Viser innlegg med etiketten Logodebatt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Logodebatt. Vis alle innlegg

mandag 14. februar 2011

Logoen som vart borte?

I mi tid måtte vi kjøre i gang ein større kampanje for å berge Hugin og Munin som logo for Universitetet i Tromsø. Avviklinga av logen vart stoppa. I dag ser vi konturane av ei snikavvikling trass i protestane frå tilsette, studentar og andre med kjærleik til universitetet.
Til venstre ser ein dei gamle konvoluttane til UiT, der logoen med ramnane til Odin er tydelege. Til høgre den same konvolutten, men no med ein minimalistisk logo.

Ein kan saktens spørje seg om dette er rette vegen å gå. Kva respekt viser ein for symbol og tradisjonar?
Hugin og Munin er i norrøn mytologi ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke', «Munin» tyder 'minne'. Sagnet er at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin. Mot slutten av dagen kjem ramnane attende og set seg på Odin sine skuldrar for å fortelja alt dei har sett og høyrt. Mellom anna difor var Odin den visaste av gudane. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.
Betre symbolikk kan ikkje nyttast for eit universitet.


Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.

(Grimnismol)

mandag 6. desember 2010

Nytt innlegg i Logodebatten

Frå Seksjon for Historie ved Høgskolen i Bodø har det komme eit splitter nytt logoframlegg. I grunngjevinga frå seksjonen heiter det: Vi er det friske, fagerike og luftige universitetet. Vi vil opp og fram.
Inspirasjonen bak framlegg kom etter at ein av seksjonen sine medlemmar deltok i eit barneselskap.

fredag 3. desember 2010

Logodebatt

Eg hadde ikkje komme i ny jobb før eg havna i ein ny debatt om "visuell profil". Eg har med andre ord hamna i ein ny logo-debatt. Dei siste åra har ein viss bransje kost seg glugg i hel over alle dei fantastiske logoane dei har kunna rista ut av ermet. Alskens organisasjonar og offentlege institusjonar har hatt ei leiing som sit der servilt og seier at dette var jammen fint, sjølv om dei inst inne ikkje meiner det. Ved Universitetet i Stavanger fekk eit profesjonelt firma av kreative designarar teikna ny logo, visstnok eit eller anna frå regionen med ei slags heilag kraft, nærmast ei heilag jomfru. Resultatet vart at alle i organisasjonen kalla den nye logoen for "spøgelset", for det var det dei såg. Ved Universitetet i Tromsø skulle dei ha ny profil, fordi dei fusjonerte med lærarskolen. Då hadde organisasjonen utmerka seg med ein av dei mest geniale logoar nokon sinne - Odins ramnar Hugin og Munin.
Om desse heiter det mellom anna: "Namnet Hugin tyder tanke og namnet Munin tyder minne. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin." Perfekte symbol for eit universitet som vil vere fremst i forsking og undervisning.

Etter at dei tilsette mobiliserte sterkt, måtte kommunikasjonsavdelinga strekke våpen, og utfasing av ramnane vart stoppa. Dei grafiske designarane vart forsmådde, men fekk sine premiepengar.

Så kjem det fatale utspelet frå det nye nordnorske Universitetet i Nordland, som skal ha ein slags nonfigurativ "Barbie-logo" - sitat Roger Lockertsen - som dette:

Kva er grunngjevinga for logoen utvikla av Rayon Visual Concepts AS  ? Jo, det er "kantete former satt sammen til en helhet som representerer det kontrastfylte, rå og majestetiske i det nordlandske landskapet". Og vidare:
  • Vi må assosiere til måten fjellet stuper ned i havet  
  • Hvordan lyset treffer siden av en bergvegg 
  • Det duggvåte og irrgrønne gresset innerst i en liten vik
  • Den krittvite stranden som åpenbarer seg bak en odde
  • Den høye himmelen som tindene strekker seg mot og
  • Høstfargene som speiler seg i havet
God morn, seier eg. Er det mulig, har andre sagt. Er dette eit universitet eller "visit Nordland", spør no eg. Skulle ikkje dette vere symbolar som assosierte til forsking og utdanning, eller er dette berre eit ledd i å "brande næringslivsinteresser"? Desverre Rayon Visual Concepts", dette var ikkje godt nok for meg.