Eg innrømmer gjerne at eg har eit heilt spesielt forhold til England. Det fekk blomstre i 1990, då eg reiste på måfå til Bologna for å sjå England - Belgia i åttandedelsfinalen i VM i Italia. Billettar hadde vi ikkje, men det rekna vi med å skaffe på svartebørs før kamp. Etter å ha blitt juksa av eit par lokale unggutar, som vi kjøpte to gamle billettar hos, fekk vi oss eit par gode billettar av ein omreisande amerikanar i svartebørs. Han var som amerikanarane flest heilt uinteressert i "soccer", dette britiske fotballspelet som jenter spela over dammen. I dag er det dagen derpå for USA, som rauk ut for Ghana i går i nettopp "soccer".
Vi kom til Bologna med tog, og kom inn på den legendariske jernbanestasjonen der bomba hadde tatt livet av 85 menneske og skadd 200 den 2.august 1980, midt i "anni di piombo" ("blyåra") i italiensk politisk historie. Blyåra starta med ei bombe i Milano i desember 1969, og endte med den siste bomba i Bologna 11 år seinare. På ein travel morra mista Carlo (32) og Luca Mauri (6) livet. Far og son? Det gjorde også Maria (24) og Angela Fresu (3). Mor og dotter? Bak det heile stod ikkje det ekstreme venstre i Italia, som alle først tenkte, men komplottet var sjølvsagt totalt. Det ekstreme høgre ville at det ekstreme venstre skulle få skulda, så dei sette det heile i scene for å utløyse unntakslovar for å kunne arrestere og internere politiske fiendar på venstresida. Den politiske tilstanden var kaotisk og spelereglar for normal politisk diskusjon var sett heilt ut av spel.
Det var vemodig å komme til Bologna. Det var sterkt å bli tatt hand om av av Carabineris som geleida oss rett i bussen. Dette var ikkje å vente etter at britiske hooligans hadde lagd bråk i Rimini berre nokre dagar tidlegare. No vart vi behandla som britar i ein slags unntakstilstand. Eg forstod straks korleis det var å bli tatt hand om som kveg og mistenkelege kryp, og korleis det lett kunne utarte seg deretter når ein blir behandla slik. Framfor meg i bussen stod ein pur ung gut med hjelm og kølle og alle hadde våpen. Vi var fanga i bussen og ein vepna soldat dekte kvar dør i bussen. Ingen fekk komme ut før dei var geleida trygt til stadion. Ingen fekk gå dit bort gjennom byen på eiga hand. Det betydde bråk, og bråk var det siste Bologna ville ha.
Utafor stadion i Bologna fekk vi billettar etter ei stund i bedaring. Billettane kosta 600 kroner stykket, noko som vart rekna som mye den gang, men pytt pytt. Det var VM. Kampen var spennande, stemninga elektrisk og Belgia yppa seg stadig. Dei hadde mange gode spelarar. Det heile gjekk til ekstraomgangar, og folk venta på straffesparkkonkurransen, men David Platt avgjorde med ei sein skåring, og lønn for strevet vart ein overgang til italiensk fotball, Sampdoria og hamnebyen Genova. Platt og co gjekk seinare vidare til semifinalen der dei tapte på straffar for Tyskland. Då gråt Paul Gascoigne sine modige tårar, og England vann stor sympati. No er tida inne for å revansjere dette sure nederlaget. Måtte England vinne, og som Bjørge Lillelien sa det: England, kjempers fødeland – Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana .......
Godt fargelagt minne fra "min" by. Desverre gikk det ikke veien for engelskmennene denne gangen heller. Til det var tyskerne alt for gode.
SvarSlettJa, Helge. Det stinka av britane denne gangen. Lurar alltid på korfor gode spelarar blir dårlege i lag, mens andre får dårlege spelarar til å bli gode i lag..Eit av livets mysteriar.
SvarSlett