Det er mange tegn i tida på at diskusjonsklimaet har hardna til i landet vårt. Nokre har til og med spurt seg om vi er på veg inn i ein ny fascisme, fordi meir ekstreme haldningar dominerer det politiske ordskiftet. Overfor nynorsk ser ein det særleg. Dagleg mobbing, einsidig hets og usakleg argumentasjon florerer.
Det er ikkje nytt. For nokre år sidan kom Unge Høgre med eit utspel der dei oppmoda om å brenne bøker. I samband med produksjonen av tre reklamefilmar der dei ville fronte at dei ikkje likte nynorsk, skulle ein "sosialist plassert i et industriområde" stå ved sida av ei brennande tønne. "Sosialisten" skulle fortelje at han ville "tvinge alle elever til å ha sidemål". Så skulle ein einsam ryttar frå Unge Høgre komme inn på scena og ta fram nynorsk-ordboka, før han proklamerte at "elevane selv må få velge sidemål". Deretter kasta han nynorsk-ordboka i den brennande tønna. Høgre fekk stoppa prosjektet, fordi det minna for mykje om ting ein kjente frå Hitler-Tyskland.
Denne ansvarlegheita har endra seg i det siste, som når høgreordføraren i Enebakk, Tonje Anderson Olsen skriv innlegg om kor frykteleg det er med "Spynorsk". Dei vaksne har ansvar for kor lista for debatten ligg. Til alt overmål gjør dei saka om til eit spørsmål om formalitetar. Det er ikkje nynorsk dei er i mot, berre "sidemål". Eller, vi skal sjølvsagt ikkje bøye oss for usakleg argumentasjon, men vi må ta omsyn til hatet. Dette er eit utslag av kampanjene til blant anna Høgre, sjølv om Erna Solberg har mana til ansvarlegheit.
I går kom eit nytt utspel, denne gongen frå FRP i Narvik. Her ville tre elevar fremje demokratiet ved ei underskriftskampanje mot nynorsk. Dei ville inn på skolen for å få underksrifter, men skoleleiinga bad dei forlate området. Reaksjonen let ikkje vente på seg. Det var ikkje berre eit overgrep mot demokratiet og ytringsfridomen, det utløyste også tirader av utfall mot nynorsk. Skolen er ein stad å lære, ikkje å vere, heitte det før i Høgrekretsar. I dag er skolen ein stad å hetse og å hate. Kor blir det av krav til kunnskap og logisk argumentasjon?
I eitt innlegg etter debatten i Narvik heitte det: "de som har dette førrbannede grautmålet som si dialekt kan vel førr svarte berre hold det der nede på “austlandet” . trudde de hadde kutta ut denne dialekten førr lenge sia, koførr ska vi ikke lær trøndersk likesågodt, mange fleire artige utrykk i den dialekten enn i denne førrbannede satans grautmålet som sku ha vært førrbudt førr mang herrens årsia!!!!!!"
Det som hadde provosert vedkommande til å skrive så sterkt var "Harry Hole", som skreiv:
"Er vel ikke bare å fjerne et språk. Så jævla typisk FRP. Populært blandt de fleste med IQ som skonummeret og lavere. Si dette til de som faktisk har nynorsk som morsmål".
For ei tid tilbake kom til og med nestleiar Helga Pedersen i Arbeidarpartiet på banen med sitt framlegg om å bytte nynorsk ut med samisk, som om det dempa hatet. (Ikkje ein gong ho syntes å vere klår over at samiskspråklege i dag har "valfritt sidemål"). I staden fekk Pedersen denne typen støtte:
"Dette måtte jo selfølgelig komme fra arbeiderpartiet,hadde det vært 1 april kunne man nesten tro at det var en April spøk,men neida,fult alvor.nå er ikke jeg noen tilhenger av norsk sidemål heller,men det er ikke sagt med det at vi så absolutt må ha et sidemål.Få heller innført flere timer i grunnskolen med norsk bokmål.enda er det noen som går ut av grunnskola uten å kunne lese eller skrive.Er jo bare redd for at vi får enda flere som vil slite faglig vist samisk skal innføres som et obligatorisk fag.La heller samisk være et valgfag i skolen."
Gjør dette eksperimentet: Søk på Google på ord som "hate" og "nynorsk". Sjå deretter resultatet. Det er skremmande, spør du meg. Som dette:
"Hate ny"norsk"!!!!!! "Kommer kanskje ikke som en bombe på mange men jeg HAAATER NY"NORSK"!!!!!!!! Forbanna helvettes horespråk!! åååååhh!!!!! Jeg driver sammen med Arnis Antinynorsk, "klubben" for alle som hater nynorsk eller er litt irritert på det forbanna fjøs-latin språket. Vi har fått masse henvendelser fra sinte folk som hater nynorsk og som vil melde seg inn. Noen har også lagt ved en kommentar med innmeldelsen."
Vi treng meir edruelegheit i debatten her heime, og ikkje minst må vettuge folk melde seg på. Bytt for eksempel ut nynorsk med same, neger eller jøde neste gang du les tullet frå dei som hatar mest.
Eller som "Frk. Onsager" skriv på bloggen sin:
"Jeg hater det. Nynorsk er et stygt språk, og reglene for hvordan skrive, bøye verb, analysere setninger og i det hele tatt utale språket er umulig."
Då nynorsk vart innført som obligatorisk i lærarutdanninga i si tid skal visstnok Knut Hamsun ha kalla det for "negerpjatt". Det er vel symptomatisk for kva haldningar det er som er i sving, når det er Hamsun som ser ut til å vere det politiske og retoriske idealet til dei som hatar mest. Det er dette hatet som skapte ABB. Det er sjølvsagt desse kreftene som gjør ein politikar redd. Å innta upopulære standpunkt krev rak rygg.
Viser innlegg med etiketten Språk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Språk. Vis alle innlegg
tirsdag 20. mars 2012
mandag 7. februar 2011
Vanskeleg debatt om språk
![]() |
| Samisk er ikkje lett å svelgje i Bodø heller |
"Jeg for min del synes vi burde få ett Bodø-skilt på arabisk, det vil være minst like naturlig som å ha det på samisk. Det er tross alt et folkeslag som har satt et større preg på byen enn samene, og er mer synlige både i politikken og kulturlivet enn både lulesamer og pitesamer tilsammen."
Ja for arabisk er jo eit kjerneområde i Salten?
Og denne: "Det er helt utrolig at samene i det hele tatt får ha et samisk skilt i Bodø. Begge de samiske navnene er oppkonstruert i nyere tid pga samene ikke hadde noe navn på Bodø. Likevel hevder de det er et samisk område. Når skal denne galskapen stoppe."
Ja for bokmål er jo eit naturleg språk, og det danske namnet Bodø er jo sjølvsagt skapt av naturen sjølv, eller Gud, eller noka anna naturleg?
Verre vart det etterkvart:
"Send samene og alt de representerer til Sibir, så får vi slutt på galskapen!" og "Samene er et fornuftig og praktisk folkeslag som ikke ønsker djevelske ord i sitt vokabular. Ellers er de fullstendig klar over at Muhammed egentlig var en utstøtt rein."
Høgdepunktet var likevel denne:
"Fjern hele møkka skiltet, det skal kun skiltes på Norskt i Norge……… Bodø er og blir Bodø og ikke Båsdfklmrfgnlkgknjvr eller hva faen disse samene nå vil kalle det."
