Viser innlegg med etiketten Nord-Noreg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nord-Noreg. Vis alle innlegg

søndag 10. april 2011

Universitetet i Nordland viser veg

I mange år har det komme framlegg frå ulike miljø ved Universitetet i Tromsø om å gje hus og bygningar på universitetsområdet namn etter personar, slik det er mange andre stader. Mange har meint at "gjennomgangsbygget" og "Breivika III" er teite namn. Men i alle desse år har det vore liten interesse for dette. I dag er det berre Institutt for historie som har fått eit bygg oppkalla etter den tromsø-fødde historikaren Halvdan Koht. Elles finn ein namn som "teorifagsbygget, Hus 1-5" på den nyaste delen av universitetet. Som om det ikkje blir bedrive "teorifag" i dei andre bygga?

Nanna With, eldste dotra til Richard With har fått eit auditorium oppkalt etter seg ved det nye Universitetet i Nordland
Ved det nye Universitetet i Nordland har ein gått litt i ei anna retning. Her brukar ein namnsettinga som identitetsmarkørar, der Nordlandsidentiteten skal dyrkast. Slik har alle auditoria fått namn etter kjente personar frå Nordland, som anten har betydd noka for regionen eller som har gjort seg bemerka i bygginga av institusjonen. På Handelshøgskolen finn ein rom kalla opp etter Petter Thomassen (stortingsmann og universitetetsbyggar) og Vebjørn Tandberg (Tandberg radio), mens Nanna With (landets første kvinnelege avisredaktør) har fått eit auditorium oppkalla etter seg der journalistane er. Elles finn vi også auditorium med namn etter personar som Stein Rokkkan, Elias Blix og Knut Hamsun, Pauline Skar, Regine Normann og Ole Tobias Olsen.

For dei som ikkje kjenner personane er det også skrive ein eigen tekst med biografiske opplysningar utafor rommet. Slik kan ein også syne at historia ikkje starta med oss, og i tillegg at vi står på "the shoulders of giants".

onsdag 22. september 2010

Malmstøv i Malmvegen

Kvite murveggar får eit raudt skjær i Malmvegen i Narvik. I bakgrunnen ventar ein ny glubsk malmbåt på å forsyne det kinesiske underet med jernmalm frå Kiruna, langt inne i den nord-svenske villmarka
I Narvik har ein i alle år vore plaga med at ein må nøye vurdere kva farge ein skal ha på huset sitt. Malmstøvet frå det store malmlasteanlegget set seg på husveggar og etter ei stund der rustar det rett og slett og det blir raude renner langs bordkledinga. Det er derfor ikkje vanleg at husfarga i byen er kvit, men heller brun eller raudt. Dei siste åra har firmaet som driv utskiping av malm LKAB prøvd å få bukt med støvplagen i byen, og lagrar no malmen i siloar under jorda. Investeringane bestod av bygging av 12 60 meter djupe siloar i fjellet, kvar på ein diameter på 38 meter. Det vart òg bygd eit 2,8 kilometer langt tunnelsystem. Prislappen var 1.5 milliardar norske kroner.



I Narvik må ein nøye vurdere kva farge ein skal ha på postkassa. Er ho kvit så ser ein  malmstøv tydelegare
 Sist år gjekk LKAB Norge med eit overskot på 26 046 000 norske kroner, mens morselskapet i Sverige gjekk med 7,6 milliardar svenske kroner i overskot i 2008. No vonar alle at det er slutt på støvplagen i malmbyen. Ein evig plage sidan byen vart grunnlagt i 1901.


mandag 20. september 2010

Ny giv i aust

Nord-Noreg hadde lenge to fylke med sterk industrialisering, Nordland og Finnmark. Store og viktige bedrifter som Sydvaranger, Norsk Jernverk og LKAB var lenge hjørnesteinane i samfunn som Sør-Varanger, Mo i Rana og Narvik. Ei tid var industrien framtida, særleg mellom 1850 og 1960, men så snudde alt og industrien vart ein klamp om foten. Lokalsamfunn som Mo i Rana, Narvik, Kirkenes/Bjørnevatn og Sulitjelma vakla, og fleire av dei vart nærmast demografisk desimert. Skolar, butikkar og hus stod til nedfalls. Diskusjonar om samfunna var liv laga, gjerne kombinert med diskusjonar om statleg eigarskap eller støtte, førte til politiske strid mellom høgrefolk og sosialistar, distriktspolitikarar og storting, fagforeiningar og kapitalistar. Mang ein solidaritetskonsert vart halde før sorgreaksjonen over den tapte saka fekk lagt seg.


