likemenn, og ingen nekta bondesøner prestestilling. ”Soknepresten må ha visst at Blix hadde ei høg stjerne i bygda”, skriv Elstad, og legg til at Daae måtte ha ”tilstrekkeleg sosial antenne til å innsjå at dette var ei ikkje-sak”.
3. Blix hjelpte Daae med eksamensarbeid den sommaren. Dei samarbeidde godt og tett. Ville dei gjort det om soknepresten hadde nekta Blix å preike, spør Elstad.
Heimkomen til Kristiania (Oslo) hausten 1866, skreiv Blix at han hadde ”gjenseet mit kjære Hjem”, og at turen hadde gjort han ”ligesom forynget, aldeles nordlandsk i Sind og Skind". Den optimistiske tonen kjem ikkje frå ein nedbroten ung mann ”som har vorte nekta preikestolen og har endra livsplan”, konkluderer Elstad.
Det er grunn til å tru at Elias Blix alt hadde bestemt seg for ikkje å bli prest. I 1861, då han studerte hebraisk som del av teologistudiet, skriv han at det var eit studie han kjente ”stor lyst" ved. Biskop Anton Chr. Bang - farlaus fiskarbondeson frå Dønna og studiekamerat frå Tromsø og nær ven, talte i gravferda om Blix: "Uden Famlen, uden Vaklen” fann han si ”Livsopgave og blev denne tro til sidste Stund", og sikta då til vitskapsmannen Blix.
Elstad meiner personlege grunnar låg bak. Blix var svært sjenert. Ein tidlegare Tromsøelev fortalte: "Han vart raud berre dei tala til han, og han våga mest ikkje tala til elevane." Som universitetsprofessor var han svært reservert overfor studentane. Han var ingen folketalar, og heldt seg taus i store forsamlingar. På talarstolen på Stortinget vart han rekna som keisam, og sjølv vantrivetest han på preikestolen og framfor alteret.
Blix spurte neppe om å få preike i heimekyrkja sommaren 1866. Det ikkje hans draum, men kanskje mest draumen til folk i Gildeskål. Kanskje vart dei skuffa då dei ikkje fekk oppfylt den, skriv Elstad: ”Rykta tok til å svirre. Kva var det med han Elias? Det måtte då vere noko sidan han ikkje fekk preike? Lause rykte vart til historisk sanning: Sokneprest Daae hadde nekta Blix å preike. Embetsmannen ville ikkje ha bondesonen på preikestolen. Og historia om Blix som vart nekta å preike i heimekyrkja si, passa unekteleg godt inn i den gamle motsetnaden mellom nordlendingane og arrogante embetsmenn sørfrå”. Slik har ein påstand utan dokumentasjon blitt ført vidare og halde fast som ei historisk sanning, også inn i Blix-jubileet i 2011.
Du finn artikkelen til Elstad
her