Ja, ja, det skal ikkje vere enkelt med språk i Noreg, men det veit jo vi målfolk alt om. Norske namn er det jo for all del ikkje snakk om å bruke i Tromsø, Vardø, Vadsø og Bodø. Der får vi sette vår lit til Harstad og Narvik som aldri vart fordanska slik "Bodøen" vart.
mandag 21. juni 2010
Adjektivbruken i TV2 - "fantastisk"
Så har fotball-festen vara i snart to veker og mangt kan seiast om det heile. Førebels kan vi vel berre konstatere at vorspielet så vidt er i gang. Det har enno ikkje tatt heilt av. Det skaper litt irritasjon frå dei som vil ha kreativ fest-fotball med fokus på det å skape sjansar og dermed fleire mål, i staden for som no: dei destruktive når for mykje gjennom med sitt destruktive spel i for stor grad. Noko av det mest irriterande er derimot verken dette eller vuvuzelaen, men adjektivbruken til TV2 sine gutar, for det er gutane som styrar der. Ikkje er det plass for kompetente jenter, berre når ein skal ha staffasje eller eit eller anna som kan supplere det kulturelle feltet i studio, for å gje kunnskap om eit spennande land ei kvinne har vore på besøk i. Her har TV2 noka å lære av svenskane, som stiller med fotballfagleg kompetanse frå personar av det "annet kjønn" kvar dag. Bravo for det.
Nok om det. Det var adjektivbruken som irriterte. Når Alsaker klarer å sjå det fantastiske i alt som skjer av pasningar som ikkje går feil, kårnerar som går dit dei skal og skot som er nokonlunde farlege, så er det for fantastisk dårleg. Her finst det eit vell av nyansar. Skotet kan vere bra, brukbart, nokolunde vellukka, mislukka, dårleg utført, mykje bra, særs bra, brilliant, berre for å nemne nokre nyansar som finst i norsk språk, men her finn verken Alsaker eller Semb anna superlativ enn "fantastisk". Og det til og med som adjektiv om nokså middelmådige prestasjonar. Berre ved eit høve vart adjektivet "eksellent" nytta om ein brasilianar mot Elfenbeinskysten. Elles var det "fantastisk". Dette blir som universiteta sin bruk av den nye karakterskalaen. Når alle studentar får karakteren A, veit ein ikkje lengre kva karakter ein skal gje til den verkeleg gode prestasjonen. Kva er dessutan vitsen med karakterane B, C, D, E og F. TV2: Sjerpings! Alt er ikkje fantastisk!

søndag 6. juni 2010
Fantastiske VM-sitat
I desse VM-tider kjem det stadig nye gullkorn frå dei som skal delta eller frå journalistar som følgjer med på ting. Eit av dei største kom for nokre år sidan frå Manchester United sin back Phil Neville som uttalte seg slik om Brazil og Ukraina: The Brazilians were South American, the Ukrainians will be more European.
Ein annan stor fotballpersonligheit Kevin Keegan fekk også ein periode som trenar for England. Han strødde om seg med gullkorn som dette:
The Germans only have one player under 22, and he’s 23.
I don’t think there’s anyone bigger or smaller than Maradona.
Ein annan legendarisk manager, Jackie Charlton skulle ha ansvar for Irland i VM i 1990. Charlton var ikkje kjent for å hugse namn på spelarar, verken eigne eller andre. Eit døme var spissen Tony Cascarino frå Millwall, som hadde juksa seg til irske anar, sjølv om alle sjølvsagt såg at han var italiensk av avstamming. Sidan alle som sel iskrem i London er av italiensk avstamming vart Cascarino alltid kalla "the Ice Cream Man" av gamle Jackie. Han huska jo ikkje kva fyren heitte. Derfor var det ikkje rart at Charlton ikkje sette seg så godt inn i kva motstadarlaget dreiv med. Etter kampen mot Egypt i grunnspellet i 1990-VM vart han spurt ut om Egypt sine spelarar. Hadde han lagt merke til nokre spesielle?
“I couldn’t tell you. I don’t know any of their names,” og vidare:
“There was the guy with the beard, the dark lad in midfield, the little dark lad who played centre midfield, the very coloured boy, and the boy who played up-front.”
Han hadde vel vore noko for "Bakrommet"? Her hadde vel Nils Johan noka å lære?

Abonner på:
Innlegg (Atom)