Viser innlegg med etiketten Krigshistorie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Krigshistorie. Vis alle innlegg

tirsdag 24. mars 2015

Narvik, "Vichy-syndromet" og fransk minnepolitikk

Den første minnemarkeringa av gjenerobringa av Narvik frå 1946


 
Fleire nasjonar såg tidleg det minnepolitiske potensialet i kampane ved Narvik i 1940. Frå den første minnemarkeringa i eit fritt Noreg ser vi troppar frå mange nasjonar feire sigeren som ein ikkje kunne markere i 1940. Her ser vi avdukinga av det franske minnesmerket ved Ornesvika. Det er seinare flytta til ein meir tilgjengeleg plass nær E6 (Veteranplassen).

Korfor ville Frankrike minnest Narvik? Det var fleire grunnar til det. Ein var det lite ærerike forsvaret av fedrelandet våren 1940. På kort tid vart dei okkupert og ute av stand til å stå i mot den tyske aggresjonen. Så skjedde den like lite ærerike okkupasjonen som innebar ei forsmedeleg oppdeling av landet i ein tysk-okkupert atlanterhavsregion og eit Vichy-regime som samarbeidde med okkupasjonsmakta i resten av landet. Seinare lanserte Henry Rousso omgrepet "Vichy-syndromet", der han særleg vektla den franske manien etter å diskutere okkupasjonstida. Kritikken gjekk langt i å skulde franskmenn meir allment for å bli så opptatt av okkupasjonen at større samanhengar kom i bakgrunnen. Det heile vart prega av ein sterk "anakronisme", det vil seie at ein heile tida diskuterte krigen i lys av etterkrigstidas eiga samtid, og ikkje dei historiske samanhengane ut frå sine eigne premiss.

Narvik vart eit fyrtårn og lyspunkt i den franske kampen våren 1940. Berre der klarte franske styrkar å lukkast. Det vart halmstrået i motstandsarbeidet som skulle komme. Når Charles de Gaulle skulle regruppere styrkane sine utafor Frankrike var det mellom anna dei som hadde vore med i Narvik som skulle bygge ryggraden i det nye Frankrike. Derfor vart Narvik så viktig for Frankrike.

Dei franske minneseremoniane har vore ein årviss del av Narviks historie. her ved Narvik gravlund, der minnesmerket vart reist i 1954.

Statsekretar Jean-Marie Bockel i det franske forsvarsdepartementet skreiv slik om dette i 2010:

"Kampene i Norge og Narvik var ikke forgjeves. Franskmenn og nordmenn, side ved side, viste en felles vilje til å seire. For Frankrike, tatt i en virvelstorm av sin egen tragedie, blir fremtiden blant annet bygget på denne vilje. Seiersånden fra de norske fjorder ble tatt intakt tilbake til London. Fra fremmed legion soldater blir viljen blåst inn i den nye embrionære organisasjon skapt av general de Gaulle for å forsette kampen. De første elementer som sluttet seg til ”la France Libre” kom fra ekspedisjonskorpset som deltok i Norge. Disse menn som ikke så sammenbruddet og masseutvandringen, skapte den første benbygningen av den såkalte ”la Légion de Gaulle”. Siden sommeren 1940 brant de for den overveldende motstandsånden. Det er av dette fruktbare opphav at general de Gaulle ville skape sine første ledende militære til en stor skjebne, som: Passy, alias Dewavrin, fremtidig arkitekt av BCRA (kontor  for etteretning og  operationsjer), kaptein Koenig, Magrin-Verneret og mange andre."
 
Det var med andre ord dei som hadde vore med i Narvik som skulle gjenopprette Frankrikes ære i tida som kom. Den franske ambassadør til Noreg - Brigitte Collet- sa det slik i 2010, då det igjen var markeringar av frigjøringa av byen i 1940: "Likevel har slaget om Narvik en sterk symbolsk betydning for Frankrike, fordi det var den første seieren over Nazi-Tyskland. Det var også veldig viktig for starten for de frie franske styrkene, fordi mange soldater som kjempet i Narvik tok med seg en seiers- og motstandsånd som de overførte til det frie Frankrike. Overlevende fra ekspedisjonen i Norge var faktisk de første franskmennene som slutte seg til general de Gaulle i London."

