|
Oppe under Monte Tonale ligg Pezzo. Lenger opp ligg hytta som Umberto Bossi proklamerte sitt uavhengige Padania i. Dit når du på ein times spasertur i vakkert alpelandskap. |
Viss du tilfeldigvis er i området nord for Milano og styrar unna dei kjente turistfellene som Lago di Garda og Lago Maggiore, men heller tar turen til Lago d'Iseo og vakre Val Camonica, kan du nå opp til eit interessant område. Her vart Italia omforma frå å vere eit tilbakeliggande landbruksland til å bli eit industrialisert land, omtrent på same tid som vi gjennomførte vårt norske under. Overgangen til industri skjedde også i dette området på den norske måten. Her var vatn nok, og fallhøgda skapte grunnlag for elektrisk kraft. På kvar ein kant av den ydylliske dalen låg det derfor eit kraftverk, og i tillegg jernverk og industribedrifter av ymse slag. Heilt øvst i dalen ligg fine vintersportsstader som Passo di Tonale, akkurat på grensa der Italia og Austerrike-Ungarn møttest fram til 1919. Her ligg også fronten mellom dei to krigførande partane frå første verdskrigen, og i Temú på eit lite krigsmuseum, kan du få informasjon om krigen oppe i fjella mellom dei to rivalane oppe i Stelvio- og Adamello-fjella. Biletet viser den bortgjømte bygda Pezzo plassert trygt under det vakre 2694 meter høge Monte Tonale. Hit valfarta italienarane for å sjå på vakker natur og vandre i fjella i dunjakke og langbukse, i staden for å søkje strendene langs kysten. For nokre år sidan proklamerte Umberto Bossi Padanias uavhengigheit frå Italia her opp i fjellheimen. Han var lei late sør-italienarar og politikarklassen i Roma. Han ville etablere republikken Padania, ei merkesak for partiet Lega Nord. Eit par hjerneslag seinare har føderalismeprosessen gått vidare i Italia, og Berlusconi har gitt etter for Bossi og co. Kva som skjer med nasjonen gjenstår og sjå, men at han heng sterkt saman er vel ei overdriving. Det rike nord vil kvitte seg med det mindre velståande sør. Under ser vi jernverksbyen Lovere mot Castro, som er kjent som produsent av understell til jernbanesett. Tenk om Mo i Rana hadde vore like vakker.
|
Lovere sett mot Castro. Marinaen til venstre foran jernverket. Kanskje det norske flytoget har understell frå Lovere ved Lago d'Iseo? |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar