Viser innlegg med etiketten Skole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skole. Vis alle innlegg

onsdag 18. mai 2011

Kongsbakken dundrar vidare

Leiinga på Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø er ikkje berre mot nynorsk. Dei er i tillegg manipulative og udemokratiske.
For eit halvt års tid sia kunngjorde Kongsbakken med brask og bram at dei heldt på med store ting. Eit forsøk med berre éin karakter i norskfaget skulle så og seie revolusjonere undervisninga der. Då skolen like før jul skrytte i Nordlys over forsøket, stillte vi i Nynorsklaget kritiske spørsmål. Det mangla planar for evaluering. Det mangla kvalifiserte hypotesar om kva ein ville oppnå. Skolen hadde altså på førehand bestemt at forsøket var genialt enda det ikkje var klårt kva som skulle målast eller korleis det skulle målast. Seinare viste det seg at av faglege grunnar ville ikkje vitskaplege institusjonar evaluere ”forsøket”, verken Universitetet i Bergen eller Skrivesenteret i Trondheim. Deretter prøvde skolen å skrape saman pengar for å få kjøpe seg evaluering.


I førre veka bad Elisabeth Aspaker (Høyre) i Spørjetimen statsråd Kristin Halvorsen betale for ei evaluering, men Halvorsen ville ikkje det. Ho sa mellom anna: ”Et premiss når man ber om å få gjennomføre lokale forsøk, er også at man finansierer egen evaluering av disse forsøkene”. Men likevel uttalte Halvorsen at ho har tenkt å bruke forsøket til å revidere læreplanverket, trass i manglande evaluering. Det er etter vårt syn useriøst all den tid statsråden sitt eige regelverk krev seriøs vitskapleg evaluering før slike slutningar kan trekkast.

Lokalt er det interessant at ikkje berre Riksmålsforbundet støttar karakterforsøket på Kongsbakken. Nynorskmotstandaren Aspaker (H) er blitt Kongsbakkens ven i saka, og igjen ser vi at det ikkje er måte på kor villig Høgre er til å bruke skattepengar på forsøk som betyr nynorskkutt. Og partiet vedtok på landsmøtet sist helg å profilere seg endå meir som nynorskhat-partiet.

Nynorsklaget konstaterer at alle innvendingane våre mot ”forsøket” har blitt stadfesta – ikkje berre dei språkpolitiske. Skolen kvalietssikrar ikkje forsøksarbeidet, og dermed held det ikkje fagleg mål. Elevar kan fortelje at innvendingane dei har mot forsøket, ikkje blir tekne på alvor. I bladet Tromsø stod nettopp to elevar fram og fortalte om skolen sin framgangsmåte for å få utvida forsøket. Kritiske stemmar har blitt skubba ut, og i rein totalitær stil har ein berre spurt dei som er einige om å halde fram med forsøket, om å støtte søknaden om utviding av det. Slik har ein valt bort dei delane av elevrådet som er usamde. Her luktar det manipulasjon lang veg. Er det ingen som kan stoppe skolen, eller skal dei berre få dundre vidare med sitt politisk skjøre prosjekt?

søndag 2. januar 2011

Kongsbakken fornektar seg ikkje

 I romjula spurte ein av lærarane på Konsbakken vgs kven eg var og gav alle uinnvidde kjennskap om det. Bakgrunnen var at eg hadde stilt alvorlege spørsmål ved eit forsøk skolen hadde fått innvilga. Bakgrunnen for søknaden var ein Søknad for å redusere rettebyrden for norsklærarar, som avdelingsleiaren hadde presentert i kronikk like før jul i Norlys.