Det er dette som gjør at Narvik er viktig. Ikkje byen i seg sjølv eller kampane der, men bruken av kampane i bygginga av den fjerde franske republikken. Den som skulle gjenreise æra til landet etter det forsmedelege nederlaget i mai og juni 1940, og som medførte ein fire-fem år lang okkupasjon.

Og så fekk jo dei franske der heime vite kva som skjedde der oppe i nord gjennom filmaviser på eit heilt anna vis enn ein gjorde i det dels okkuperte Noreg. For Narvik vart ein del av Vichy-syndromet, der det etter krigen vart viktig å rydde ut og rydde opp og gjenskape trua på Frankrike. For som det vart sagt om våren 1940 i fransk historie: "Crushed, humilated, derelict, the entire nation suffered a profound and prolonged traumatic shock" (Henri Michel, 1970: 165). Det er dette sjokket Narvik har blitt brukt til å komme over.
Dei franske ofra og sigeren ved Narvik fekk ekstra verdi i tida som skulle komme i Frankrike. Dei som deltok der skulle bygge ryggraden i Forces Francaises libres (FFL)  i London og inspirere den franske motstandsrørsla i heimlandet

 

 
 
 

 
 

mandag 23. mars 2015

Det var Hitler-Tyskland sin feil

Det var tyske okkupasjonsstyrkar som senka sivile og militære fartøy på Narvik hamn 9. april 1940

Så er vi i gang igjen. Diskusjonane kring aprildagane 1940 er i full gang, og den eine etter den andre kjem med bebreidande anklagar mot regjeringa Nygaardsvold for sitt svik i 1940, regjeringa Gerhardsen for behandlinga av krigen i 1945 og utover. Og for ikkje å glømme forsvaret. Storparten av offiserskorpset var nazivenlege og la gladeleg ned våpen for å overgje landet til okkupanten.Og så var det alt det som er glømt. Det vi medvite har utelatt frå minnet fordi det var for vanskeleg å forholde seg til, for kontroversielt eller mislikt. Glømsel, fortielse og underkommunisert historie, har vore blant dei mest brukte omgrepa som skulle karakterisere denne minnepolitikken, som nokon eller nokre stod for. Sanninga skulle ikkje fram, til det var ho for vanskeleg å hanskast med.

Erfaringsrom og forventingshorisont

Det største problemet er at ein etter krigen har nytta all vurdering av hendingane våren 1940 til å drive etterrasjonalisering. Fordi vi visste kva som skjedde etterpå kunne vi lett forklare det eine og andre ut frå det vi såg skjedde i ettertid. Som historikar må ein forklare hendingane ut frå sine eigne premiss. Då kjem vi ikkje utanom  eit omgrep som "forventningshorisont". Vi trudde heilt og fullt at vi skulle kunne vere nøytral, og våre erfaringar - vårt "erfaringsrom" - hadde gitt oss støtte til det gjennom erfaringa frå den første verdskrigen. Det var derfor overraskande at Tyskland angreip Noreg. Det kom like brått på for oss som det gjorde for Polen, Tsjekkoslovakia, Frankrike, Belgia og Nederland. Ja, til og med Sovjetunionen vart tatt på senga. Dei hadde jo ein ikkje-angrepspakt med Tyskland, så korfor skulle dei få han veltande inn på stuegolvet?

Hitler-Tyskland hadde skulda

Så var dette med skulda for den norske miseren. Kven sin feil var det? Var det utanriksminister Koht, eller han som fekk syndebukk-stempelet saman med Koht, statsminister Johan Nygaardsvold?
Jo, svaret er såre enkelt. Det var Hitler-Tyskland sin feil. Dei og ingen andre. At det norske samfunnet skulle ha brukt store ressursar til å militært stå opp mot det sterkaste industrinasjonen i verda som teknologisk langt ovegjekk oss kva nivå, raffinement og kapasitet gjaldt. Kva er Kongsberg Våpenfabrikk i forhold til Krupp og Thüssen? Kunne vi hamla opp med den tyske krigsmaskinen utan å påføre oss sjølv store sivile, militære og materielle tap? Svaret på desse spørsmåla er nei. Noreg var ingen krigsnasjon, slik Tyskland på få år var blitt. Fleirtalet av norske politiske parlamentarikarar på Stortinget ville det slik. Ikkje berre Ap og Nygaardsvold/Koht.
Eg gjentar det derfor; Tyskland hadde skulda for okkupasjonen av Noreg. Å meine noko anna er som å skulda lettkledde jenter for at dei blir valdteke, fordi dei kler seg utfordrande.

