"O dolce Napoli, o suol beato", heiter det i ei av versa til den napolitanske songen om St.Lucia. I god norsk bokmåls/austlands-tradisjon har ein klart å flytte dette til stallen i ein innlandsgard |
Dei song om sølvstjerna som skein over havet, om den gunstige vinden, dei fredeleg bølgjene og ba om at St.Lucia kom ombord i sin "barchetta" - båten deira. Vidare handla det nettopp om å få godt ver og god bør, og så hylla dei Napolibukta, den vakre bukta der sør; "O dolce Napoli, o suol beato". (O søte Napoli, o signa land). Derfor blir mange overraska over å høre songen blant båtfolk i Napoli-bukta heile året.
Å få songen til å bli ein bonderomantisk song om mørket som senkar seg i stallen er rett og slett for drøyt, særleg tatt i betraktning at storparten av folk i landet vårt bur langs kysten og har ei tilknyting til havet som handlar om kystkultur, fiske og fangst, samferdsel, handel og kommunikasjon, og ikkje minst i dei seinare åra offshore-verksemd. Men dette føyar seg berre inn i den tradisjonelle norske måten der dølen er nasjonens kulturbærar og bonden den viktigaste yrkesgruppa i norsk nasjonalisme, og ungar land og strand rundt må gnåle om alle dei austlandske tinga - på bokmålsk så klart. Slik går det når norske tradisjonar skal oversettast frå svensk og ikkje frå originalspråket.
Men Elvis har ikkje misforstått dette:
SvarSletthttp://www.youtube.com/watch?v=XsCBZxpoqIc