Viser innlegg med etiketten Bodø - 70-talet. Vis alle innlegg

fredag 20. august 2010
"Gress på Skolegress"
I byturen i Vett og uvett er det ein kar som opphissa kan fortelje siste nytt frå bygda: "det er fesk i feskelausvatn!" Noko liknande er i ferd med å skje i byen no. Bodø-byen. Det har komme kunstgras på Skolegress.
Skolegress er den banen du ser nede i venstre hjørne på dette flyfotoet av Bankgata skole, gymnaset og tidlegare Nordland distriktshøgskole, som du ser nede framfor Skolegrus. Mange som har vokse opp med fotball i Bodø har forbanna Skolegrus fordi banen hadde steinar på storleik med ein knyttneve. Skolegrus hadde nesten ikkje grus, mest stein, og Skolegress hadde ikkje gress, berre grus. No har dette ordna seg. I desse dager legg ein det siste hand på verket. Skolegress har fått kunstgras. Til og med Skolegrus har kunstgras. Det blir artig å sjå om namna deires blir ståande.
Forresten finst det mange Feskelausvatn med masse fesk, enn kor rart det kan hørest ut.
onsdag 30. juni 2010
Jukset kommer tilbake, eller?
Det var uttrykket vi brukte på løkka i Einmoen når ein eller annan j.. filma seg til straffe, for så i neste omgang å bomme på straffa. Då var det slik sjølvaste Justitia slo tilbake. Vi hadde som dei naive, barnslege tullingane vi var, ei blind tru på at rettvisa vart gjenoppretta ved ei slags usynleg hand. Vi hadde klokkartru på at jukset alltid vart slått i bakken av ein høgare moralsk orden. Ei sterk makt heldt si usynlege og rettferdige hand over alt galt i verda.
Samstundes fekk vi erfare korleis resulta kunne bli til på grunn av juks, ja til og med at lag vann VM etter juks. Verst var det i Mexico i 1986 om ikkje med "Guds" - så i alle fall Maradonas hand. Like ille var det i Spania i semifinalen mellom Frankrike og Vest-Tyskland, der Schumacher skulle vore tiltalt av ein sivil rett for slakten av den franske spelaren Battiston. Han skulle minst vore utvist, og med 10 mann ville neppe Vest-Tyskland nådd finalen. Sidan gjekk det slag i slag. Carroll (foto over) redda ballen minst ein meter inni målet gjennom eit tigersprang i seriekamp i England mellom Tottenham og Man Utd. i januar 2005. Minst like ille var det at Henry og Frankrike skulle komme seg til VM i år gjemmom juksemål med handa. Det var ille for Irland at jukset vart ståande, trass i at ein halv million vart med på Facebook-gruppa for å kampen spelt om igjen. Folk rundt om følte med Irland, og var indignerte på fotballens vegner.
I alle tilfella svikta dommarane, mens teknologien i form av TV-kamera raskt avslørte juks. Likevel vil ikkje ansvarlege menn i svarte dressar rydde opp og opne for bruk av denne teknologien. På mindre tid enn det tar å behandle ein skadd Drogba, kunne "Guds" hand vore avslørt i Mexico, og målet til England mot Tyskland søndag vore godkjent. Irland hadde då møtt i VM i staden for dei blå franske som flaua seg ut. Kanskje det siste nettopp skjedde fordi dei juksa? Kanskje det var straffa for å jukse mot Irland at dei fekk ein trist sorti og eit elendig VM? Inntill dei grå menn i FIFA kjem til fornuft får vi seie som vi gjorde på løkka; Jukset kommer tilbake! Men då kan det hende vi enda ei stund sit dessillusjonerte att og tygg kamelhår.

Abonner på:
Innlegg (Atom)