Igjen er det drift i gruvene i Bjørnevatn
 I dag ser ein tendensar til nye tider. I løpet av kort tid har Varangersamfunna Kirkenes og Bjørnevatn fått aktivitet i gruvedrifta. Toget går skyttel på den 7,5 km lange jernbanestrekninga ned til Kirkenes frå gruvene i Bjørnevatn. Det interessante er at kommunen no har fleire bein å stå på enn før. Med eit framtidig grensebuarbevis vil omlag 40 000 menneske bu innafor ein radius av ein time, og både Irina og Ivan vil handle på Bohus og Jysk. Handelen med Russland har ført til ei oppblomstring i etableringar, og i tillegg blinkar oljeflammen i det fjerne. No står det første forskingsfartøyet klår til å ta sine første boreprøvar i den nye norske sona som grenselinjeforhandlingane opna opp. Ut over det har offentlege etableringar saman med reiselivssatsingar skapt ein breiare økonomisk basis. Og forsvaret er framleis her, om enn ikkje like stort og synleg som før.

Rett bak industrianlegga på Kirkenes, ytst i Langfjorden, ser Varangersamfunnet for seg at ein framtidig oljebase kan vere 
Ein banskjef meinte Varanger kan vere den mest spennande regionen i europeisk næringsliv 20 år fram i tid.
I løpet av året kan det vere så mange som 500 arbeidarar involvert i gruvedrifta. Framtida er lys for eit samfunn som for 20-30 år sidan var dødsdømt og næmast vart halde kunstig i livet på grunn av den kalde krigen.

mandag 13. september 2010

Dølakulturen - eit særeigent nordnorsk fenomen

Oppe i nord, i det nest øvste fylket i landet, ligg Troms. Inne der Nord-Noreg er på sitt breiaste, ligg Indre Troms. Her har mange gjennomført dei tilmålte 12 månader med verneplikt, i allefall dei som var 19 år mellom 1950 og 2000 og hamna i luftforsvaret eller hæren. Og var menn og ikkje militærnektarar, sølvsagt. Området er såleis mest kjent for militærforlegningar og skytefelt. Sjølv om ikkje aktiveteten er like stor i dag, er Hærens styrkar der framleis.

Ja, og så er bygdene sjølvsagt kjente for sine skiheltar, kombinertløparane frå området. Frå Sverre Stenersen til Bjarte Engen Vik og Kristian Hammer via Fred Børre Lundberg. For ikkje å glømme salige Ole Hegge, som aldri vart dårlegare enn nummer 5 i det eine VM og dei to OL-ane han deltok i frå 1928-32.
På Eggen gård i Bardu står minnesmerket over Jon Simonsen Kalbækken og Ole Olsen Brandvold som var Bardudalens første rydningsmenn
Det kanskje mest spesielle med denne delen av landet er den særeigne dølakulturen. Du merkar den særleg på språket, som når Fred Børre Lundberg og Kristian Hammer vart intervjua etter ein VM- eller OL-medalje. Alle kunne høre at dei ikkje var nordfrå, sjølv om dei var barnefødde i landsdelen. Dei var ikkje det ein vil karakterisere som nordlendingar, eller "skolp" som er økenamnet på nordlendingen på desse kantar.

Dølakulturen kom til landsdelen med innvandringa frå Gudbrandsdalen, Østerdalen, Trøndelag, Nordmøre og Helgeland i fleire rundar til dette nyryddingsområdet like før 1800. På Bardujorda og garden Eggen finn du monumentet som vart reist til 100-årsjubileet i 1891 over dei første kolonistane som dro nordover for å kultivere Indre Troms. Hit tok dei med seg kulturen sin; byggeskikk, språk, mattradisjonar, sedar, ja til og med ekteskapsstrategiane vart i sterk grad prega av ønsket om å halde på tradisjonane. Her var det ikkje uvanleg at ein gifta seg med bygdefolk frå Tynset, også etter at ein hadde komme fleire tusen mil nordover. Ikkje ulikt det ein kjenner til frå dagens innvandring.

Den 95 meter lange Rundhaug bru tar deg over vakre Målselv 
Bygda har vore prega av denne kulturen og møtet med urfolket i området gjekk ikkje berre smertefritt. Eit utdrag frå  Bardu bygdebok kan vere eit eksempel på ein mentalitet i området, men sjølvsagt også berre eit uttrykk for forfattaren Eystein Eggen si haldning til dølaætt og -folk, og til samane som var i området frå før:

Uansett, viss du vil studere denne dølakulturen nærmare, så bør du reise dit. Gjerne i kombinasjonen med ei reise ut til den nordnorske kysten. Så kan du kontrastere lynne, mentalitet, språk og levemåte. Det er som to ulike verdenar.

Låven på Strømsør fjellgård i Bardu er eit godt døme på byggeskikken i området.