torsdag 20. januar 2011

Då Holocaust kom til Narvik

Den 27. januar markerer den internasjonale Holocaust-dagen. Det dagen då sovjetiske styrkar gjekk inn i konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Først då fekk ein oversyn over omfanget av nazistiske overgrep, hovudsakleg retta mot jødane. I denne leiren hadde også ni av 15 jødar frå Narvik døydd som ledd i Holocaust.
Samuel Fischer frå Narvik døydde berre 35 år gamal i Auschwitz i 1943. Her fotografert saman med Inga Andreassen i glade dagar i Ofoten.

Tiltak mot Holocaust-fornekting
Det var i 2006 FN tok initiativ til minnemarkeringa som både skulle ære alle ofra etter Holocaust og samstundes styrke respekt og verdigheit for enkeltindividet. Dessutan ville FN feire mangfald, styrke menneskerettane og slå ned Holocaust-fornekting. Det siste var kanskje viktigaste, då antisemittisme vann fram, hand i hand med andre formar for diskriminering.                   
                         Norske krigserfaringar
                         Den norske krigserfaringa lærte oss verdien av å stå i mot totalitære regime  og diktatur, men også om korleis rasediskriminering med under- og overordning av raser fungerte i all sin gru. Nordpå såg vi korleis jugoslaviske og sovjetiske krigsfangar vart pint til døde, og først seinare fekk vi vite om våre eigne forfølgde sine opphald i fangeleirar i Noreg og på kontinentet.
Politifolk blir fjerna
Frå Narvik vart det for eksempel sendt fire politifolk som ikkje let seg kue til leiren Stutthof i Polen. Ein av Narvik-gutane, Rolf Berg sa til Fremover i 1995 at unge menn i sin beste alder fekk høve til å arbeide seg til døde i leirene, medan kvinner, barn og eldre blei rekna for uproduktive, og gassa i hel. Trass i prøvelsar fekk dei ikkje den same hardføre behandlinga som dei verst utsette. Berg var norsk og fekk rasjon og arbeidsbyrde av anna kaliber enn jødar, sigøynarar og andre såkalla ”undermenneske”.
Caplan-familien sin lagnad
Kjøpmannen Jacob Caplan kom ikkje tilbake til Narvik etter krigen. Han var blant dei første arresterte jødane nordpå, da familien vart vekt av støy utafor huset i Øvre Promenadegate 18. juni 1941. Ved megafon ropte politiet at alle menn måtte komme på gata, og deretter vart Caplan deportert sørover saman med faren og fire brør, og fleire andre jødar frå landsdelen, deriblant Martin Fischer frå Narvik. Livet enda i ei tysk konsentrasjonsleir, slik det også gjekk med Narvik-direktør Isac Pickelner.
                        Mirakel for Sara, Sammy og Harry Caplan
Men kona til Caplan, Sara og sønene Sammy (Salomon) og Harry, berga livet på mirakuløst vis. Dei vart arrestert og sendt til Bredtveit fengsel i Oslo i november 1942. I kaoset under eit bombeangrep på Bredtveit fekk Sara hjelp til å rømme av en tysk offiser. Etter ein rask operasjon var dei tre på veg med tog til Saras fødeby København, der dei gjekk under jorda, før dei rømte i hui å hast til Sverige med ei fiskeskøyte i 1943. Den danske motstandsrørsla var meir aktiv enn den norske i redninga av danske jødar, men så hadde dei betre vilkår for å få folk til Sverige. Etter krigen budde Harry i USA. 
Familien Fischer
Familien Fischer, var  jødar etablerte firmaet «Narvik herreekvipering» då dei kom til byen på 1920-tallet. Firmaet låg i Kongens gate 14 der Posten og Politiet er i dag. Overfallsdagen 9.april 1940 rømte familien til Skjomen saman med den jødiske familien Caplan. Der vart dei til dei allierte kapitulerte 10.juni, men Abel Fischer og onkelen Samuel var overtydd om at jødar gikk utrygge tider i møte. Dei tok seg derfor til Sverige same sommaren.  
                        Jødearrestasjonen i Narvik
