Det er mange tegn i tida på at diskusjonsklimaet har hardna til i landet vårt. Nokre har til og med spurt seg om vi er på veg inn i ein ny fascisme, fordi meir ekstreme haldningar dominerer det politiske ordskiftet. Overfor nynorsk ser ein det særleg. Dagleg mobbing, einsidig hets og usakleg argumentasjon florerer.
Det er ikkje nytt. For nokre år sidan kom Unge Høgre med eit utspel der dei oppmoda om å brenne bøker. I samband med produksjonen av tre reklamefilmar der dei ville fronte at dei ikkje likte nynorsk, skulle ein "sosialist plassert i et industriområde" stå ved sida av ei brennande tønne. "Sosialisten" skulle fortelje at han ville "tvinge alle elever til å ha sidemål". Så skulle ein einsam ryttar frå Unge Høgre komme inn på scena og ta fram nynorsk-ordboka, før han proklamerte at "elevane selv må få velge sidemål". Deretter kasta han nynorsk-ordboka i den brennande tønna. Høgre fekk stoppa prosjektet, fordi det minna for mykje om ting ein kjente frå Hitler-Tyskland.
Denne ansvarlegheita har endra seg i det siste, som når høgreordføraren i Enebakk, Tonje Anderson Olsen skriv innlegg om kor frykteleg det er med "Spynorsk". Dei vaksne har ansvar for kor lista for debatten ligg. Til alt overmål gjør dei saka om til eit spørsmål om formalitetar. Det er ikkje nynorsk dei er i mot, berre "sidemål". Eller, vi skal sjølvsagt ikkje bøye oss for usakleg argumentasjon, men vi må ta omsyn til hatet. Dette er eit utslag av kampanjene til blant anna Høgre, sjølv om Erna Solberg har mana til ansvarlegheit.
I går kom eit nytt utspel, denne gongen frå FRP i Narvik. Her ville tre elevar fremje demokratiet ved ei underskriftskampanje mot nynorsk. Dei ville inn på skolen for å få underksrifter, men skoleleiinga bad dei forlate området. Reaksjonen let ikkje vente på seg. Det var ikkje berre eit overgrep mot demokratiet og ytringsfridomen, det utløyste også tirader av utfall mot nynorsk. Skolen er ein stad å lære, ikkje å vere, heitte det før i Høgrekretsar. I dag er skolen ein stad å hetse og å hate. Kor blir det av krav til kunnskap og logisk argumentasjon?
I eitt innlegg etter debatten i Narvik heitte det: "de som har dette førrbannede grautmålet som si dialekt kan vel førr svarte berre hold det der nede på “austlandet” . trudde de hadde kutta ut denne dialekten førr lenge sia, koførr ska vi ikke lær trøndersk likesågodt, mange fleire artige utrykk i den dialekten enn i denne førrbannede satans grautmålet som sku ha vært førrbudt førr mang herrens årsia!!!!!!"
Det som hadde provosert vedkommande til å skrive så sterkt var "Harry Hole", som skreiv:
"Er vel ikke bare å fjerne et språk. Så jævla typisk FRP. Populært blandt de fleste med IQ som skonummeret og lavere. Si dette til de som faktisk har nynorsk som morsmål".
For ei tid tilbake kom til og med nestleiar Helga Pedersen i Arbeidarpartiet på banen med sitt framlegg om å bytte nynorsk ut med samisk, som om det dempa hatet. (Ikkje ein gong ho syntes å vere klår over at samiskspråklege i dag har "valfritt sidemål"). I staden fekk Pedersen denne typen støtte:
"Dette måtte jo selfølgelig komme fra arbeiderpartiet,hadde det vært 1 april kunne man nesten tro at det var en April spøk,men neida,fult alvor.nå er ikke jeg noen tilhenger av norsk sidemål heller,men det er ikke sagt med det at vi så absolutt må ha et sidemål.Få heller innført flere timer i grunnskolen med norsk bokmål.enda er det noen som går ut av grunnskola uten å kunne lese eller skrive.Er jo bare redd for at vi får enda flere som vil slite faglig vist samisk skal innføres som et obligatorisk fag.La heller samisk være et valgfag i skolen."
Gjør dette eksperimentet: Søk på Google på ord som "hate" og "nynorsk". Sjå deretter resultatet. Det er skremmande, spør du meg. Som dette:
"Hate ny"norsk"!!!!!! "Kommer kanskje ikke som en bombe på mange men jeg HAAATER NY"NORSK"!!!!!!!! Forbanna helvettes horespråk!! åååååhh!!!!! Jeg driver sammen med Arnis Antinynorsk, "klubben" for alle som hater nynorsk eller er litt irritert på det forbanna fjøs-latin språket. Vi har fått masse henvendelser fra sinte folk som hater nynorsk og som vil melde seg inn. Noen har også lagt ved en kommentar med innmeldelsen."
Vi treng meir edruelegheit i debatten her heime, og ikkje minst må vettuge folk melde seg på. Bytt for eksempel ut nynorsk med same, neger eller jøde neste gang du les tullet frå dei som hatar mest.
Eller som "Frk. Onsager" skriv på bloggen sin:
"Jeg hater det. Nynorsk er et stygt språk, og reglene for hvordan skrive, bøye verb, analysere setninger og i det hele tatt utale språket er umulig."
Då nynorsk vart innført som obligatorisk i lærarutdanninga i si tid skal visstnok Knut Hamsun ha kalla det for "negerpjatt". Det er vel symptomatisk for kva haldningar det er som er i sving, når det er Hamsun som ser ut til å vere det politiske og retoriske idealet til dei som hatar mest. Det er dette hatet som skapte ABB. Det er sjølvsagt desse kreftene som gjør ein politikar redd. Å innta upopulære standpunkt krev rak rygg.
Viser innlegg med etiketten Dagens Vespa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dagens Vespa. Vis alle innlegg
tirsdag 20. mars 2012
lørdag 24. desember 2011
søndag 18. desember 2011
Dagens Vespa (IX)
MP5 Paperino - ein Vespa på museet i Pontedera frå 1943-44.. Ikkje heilt blitt Vespa enno, men vi ser konturane
mandag 14. november 2011
Dagens Vespa (VIII)
Dagens Vespa finn du på Piaggio-museet i Pontedera, Toscana. Det er ein Vespa 1946-modell. Mange ting var forskjellig frå dagens modellar, men kjerna er den same. Måtte vi alle sjå like bra ut som 65-åring.
søndag 13. november 2011
Dagens Vespa (VII)
Dagens Vespa er ein Vespa Si, som var broren til Vespa Bravo. Dette var min første moped. Ein 1981 modell kjøpt på HELALA omtrent samstundes som salige Trond Ellingsen kjøpte sin Vespa Bravo. Min var sølvgrå, Trond sin kvit. Prisen var rett under 4 000 den gongen, eller ca 11 300 i 2010-kroner. Den på bildet er elles kjent for at den kan koplast frå, og så kan du sykle til bensinstasjonen for å fylle tanken. Knappen du trykk inn er rett ved sida av bakhjulet. Elles startar du han med å sykle han i gang, men då må du ta ut frikoplingsknappen igjen, elles blir du berre sittande å sykle. Artig moped dette..minner meg om Trond Ellingsen. Trist å dø så alt for tidleg.
torsdag 10. november 2011
Dagens Vespa (VI)
Dagens Vespa-himmel er frå Livorno der det var vespamesse i september. Den orange skjønnheita kunne du få for 8000 Euro og var frå først på 70-talet. Under finn du mekka for dei som leitar etter vespadelar. Ei skuffe for kvart tiår. Delar til alt, absolutt alt av det du treng til din vespa..
Lekkert?
søndag 30. oktober 2011
Dagens Vespa (V)
Denne lekre Vespaen som blir brukt som blomsterkasse, finn du i Livorno. Toscanas perle ved kysten i vest.
tirsdag 6. september 2011
lørdag 23. juli 2011
Dagens Vespa (III)
lørdag 16. juli 2011
onsdag 6. juli 2011
Dagens Vespa
Som den stolte eigar av ein svart Vespa med lyst brunt skinnsete er eg forplikta til å formidle litt meir kulturkunnskap om Vespaens venleik. Derfor dette vakre fotoet av arten. "Må ha den, bare må ha den", så det heiter i reklamen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