Innlegget mitt 23.12. med innvendingar mot Nordlys-kronikken, falt Sonja Arnesen tungt for brystet. Kronikken til avdelingsleiaren ved Kongsbakken skapte debatt, og agressivt gjekk ho meg i møte. Eg viste til at skolen ikkje hadde sett seg tilstrekkeleg inn i reglane for forsøk, og at forsøket formelt vart godkjent langt inn i skoleåret. Ho mislikte også at eg karakteriserte informasjonsflyten som dårlig. Skolen har til dømes ikkje gitt foreldra høve til å velje om dei ikkje vil vere med i sitt postlagte brev av 1.november 2010.(Merk datoen!) Forsøket er eit “fait accompli”. Det normale er å be foreldra om å returnere ein svarslipp der dei svarar på om dei vil at eleven skal ha alle tre norskkarakterane eller ikkje. På Kongsbakken har ein ikkje gjort det.
Som far til ein son i første året i vidaregåande skolen har eg interesse av kva skolen held på med fordi slike “forsøk” smittar til andre skolar. Kongsbakken sitt” forsøk” er t.d henta frå Fana, og det pågår kampanjar mellom anna på Facebook der enkeltpersonar vil ha ein karakter i norsk fordi rettebyrden er så stor.
Skolen skal ikkje leve sitt eige anonyme liv, utan innverknad frå resten av samfunnet. Det var vel det som var vitsen med avdelingsleiaren sin kronikk i saka, og det er meininga med mitt innlegg. Nynorsklaget vil delta i samfunnsdebatten som alle andre.
Vi har også følgt liknande forsøk med argusauge, fordi dei i mange tilfelle skjuler kampanjar mot skriftleg nynorskopplæring i skolen. Vi meiner norskfaget ikkje skal mangle nynorsk, og konstatererer at forsøk i Revetal og Bugården i Vestfold og Mosvika i Nord-Trøndelag har mål om det. Desse sakene har også engasjert andre (http://www.nynorsklaget.no/UserFiles/File/Nynorsken%20til%20livs%20som%20forsk%20med%20fritak.pdf). Mellom anna har statsrådane Clemet, Djupedal, Solhjell og no sist Halvorsen, alle har måtta forhalde seg til dei. Kongsbakken blir no assossiert mad andre skolar som har useriøse såkalla “forsøk”. Vår rapport viser òg døme på andre forsøk i vidaregåande skole av tvilsom art.
I desember hadde Trine Skei Grande eit spørsmål i Stortinget om Kongsbakken-forsøket. Statsråd Halvorsen understreka i sitt svar om Kongsbakken, at “[E]levene må få grundig informasjon om ordningen og den skal være frivillig”. Når saka er komme til Stortinget reknar vi med dei også vil følgje med på kva Kongsbakken gjør.
Våre undersøkjingar har også vist at slike forsøk ikkje er evaluerte eller manglar haldbare rapportar og evalueringar. Evaluering er heller ikkje etterlyst av dei ansvarlege og Utdanningsdirektoratet har ikkje pålagt nasjonal evaluering, og har heller ikkje tenkt å gjøre det. Det gjør oss bekymra. Når Kongsbakken har fått lov til å starte forsøket sitt utan definerte evalueringar, er det grunn til å spørje om verdien av det. Kongsbakken har ikkje fortalt kven som skal evaluere, kva tid det skal skje og korleis ein har tenkt at det skal gje oss ny kunnskap om korleis elevar skal bli betre å skrive norsk- både bokmål og nynorsk. Forsøk utan klare målsettingar er etter vårt syn utan verdi.
Etter Kongsbakken sitt engasjement i saka så langt skulle ein tru at dei alt har avgjort at “forsøket” er vellukka.
Foreldre bør også vere bekymra for karaktersettinga i norsk for sin son/dotter. På kva måte vil ein orientere elevane om korleis ein ligg an i dei ulike delane av faget for å synleggjøre utviklingsmål i munnleg, nynorsk og bokmål? Dei som stryk i delar av faget, vil stryke i heile faget, og må ta alt på nytt. Dette er ein direkte ulempe elevar vil kunne få. Med normalordninga vil ein kunne stå i munnleg og bokmål om ein stryk i nynorsk.
Den viktigaste innvendinga vår er at talet på vurderte skriftlege innleveringar blir redusert, og det var tydeligvis meininga sidan ein ikkje vil “produsere så mye karaktergrunnlag”, som det har blitt skrive frå Kongsbakken. Bak forsøket ligg det eit ønskje om mindre retting. Dette står i strid med elevane sitt behov om meir skriftleg trening målt med karakter. Ved normalordninga ville dei fått meir skrivetrening. Det sikraste er uansett å følgje ordninga med tre karakerar, fordi det set eleven best i stand til å møte karakter- og eksamenskravet til avsluttande eksamen i norsk.

torsdag 23. desember 2010

Useriøst norsk-forsøk på Kongsbakken

I Nordlys 13 desember kunngjør avdelingsleiar Odd Gaare ved Kongsbakken videregående skole at skolen har sett i verk eit forsøk med berre ein karakter i norskfaget for dei elevane som starta opp i haust. Det han ikkje fortel er at forsøket blei utsett fordi leiinga ved skolen ikkje hadde sett seg tilstrekkeleg inn i kva reglar som gjeld for forsøk i skolen. Utdanningsdirektoratet sendte søknaden i retur fordi den ikkje fylte krava som rundskriv om forsøk i skolen sett. Da godkjenninga låg føre, var halve semesteret gått.  

Den viktigaste grunnen til å vere skeptisk til forsøket er at det legg  opp til mindre skrivetrening for elevane. Talet på vurderte skriftlige arbeider er redusert. Elevane får mindre skrivetrening enn  elevar på andre skolar. Dette er stikk i strid med den medisinen ein elles skriv ut til ei skole som stadig blir utsett for påstandar om nivåsenking. Meiner Kongsbakkene at mindre skriving gir betre kunnskapar i skriving?

Gaare sitt innlegg gjør det nødvendig å presisere:
Kongsbakken har ikkje fått høve til å gjennomføre eit prosjekt med ein karakter i norsk utan vilkår. Skolen har fått lov å spørje foreldra og  elevar om dei vil vere med på eit forsøk med færre karakterar i norsk. Det er grunn til å tru at foreldra er dårleg informert om prosjektet og konsekvensane for elevane ved å delta. I følgje krava til Utdanningsdirektoratet skal skolen informere grundig om forsøket og det skal vere valfritt for foreldre/elevar å vere med. Korleis ivaretar skolen retten til valfridom? I dag er det ingen elevar/foreldre som har reservert seg mot å delta i forsøket. Kongsbakken har ikkje lagt opp til at dei foreldra som vil at deira elev skal ha tre karakterar i norsk, får det. Kan mangelen på informasjon vere ein av grunnane?

Kongsbakken vgs har i fleire år hatt dårlege resultat i norsk sidemål. Hadde det ikkje vore betre å ta tak i denne utfordringa i staden, eller er forsøket meint å skulle dekke over dette faktumet? Det einaste gledelege ser ut til å vere at Gaare skriv nynorsk, og vi ser fram til at han fortsetter med det.