Då vakthavande ved Narvik politikammer kom på jobb klokka 24.00 den 25.oktober 1942, låg arrestordren på resten av dei mannlege jødane i Narvik på pulten. Oscar Emanuel Bernstein, David, Samuel og Wulf Fischer vart arrestert, og for at ingen skulle sleppe unna måtte arrestasjonen skje før klokka seks. Dei fekk berre med undertøyskift, strømper, spisebestikk, rasjoneringskort, toalettsaker og legitimasjon. Arrestordren var underskriven av ein sentral NS-mann i byen, tidlegare sekretær for Nazi-ordføraren, no politiløytnant.
                        David Fischers feilgrep
David Fischer hadde vore saman med Abel i Skellefteå, og etter ei tid der gjorde han det feilgrepet at han reiste tilbake til Narvik for å hjelpe broren med forretningane. Abel Fischer advarte han, men onkelen var urokkeleg: «Hadde han hørt på meg, kunne han kanskje ha levd i mange år. I stedet endte han sitt liv i Auschwitz tre år seinere», forklarte Abel 50 år seinare.
                        Mange jødar arrestert
Jødearrestasjonane i Narvik som i resten av landet skjedde raskt og utan varsel takk vere eit lojalt politikorps og samarbeid med lokale nazistar. Abel Fischer var sår då han seinare hørte at arrestasjonen av faren Martin, mora Bertha, søskena Wulf,  Idar og Lilian, og onklane Samuel og David vart gjennomført med støtte frå angivarar og lokale nazistar. Med på arrestasjonane var folk familien kjente frå lenge før krigen. Ein annan grunn til at få jødar slapp frå det i live, var at dei ikkje skjønna faren for å bli arrestert og deportert. Far til Abel trudde ikkje slikt kunne skje i fredelege Noreg. Han døde i gasskammer i Tyskland. Alle jødar vart dessutan kartlagt, og fekk stempla «J» som symbol for jøde i passet. Med slike pass fekk dei ikkje reise, og vart effektivt halde på plass.                     
Borch-Johnsen reddar Oscar og Sara Bernstein
Ekteparet Oscar og Sara Bernstein fekk derimot hjelp av motstandsrørsla. Då Oscar skulle arresterast, vart han innlagt på Narvik sykehus med ”magesår”. Slik unngikk han å bli skipa i veg med dei andre jødane. Då han vart arrestert att, nekta sjukehuset å skrive han ut før han var frisk, og han vart innlagt i fem månader. Kona Sara vart arrestert og sendt til Bredtveit i november 1942, men fordi tyske ordre sa at kvinner ikkje skulle deporterast utan ektemakar, vart ho returnert til Narvik. 25.mars 1943 vart paret atter arrestert for deportasjon. Dei vart henta og kjørt til ein ventande båt i hamna som skulle gå fire timar seinare. Oscar Bernstein ba om å få vente på sjukehuset til avgang, og då transporten vart forpurra ei veke, kom ordren om å fengsle Bernstein. Overlege Borch-Johnsen hadde då skaffa legeattest, og Bernstein slapp å sitte i arrest. Deretter utførte XU-leiaren Borch-Johnsen fleire krumspring slik at Oscar og Sara Bernstein kom seg med tog over til Sverige: Først utførte han ein medisinsk «liksomoperasjon». Deretter hjelpte han til med flukta med jernbanen, der lokomotivførar Gustav Bengtzon gjømte ekteparet i kolkassen i lokomotivet. Frå loket vart dei smugla inn i ei tom, plombert godsvogn oppe på fjellet, og vidare over grensa.
                        Minnearbeid er viktig      
I dag er det lite att som minner oss om det jødiske innslaget både i Narvik, og andre nordnorske byar. Det trass i at landsdelen òg var del i det omfattande antisemittiske prosjektet Holocaust. Derfor er det viktig og minnest om det som skjedde her, fordi flesteparten av dei som kan fortelje om det vart tatt av dage. Berre gjennom slikt minnearbeid kan vi ta vare på FN sine intensjonar om respekt og verdigheit for enkeltindividet, feire mangfald og styrke menneskerettar, og hindre Holocaust-fornekting. Det skuldar vi Isac Pickelner, familiane Caplan, Bernstein og Fischer, og alle dei andre som mista livet eller vart merka som følgje av Hitlers ideologiske skrekk-regime.

Jødar frå Narvik som døydde i Auschwitz i 1942-43

Fam.-namn
For-namn
Fødd
Yrke
Arrestert
Deportert
Skip
Død
Alder
Pickelner
Isak
1887
Direktør
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
Jan 43
55
Caplan
Jacob
1903
Kjøpm.
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
19.3.1943
39
Fischer
Bertha
1897
Husmor
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
3.3.1943
45
Fischer
David
1899
Bedrifts-eigar
26.10.1942
26.11.1942
Donau
1.12.1942
43
Fischer
Martin
1895
Kjøpm.
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
5.1.1943
47
Fischer
Samuel
1907
Bokf.
26.10.1942
26.11.1942
Donau
12.1.1943
35
Fischer
Wulf
1922
Bonde
26.10.1942
26.11.1942
Donau
1.3.1943
21
Fischer
Lilian
1928
Skole-elev
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
3.3.1943
14
Fischer
Idar
1931
Skole-elev
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
24.3.1943
11

torsdag 11. november 2010

11.11. kl 11

Den 11. november kl 11 i 1918 vart kanonane tause etter nyare histories verste inferno. I eit blodbad utan like hadde krigen frå 1914-18 påført dei største nasjonane i Europa sår som aldri skulle legast. Dei skulle til og med medføre så mye irritasjon blant forsmådde taparar og dei som var misnøgde med oppgjøret på vinnarsida, at det nærmast var uungåeleg med eit nytt blodbad berre 20 år seinare. I alt reknar ein med at krigen kosta 10 millionar soldatar livet, 7,7 av dei er savna og så mange som 22 millionar vart skadde. Dette var generasjonar av gutar og menn i sin beste alder, og det skapte traumar som skulle prege folk i dei deltakande nasjonane i lang tid framover.


Oppe ved grensa mot Austerrike-Ungarn står dette minnesmerket over tapte liv under første verdskrigen. Etter krigen vart Tyrol delt i to, og den sørlege delen vart italiensk. Det var ikkje Mussolini nøgd med, så han ville ha meir og slik vart han Italias ulukke. Grunnen var første verdskrigen og det som følgte med.

I Italia la den første verdskrigen vegen open for folk som Benito Mussolini, medan Austerrike-Ungarn var blitt delt opp i små smular og tørsta etter å bli stor att. Vegen inn i Anschluss var kort for Austerrike, mens Ungarn også ville vere vener med Hitler då den tid kom. I aust bana krigen mellom 1914-18 vegen for ein revolusjon som skulle bli starten på eit av verdshistorias største sosiale og politiske eksperiment, med katastrofale følgjer for tsjekkarar, ungararar og aust-tyskarar, men ikkje minst for russarane sjølv og alle dei ulike etniske/nasjonale gruppene innafor det gigantiske sovjetiske imperiet.

Ingenting av dette ville vore mogleg utan den første verdskrigen. Den vesle misforståtte kunstnarspira frå Austerrike som sjølv opplevde nederlaget ved fronten den 11.11.1918 kl 11, skulle komme grusomt tilbake seinare. Korporal Schicklgruber, som han seinare foraktleg vart kalla, fordi det var namnet faren hans vart fødd til. Hitler er Hitler, og på grunn av han er det knapt nok ein mann i den vestlege verda som heiter Adolf til fornamn lenger.

I vestlege land som Storbritannia og Frankrike vart ein også prega av den første verdskrigen, som ein for alt i verda måtte unngå å gjenta. Dermed fekk Hitler friare spelerom lenger. Ein visste ikkje kva fyr ein hadde med å gjøre, og ville for alt i verda unngå ein ny krig. Til og med vesle Noreg tenkte at det viktigaste i 1938-1940 var å halde seg ute av krigen, som i 1914-18. Det skulle vise seg å vere fatalt, og etterpå denne hadde vi jo fått ein ny sterk nabo i den revolusjonære Stalins Sovjetunion - som ein følge av første verdskrigen. Det ga nye historiske erfaringar og trusselbildar.

Som vi historikarane alltid seier: - Alt heng saman med alt.

Så hugs å sjå på klokka di klokka 11 den 11.11.