Nord-Noreg hadde lenge to fylke med sterk industrialisering, Nordland og Finnmark. Store og viktige bedrifter som Sydvaranger, Norsk Jernverk og LKAB var lenge hjørnesteinane i samfunn som Sør-Varanger, Mo i Rana og Narvik. Ei tid var industrien framtida, særleg mellom 1850 og 1960, men så snudde alt og industrien vart ein klamp om foten. Lokalsamfunn som Mo i Rana, Narvik, Kirkenes/Bjørnevatn og Sulitjelma vakla, og fleire av dei vart nærmast demografisk desimert. Skolar, butikkar og hus stod til nedfalls. Diskusjonar om samfunna var liv laga, gjerne kombinert med diskusjonar om statleg eigarskap eller støtte, førte til politiske strid mellom høgrefolk og sosialistar, distriktspolitikarar og storting, fagforeiningar og kapitalistar. Mang ein solidaritetskonsert vart halde før sorgreaksjonen over den tapte saka fekk lagt seg.
|
Igjen er det drift i gruvene i Bjørnevatn |
I dag ser ein tendensar til nye tider. I løpet av kort tid har Varangersamfunna Kirkenes og Bjørnevatn fått aktivitet i gruvedrifta. Toget går skyttel på den 7,5 km lange jernbanestrekninga ned til Kirkenes frå gruvene i Bjørnevatn. Det interessante er at kommunen no har fleire bein å stå på enn før. Med eit framtidig grensebuarbevis vil omlag 40 000 menneske bu innafor ein radius av ein time, og både Irina og Ivan vil handle på Bohus og Jysk. Handelen med Russland har ført til ei oppblomstring i etableringar, og i tillegg blinkar oljeflammen i det fjerne. No står det første forskingsfartøyet klår til å ta sine første boreprøvar i den nye norske sona som grenselinjeforhandlingane opna opp. Ut over det har offentlege etableringar saman med reiselivssatsingar skapt ein breiare økonomisk basis. Og forsvaret er framleis her, om enn ikkje like stort og synleg som før.
|
Rett bak industrianlegga på Kirkenes, ytst i Langfjorden, ser Varangersamfunnet for seg at ein framtidig oljebase kan vere |
Ein banskjef meinte Varanger kan vere den mest spennande regionen i europeisk næringsliv 20 år fram i tid.
I løpet av året kan det vere så mange som 500 arbeidarar involvert i gruvedrifta. Framtida er lys for eit samfunn som for 20-30 år sidan var dødsdømt og næmast vart halde kunstig i livet på grunn av den kalde krigen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar