fredag 20. august 2010

"Gress på Skolegress"

På Skolegress er det i ferd med å bli kunstgras. Til og med Skolegrus får kunstgras. I ein radius på 200 meter får Bodø by sin tredje og fjerde kunstgrasbane til glede for den oppvoksande slekt. Lysa frå Aspmyra i bakgrunnen.

I byturen i Vett og uvett er det ein kar som opphissa kan fortelje siste nytt frå bygda: "det er fesk i feskelausvatn!" Noko liknande er i ferd med å skje i byen no. Bodø-byen. Det har komme kunstgras på Skolegress.
Skolegress er den banen du ser nede i venstre hjørne på dette flyfotoet av Bankgata skole, gymnaset og tidlegare Nordland distriktshøgskole, som du ser nede framfor Skolegrus. Mange som har vokse opp med fotball i Bodø har forbanna Skolegrus fordi banen hadde steinar på storleik med ein knyttneve. Skolegrus hadde nesten ikkje grus, mest stein, og Skolegress hadde ikkje gress, berre grus. No har dette ordna seg. I desse dager legg ein det siste hand på verket. Skolegress har fått kunstgras. Til og med Skolegrus har kunstgras. Det blir artig å sjå om namna deires blir ståande.

Forresten finst det mange Feskelausvatn med masse fesk, enn kor rart det kan hørest ut.

2 kommentarer:

  1. Det var faen meg på tide. Eg er full av arr. Unngjekk kroniske smertar men alle var vel ikkje like heldige med det..

    SvarSlett
  2. Ein milepæl i byens historie..Snufs. Vi kjem til å savne blodet og gørra etter sklitaklingar på skilegrus...

    SvarSlett