Den 11. november kl 11 i 1918 vart kanonane tause etter nyare histories verste inferno. I eit blodbad utan like hadde krigen frå 1914-18 påført dei største nasjonane i Europa sår som aldri skulle legast. Dei skulle til og med medføre så mye irritasjon blant forsmådde taparar og dei som var misnøgde med oppgjøret på vinnarsida, at det nærmast var uungåeleg med eit nytt blodbad berre 20 år seinare. I alt reknar ein med at krigen kosta 10 millionar soldatar livet, 7,7 av dei er savna og så mange som 22 millionar vart skadde. Dette var generasjonar av gutar og menn i sin beste alder, og det skapte traumar som skulle prege folk i dei deltakande nasjonane i lang tid framover.
|
Oppe ved grensa mot Austerrike-Ungarn står dette minnesmerket over tapte liv under første verdskrigen. Etter krigen vart Tyrol delt i to, og den sørlege delen vart italiensk. Det var ikkje Mussolini nøgd med, så han ville ha meir og slik vart han Italias ulukke. Grunnen var første verdskrigen og det som følgte med. |
I Italia la den første verdskrigen vegen open for folk som Benito Mussolini, medan Austerrike-Ungarn var blitt delt opp i små smular og tørsta etter å bli stor att. Vegen inn i Anschluss var kort for Austerrike, mens Ungarn også ville vere vener med Hitler då den tid kom. I aust bana krigen mellom 1914-18 vegen for ein revolusjon som skulle bli starten på eit av verdshistorias største sosiale og politiske eksperiment, med katastrofale følgjer for tsjekkarar, ungararar og aust-tyskarar, men ikkje minst for russarane sjølv og alle dei ulike etniske/nasjonale gruppene innafor det gigantiske sovjetiske imperiet.
Ingenting av dette ville vore mogleg utan den første verdskrigen. Den vesle misforståtte kunstnarspira frå Austerrike som sjølv opplevde nederlaget ved fronten den 11.11.1918 kl 11, skulle komme grusomt tilbake seinare. Korporal Schicklgruber, som han seinare foraktleg vart kalla, fordi det var namnet faren hans vart fødd til. Hitler er Hitler, og på grunn av han er det knapt nok ein mann i den vestlege verda som heiter Adolf til fornamn lenger.
I vestlege land som Storbritannia og Frankrike vart ein også prega av den første verdskrigen, som ein for alt i verda måtte unngå å gjenta. Dermed fekk Hitler friare spelerom lenger. Ein visste ikkje kva fyr ein hadde med å gjøre, og ville for alt i verda unngå ein ny krig. Til og med vesle Noreg tenkte at det viktigaste i 1938-1940 var å halde seg ute av krigen, som i 1914-18. Det skulle vise seg å vere fatalt, og etterpå denne hadde vi jo fått ein ny sterk nabo i den revolusjonære Stalins Sovjetunion - som ein følge av første verdskrigen. Det ga nye historiske erfaringar og trusselbildar.
Som vi historikarane alltid seier: - Alt heng saman med alt.
Så hugs å sjå på klokka di klokka 11 den 11.11.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar