Viser innlegg med etiketten Fotball - VM 2010. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fotball - VM 2010. Vis alle innlegg

onsdag 30. juni 2010

Jukset kommer tilbake, eller?

Det var uttrykket vi brukte på løkka i Einmoen når ein eller annan j.. filma seg til straffe, for så i neste omgang å bomme på straffa. Då var det slik sjølvaste Justitia slo tilbake. Vi hadde som dei naive, barnslege tullingane vi var, ei blind tru på at rettvisa vart gjenoppretta ved ei slags usynleg hand. Vi hadde klokkartru på at jukset alltid vart slått i bakken av ein høgare moralsk orden. Ei sterk makt heldt si usynlege og rettferdige hand over alt galt i verda.

Samstundes fekk vi erfare korleis resulta kunne bli til på grunn av juks, ja til og med at lag vann VM etter juks. Verst var det i Mexico i 1986 om ikkje med "Guds" - så i alle fall Maradonas hand. Like ille var det i Spania i semifinalen mellom Frankrike og Vest-Tyskland, der Schumacher skulle vore tiltalt av ein sivil rett for slakten av den franske spelaren Battiston. Han skulle minst vore utvist, og med 10 mann ville neppe Vest-Tyskland nådd finalen. Sidan gjekk det slag i slag. Carroll (foto over) redda ballen minst ein meter inni målet gjennom eit tigersprang i seriekamp i England mellom Tottenham og Man Utd. i januar 2005. Minst like ille var det at Henry og Frankrike skulle komme seg til VM i år gjemmom juksemål med handa. Det var ille for Irland at jukset vart ståande, trass i at ein halv million vart med på Facebook-gruppa for å kampen spelt om igjen. Folk rundt om følte med Irland, og var indignerte på fotballens vegner.

I alle tilfella svikta dommarane, mens teknologien i form av TV-kamera raskt avslørte juks. Likevel vil ikkje ansvarlege menn i svarte dressar rydde opp og opne for bruk av denne teknologien. På mindre tid enn det tar å behandle ein skadd Drogba, kunne "Guds" hand vore avslørt i Mexico, og målet til England mot Tyskland søndag vore godkjent. Irland hadde då møtt i VM i staden for dei blå franske som flaua seg ut. Kanskje det siste nettopp skjedde fordi dei juksa? Kanskje det var straffa for å jukse mot Irland at dei fekk ein trist sorti og eit elendig VM? Inntill dei grå menn i FIFA kjem til fornuft får vi seie som vi gjorde på løkka; Jukset kommer tilbake! Men då kan det hende vi enda ei stund sit dessillusjonerte att og tygg kamelhår.

søndag 27. juni 2010

England - "kjempers fødeland...."

Eg innrømmer gjerne at eg har eit heilt spesielt forhold til England. Det fekk blomstre i 1990, då eg reiste på måfå til Bologna for å sjå England - Belgia i åttandedelsfinalen i VM i Italia. Billettar hadde vi ikkje, men det rekna vi med å skaffe på svartebørs før kamp. Etter å ha blitt juksa av eit par lokale unggutar, som vi kjøpte to gamle billettar hos, fekk vi oss eit par gode billettar av ein omreisande amerikanar i svartebørs. Han var som amerikanarane flest heilt uinteressert i "soccer", dette britiske fotballspelet som jenter spela over dammen. I dag er det dagen derpå for USA, som rauk ut for Ghana i går i nettopp "soccer".

Vi kom til Bologna med tog, og kom inn på den legendariske jernbanestasjonen der bomba hadde tatt livet av 85 menneske og skadd 200 den 2.august 1980, midt i "anni di piombo" ("blyåra") i italiensk politisk historie. Blyåra starta med ei bombe i Milano i desember 1969, og endte med den siste bomba i Bologna 11 år seinare. På ein travel morra mista Carlo (32) og Luca Mauri (6) livet. Far og son? Det gjorde også Maria (24) og Angela Fresu (3). Mor og dotter? Bak det heile stod ikkje det ekstreme venstre i Italia, som alle først tenkte, men komplottet var sjølvsagt totalt. Det ekstreme høgre ville at det ekstreme venstre skulle få skulda, så dei sette det heile i scene for å utløyse unntakslovar for å kunne arrestere og internere politiske fiendar på venstresida. Den politiske tilstanden var kaotisk og spelereglar for normal politisk diskusjon var sett heilt ut av spel.

Det var vemodig å komme til Bologna. Det var sterkt å bli tatt hand om av av Carabineris som geleida oss rett i bussen. Dette var ikkje å vente etter at britiske hooligans hadde lagd bråk i Rimini berre nokre dagar tidlegare. No vart vi behandla som britar i ein slags unntakstilstand. Eg forstod straks korleis det var å bli tatt hand om som kveg og mistenkelege kryp, og korleis det lett kunne utarte seg deretter når ein blir behandla slik. Framfor meg i bussen stod ein pur ung gut med hjelm og kølle og alle hadde våpen. Vi var fanga i bussen og ein vepna soldat dekte kvar dør i bussen. Ingen fekk komme ut før dei var geleida trygt til stadion. Ingen fekk gå dit bort gjennom byen på eiga hand. Det betydde bråk, og bråk var det siste Bologna ville ha.

Utafor stadion i Bologna fekk vi billettar etter ei stund i bedaring. Billettane kosta 600 kroner stykket, noko som vart rekna som mye den gang, men pytt pytt. Det var VM. Kampen var spennande, stemninga elektrisk og Belgia yppa seg stadig. Dei hadde mange gode spelarar. Det heile gjekk til ekstraomgangar, og folk venta på straffesparkkonkurransen, men David Platt avgjorde med ei sein skåring, og lønn for strevet vart ein overgang til italiensk fotball, Sampdoria og hamnebyen Genova. Platt og co gjekk seinare vidare til semifinalen der dei tapte på straffar for Tyskland. Då gråt Paul Gascoigne sine modige tårar, og England vann stor sympati. No er tida inne for å revansjere dette sure nederlaget. Måtte England vinne, og som Bjørge Lillelien  sa det: England, kjempers fødeland – Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana ....... 

onsdag 23. juni 2010

Defoe - dagens helt i England

Ja, her ser vi altså skoa til Defoe. Lurar på om det var dei grøne han skåra med, eller kanskje var det dei til venstre (grå og blå). Tja, det får vel sladrepressa bestemme, men for å seie det som sant er. Sist eg trefte Jermain Defoe skåra han fire i ein kamp. Hadde kompisane mine frå 70-talet lest denne bloggen, hadde dei sagt: "får æ ta på dæ"?

mandag 21. juni 2010

Adjektivbruken i TV2 - "fantastisk"

Så har fotball-festen vara i snart to veker og mangt kan seiast om det heile. Førebels kan vi vel berre konstatere at vorspielet så vidt er i gang. Det har enno ikkje tatt heilt av. Det skaper litt irritasjon frå dei som vil ha kreativ fest-fotball med fokus på det å skape sjansar og dermed fleire mål, i staden for som no: dei destruktive når for mykje gjennom med sitt destruktive spel i for stor grad. Noko av det mest irriterande er derimot verken dette eller vuvuzelaen, men adjektivbruken til TV2 sine gutar, for det er gutane som styrar der. Ikkje er det plass for kompetente jenter, berre når ein skal ha staffasje eller eit eller anna som kan supplere det kulturelle feltet i studio, for å gje kunnskap om eit spennande land ei kvinne har vore på besøk i. Her har TV2 noka å lære av svenskane, som stiller med fotballfagleg kompetanse frå personar av det "annet kjønn" kvar dag. Bravo for det.
Nok om det. Det var adjektivbruken som irriterte. Når Alsaker klarer å sjå det fantastiske i alt som skjer av pasningar som ikkje går feil, kårnerar som går dit dei skal og skot som er nokonlunde farlege, så er det for fantastisk dårleg. Her finst det eit vell av nyansar. Skotet kan vere bra, brukbart, nokolunde vellukka, mislukka, dårleg utført, mykje bra, særs bra, brilliant, berre for å nemne nokre nyansar som finst i norsk språk, men her finn verken Alsaker eller Semb anna superlativ enn "fantastisk". Og det til og med som adjektiv om nokså middelmådige prestasjonar. Berre ved eit høve vart adjektivet "eksellent" nytta om ein brasilianar mot Elfenbeinskysten. Elles var det "fantastisk". Dette blir som universiteta sin bruk av den nye karakterskalaen. Når alle studentar får karakteren A, veit ein ikkje lengre kva karakter ein skal gje til den verkeleg gode prestasjonen. Kva er dessutan vitsen med karakterane B, C, D, E og F.  TV2: Sjerpings! Alt er ikkje fantastisk!

tirsdag 15. juni 2010

Ka blir det neste? Didgeridoos?

Etter å ha lidd seg gjennom fleire uinteressante fotballkampar der det knapt nok vart skapt ein einaste sjanse, er målsnittet for kvar kamp i VM i fotball omtrent eitt mål pr. kamp. Det som skulle bli eit fyrverkeri har vel blitt til ein eitt grams kinaputt. Rett nok ein våt ein. Verst så langt er det vel at lokalbefolkninga satsa alt på basunar for å skape stemning. Kan ikkje ein eller annan med myndigheit ta frå dei tåkelurane og be dei slutte å lage lydar som øverdøvar alt og alle? Til og med Nils Johan kjem bort, og det er jo nesten for ille. No er det vel på tide at vektarane kjem tilbake på arbeid så vi får gjort noko med problemet. Tenk om Australia skulle få VM og folk skulle bli plaga med eit kor av 10 000 Didgeridoos som trengte seg inn i hjernen din og tok over lydbiletet? Dette er ein sak for Arbeidstilsynet. Nei, her er vel løysinga på problemet at det blir spelt betre. Underhaldningsverdien er liten, og dei som har komme på kamp har anna å gjøre enn å følgje med på kampen. Det blir som første gongen "bølgen" vart introdusert til VM i 1986 i Mexico. Hundre tusen tilskodarar dreiv og reiste seg til stadigheit som ein bølgje, noko som visstnok var vanleg i Mexico. Effekten var som ein fest på stadion under Folkerepublikken Koreas nasjonaldagsfeiring, eller som under linjegymnastikken under landskongressen til NSDAP i mellomkrigsåras Tyskland - stilfullt, med fin presisjon og samtidig koordinering. Likevel må eg vel seie meg einig med Dag Solstad, som vart forvirra av fenomenet i Mexico. Han måtte stadig reise seg for å få sett kampen, fordi alle dei andre stadig dreiv og stod i vegen. Kunne dei ikkje følgje med heller?
Ja, kanskje er eg litt konservativ? Kanskje set eg for mye pris på samspelet mellom publikum og aktørane nede på det grøne graset? Gje meg ein god gamaldags fotballkamp, og få slutt på den konstante bisvermen av basunar som riv verre i ørane enn Jerikos basunar.

fredag 4. juni 2010

VM i fotball - ei kjærkommen avkopling

No er det lite å gle seg over på den heimlege fotballfronten for tida. Bodø/Glimt er elendig og TIL i tet i tippeligaen. I tillegg spelar landslaget sin sedvanlige haltande kommunefotball. Det er grått. Då er det endå godt at at vi har eit VM i anmarsj, og utan å legge for mye i det kunne eg vel tenkt med at England gjorde det bra i og med at Tottenham har fire mann med i troppen. Likevel ser eg for meg at det kan bli dels traurige greier å sjå England etter eit par oppvarmingsmatchar der det lukta meir gråstein enn gull. I går vart eg dessutan mektig imponert over Mexico som med eit forsvarspela ala Barcelona jobba knallhardt med gjenvinning slik at Italia knapt fekk låne ballen. Viva! Dette kan bli ei overrasking. Det verste er at dei er i ei solid pulje med Frankrike, Sør-Afrika og Uruguay. Her kan det bli mye artig! Ein ting er sikkert. Det blir ei kjærkommen avveksling frå Lottoliga og Vikarbyrdivisjonens gråe kvardag.