fredag 20. august 2010
"Gress på Skolegress"
I byturen i Vett og uvett er det ein kar som opphissa kan fortelje siste nytt frå bygda: "det er fesk i feskelausvatn!" Noko liknande er i ferd med å skje i byen no. Bodø-byen. Det har komme kunstgras på Skolegress.
Skolegress er den banen du ser nede i venstre hjørne på dette flyfotoet av Bankgata skole, gymnaset og tidlegare Nordland distriktshøgskole, som du ser nede framfor Skolegrus. Mange som har vokse opp med fotball i Bodø har forbanna Skolegrus fordi banen hadde steinar på storleik med ein knyttneve. Skolegrus hadde nesten ikkje grus, mest stein, og Skolegress hadde ikkje gress, berre grus. No har dette ordna seg. I desse dager legg ein det siste hand på verket. Skolegress har fått kunstgras. Til og med Skolegrus har kunstgras. Det blir artig å sjå om namna deires blir ståande.
Forresten finst det mange Feskelausvatn med masse fesk, enn kor rart det kan hørest ut.
onsdag 18. august 2010
"Do not be satisfied with mediocrity"
![]() |
| Toyota Corolla 1.3 - kjedeleg design, kjedeleg å kjøre, "ein bil for hvermannsen" |
No må eg likevel seie det rett ut; eg har brote med mitt motto. Eg har kjøpt meg ein Toyota. Bilen til "Hvermannsen", den uendeleg kjedelege japanske kvardagsslitaren som aldri kan by på ei einaste lita overrasking i form av dyrt bilhald, dårleg kvalitet, sporty kjørestil eller fancy design.
Til og med folk som ikkje har greie på bil seier det same. Når ein søkjer på "hvermannsen og bil" på internettet kjem det sjølvsagt opp ein diskusjon om Toyota. Ei dame på Kvinneguiden sitt nettforum tenkjer å kjøpe seg ein Toyota Avensis. Kommentaren frå "Nabodama" er dekkande for mitt syn: "Fryktelig kjedelig valg, synes jeg da".
Kva blir det neste då? At eg set meg med i raud drakt og heiar på Man Utd eller Liverpool, får sesongkort på Alfheim, spiser Grandiosa fire dagar i veka og startar med å skrive bokmål? Nei, Gud forby. Ein Toyota Corolla får vere evig nok.
søndag 8. august 2010
Matnyttig historie
I løpet av sommaren har eg hoppa frå å vere administrativt tilsett i universitetssektoren til å bli historikar. Planen er å vere førsteamanuensis i tre år framover, tilsett på Høgskolen i Bodø. Tidlegare har eg arbeidd med å skrive historia til malmbyen Narvik, og no står Bodø for tur. Med skrekkblanda fryd tar ein sjølvsagt laus på utfordringa.
Tre år med friheit under ansvar. Eg veit oppdraget, og står relativt fritt til å løyse det innafor eit generelt sjangerkrav til korleis ei byhistorie skal sjå ut. Perioden er også bestemt. Tidsperioden er 1890-1950, då svært mye spennande skjedde i byen og omlandet, for det er viktig å trekke inn omlandet med dei dåverande kommunane Kjerringøy i nord, Bodin - rundt byen og naboen Skjerstad inne i fjorden. Prosjektet Bodøs historie er viktig for mange som bur i dette området.
I samband med arbeidet med Narvik uttalte ordførar Olav Sigurd Alstad i Narvik at det var viktig for kommunen å stikke fingeren i jorda for å spørje seg om korleis utviklinga hadde gått for dei, og sjå på om det var moment ein burde vere merksam på i planlegginga av framtida. Dette var byen som i 1950 var den største by i Nord-Noreg, men som dei seinare åra opplevde stagnasjon og nedgang, både når det gjeld industriarbeidsplassar og innbyggarar. Byen var gjennom dei same avindustrialiseringsprosessane som resten av den vestlege verda, det vere seg Sunderland eller Skien, Sarpsborg eller Swansea. Korleis kunne ein snu stagnasjon til oppgang?
Kva kan vi seie om Bodø? Jo, fordi byen har hatt ei nærmast samanhengane vokstertid etter 1945, kan det vere nyttig å spørje seg om veksten har vore positiv for byen, og korleis ein kan få denne til å vedvare inn i eit nytt årtusen. I Narvik trudde ein framtida var lyseraud i 1950, men slik gjekk det ikkje. Korfor? Korleis kan Bodø bruke kunnskapen om si nære fortid til å stake ut framtida? Korleis unngår ein å gå seg fast i eit stagnasjonsspor?
Tre år med friheit under ansvar. Eg veit oppdraget, og står relativt fritt til å løyse det innafor eit generelt sjangerkrav til korleis ei byhistorie skal sjå ut. Perioden er også bestemt. Tidsperioden er 1890-1950, då svært mye spennande skjedde i byen og omlandet, for det er viktig å trekke inn omlandet med dei dåverande kommunane Kjerringøy i nord, Bodin - rundt byen og naboen Skjerstad inne i fjorden. Prosjektet Bodøs historie er viktig for mange som bur i dette området.
I samband med arbeidet med Narvik uttalte ordførar Olav Sigurd Alstad i Narvik at det var viktig for kommunen å stikke fingeren i jorda for å spørje seg om korleis utviklinga hadde gått for dei, og sjå på om det var moment ein burde vere merksam på i planlegginga av framtida. Dette var byen som i 1950 var den største by i Nord-Noreg, men som dei seinare åra opplevde stagnasjon og nedgang, både når det gjeld industriarbeidsplassar og innbyggarar. Byen var gjennom dei same avindustrialiseringsprosessane som resten av den vestlege verda, det vere seg Sunderland eller Skien, Sarpsborg eller Swansea. Korleis kunne ein snu stagnasjon til oppgang?
Kva kan vi seie om Bodø? Jo, fordi byen har hatt ei nærmast samanhengane vokstertid etter 1945, kan det vere nyttig å spørje seg om veksten har vore positiv for byen, og korleis ein kan få denne til å vedvare inn i eit nytt årtusen. I Narvik trudde ein framtida var lyseraud i 1950, men slik gjekk det ikkje. Korfor? Korleis kan Bodø bruke kunnskapen om si nære fortid til å stake ut framtida? Korleis unngår ein å gå seg fast i eit stagnasjonsspor?
Professor Jan Eivind Myhre frå Universitetet i Oslo meiner lokalhistorikarar må skrive om saker som er matnyttig for lokalsamfunna dei forskar på. I mitt arbeid blir dette viktig i tida framover. I første hand vil arbeidet med byplanlegginga etter bombinga i 1940 stå sentralt. Kva visjonar låg bak planane, og korleis kan ein ta vare på desse visjonane i framtidig bygningsvern og byplanlegging i Bodø? Har vi vore flinke nok til å tenkje på desse visjonane, og er det kvalitetar som er verdt å vidareføre? Min umiddelbare intuisjon seier meg at det neppe er lett å ta vare på det som var tenkt i ein by som veks så fort som Bodø. Det kjenner vi til frå Tromsø. Mye planlegging skjer i regi av entreprenørar og pengefolk, og ikkje alltid er deira visjonar basert på andre visjonar enn å tjene raske pengar på eiga utbygging. Dette er synd. Vi har alle godt av å setje oss ned å spørje oss kva som eigentleg skjedde, uavhengig av om det gjekk gale eller bra. Historie kan med andre ord vere nyttig. Men først må ein studere kjeldene for å finne svar på dei viktige spørsmåla.
tirsdag 20. juli 2010
Sykling - sunn sport eller idrett for dophau?
| Monument over mosjonssyklinga i Toscana, Italia (San Baronto) |
Den same historia gjentar seg. Kvart år ser vi det same skje. Den eine sykkelryttaren etter den andre blir avslørt som dophau, og heile sporten lir under sin sedvanlige mangel på truverdigheit. Ingen kan vere reine i toppidretten, der proffutøvarane lever av resultata sine. Om dei vinn eller presterer bra, betyr det forlenga liv som proffar. Om dei mislukkast kan det bety kroken på døra både for dei sjølv og laget, som er avhengig av å ha ein snill sponsor til å fø på dei. Det er dårleg omdømmebygging for bedriftar å fø på dophau.
Topp-idretten inviterer heller ikkje til sunn idrett. I vekesvis skal dei sykle 200 kilometer kvar dag, nærmast utan restitusjon. Kan det vere sunt, spør nokre seg, medan andre nektar å tru at ein klarer å restituere kroppen mellom kvart ritt og kvar ettappe. I denne idretten er det eit sunnheitsteikn at den aktive utøvaren blir sjuk, eller må stå av sykkelen undervegs. Det betyr at kroppen reagerer normalt på den fysiske belastninga. Korleis kan ein rein Lance Armstrong vinne Tour de France 7 gonger på rad på ein knusande måte, utan kunstige stimuli, spurte den velrenommerte tyske avisa Frankfurter Allgemeine den 19.juli i år. Same dag som avisa med bismak såg på etappevinnaren i touren den dagen, Alexander Vinokurov. Han vart utestengt for bloddoping i 2007, men var no i gang igjen.
| Det var slik Leonardo da Vinci såg for seg ein sykkel på 14-1500-talet |
Då er det noko heilt anna med mosjons- og breiddeidretten sykkel. Nokon betre sport finst ikkje. Her kan alle aktive sjå vakker natur og halde seg i form på same tid. I dei store sykkellanda i verda kan ein sjå dette betre enn i det kalde og glatte nord. I Toscana - rett overfor åsen Leonardo Da Vinci budde - kan ein sjå det betre enn nokon annan stad. På snarvegen over den vesle fjellrekka Montalbano, mellom byane Empoli og Pistoia ligg San Baronto, 400 meter over havet. Akkurat her oppe på åstoppen, kan den utkjørte mosjonssyklisten stoppe opp og ta seg ein pust, snakke med gutane som sit langs veggen og nyt kaffen i skuggen på baren under hotell Bellavista. Nokre står også av sykkelen og kjøper seg ein kaffe eller ein brus på baren. Godt vaksne menn og unge gutar i flokk og følgje, før sola har blitt for varm og biltrafikken for stressande. På toppen kan dei remje ut triumferande, kaste slengmerknader til tilskodarar eller fotgjengarar langs vegen, eller simpelten berre puste tungt ut etter ei hard klatreøkt opp Strada dell'olio e dell vino del Montalbano, før dei set utfor dei bratte og svingete vegane ned på andre sida i den skuggefulle, smale sykkelvegen. Oppe ved San Baronto kan du, når du kjem syklande opp frå Pistoia, passere forbi det fantastiske monumentet som ligg ved kyrkja i landsbyen. Det illuderer ein bratt sykkelveg der ein ser små syklistar klatre opp ein snirklete veg til toppen. Øvst jublar førstemann over målstreken med armane høgt heva. Om han jublar over å ha vunne over andre eller seg sjølv er vanskeleg å seie, men det er opplagt for alle at vegen er målet. Teksten på monumentet (over) er "Passioni, amori ed onori al ciclismo Il Montalbano" og betyr sånn cirka; "glødar, elskar og ærar sykling i Montalbano". Under ser du den siste sanne riddaren av sykkelsporten passere baren på toppen av Montalbano i San Baronto. Visste du forresten at det var salige Leonardo da Vinci frå Vinci midt i Montalbano som teikna den første sykkelen? Tilfeldig? Neppe!
| Den ekte riddaren av sykkelsporten, mosjonisten, på veg forbi baren i San Baronto |
torsdag 15. juli 2010
Firenze - turistfella
| På åssida aust for Firenze, i Fiesole ligg det europeiske universitetssenteret |
Viss ingen går i fella, men passer seg for den skal alle snart igjen få feire jul igjen, heiter det i julesangen til Prøysen. Eg følte meg akkurat slik i dag. Etter å ha tråla rundt i museum utan folk, og dokumentasjonssenter utan besøkande, der lyset knapt vart påslått fordi du var der aleina, gjekk eg rett i fella i dag. Eg innrømmer det gjerne, eg reiser ikkje på Charterferie med Svein til Gran Canaria, eller Boden Camping for den saks skuld. Nei, eg har hatt ein forkjærligheit for Italia. Bella Italia. Det hektiske helvete, Dantes Inferno og alt det der.. Bell Casino, masse armar og bein, masse passione, amore. Det ekstreme, ytterleggåande Italia. Med stor I. Der det berre går an å elske eller hate, og det sterkt. I dag innrømmer eg det; eg gjekk i fella. Turistfella Firenze; og det midt på sommaren i den varmaste tida. Ufizzi var ingen vits, lunsjen den dyraste i historia, køen for å komme opp i kuppelen i Duomoen gav inga meining. Nei, det var nedtur. Godt var det likevel at eg kunne kjøre opp til Fiesole først for å sjå ned på den vakre byen, og det Europeiske Universitetssenteret som vi nordmenn spyttar store summar inn i, gjennom EØS-avtalen, for at resten av Europa skal bruke. Dit er det planen eg skal reise i løpet av dei neste tre åra for å vere gjesteforskar. Målet må vere å bli tilsett der som professor i historie om tre år. Dei har fem års engasjement for forskarar der, som kan gje undervisning og rettleiing til doktorgradsstudentar frå heile EU. Korfor skal vi ikkje vere med på moroa, når vi betaler for henne? Heller Fiesole enn Firenze.
onsdag 14. juli 2010
Vakre Val Camonica - grensa mot Austerrike-Ungarn
![]() |
| Oppe under Monte Tonale ligg Pezzo. Lenger opp ligg hytta som Umberto Bossi proklamerte sitt uavhengige Padania i. Dit når du på ein times spasertur i vakkert alpelandskap. |
![]() |
| Lovere sett mot Castro. Marinaen til venstre foran jernverket. Kanskje det norske flytoget har understell frå Lovere ved Lago d'Iseo? |
tirsdag 13. juli 2010
Minne- og dokumentasjonssenter i Toscana
Kanskje er det ikkje det første ein tenkjer på når ein er i Toscana. I kampen om merksemd er det alltid slik at dei kjente slotta, kunstgalleria, musea og kyrkjene kjem i fokus først, men dersom du vil ha noka anna, kan det vere lurt å leite etter dei musea som ingen kjenner stort til, gjerne knytt til moderne historie. Med andre ord; når du har fått nok av Dante, rinascimento og middelalderborgar; søk moderne kulturminner. Eitt av dei er http://www.museodelladeportazione.it/ like nord for Prato. Eit lite senter for dokumentasjon om dei over 44 000 italienarane som vart sendt til ulike konsentrasjonleire i Austerrike, Frankrike, Tyskland eller andre stader i det tysk-kontrollerte området under andre verdskrigen.
Sentret ligg i Figline (Prato) og er lagt nettopp dit, fordi det på den vesle staden var 29 unge partisanar som vart avretta i landsbyen den 6 september 1944. Dette skjedde i same timen som dei allierte frigjorte Prato fra den nazistiske/fascistiske okkupanten. Toscana er full av spennande krigshistorie.
Sentret ligg i Figline (Prato) og er lagt nettopp dit, fordi det på den vesle staden var 29 unge partisanar som vart avretta i landsbyen den 6 september 1944. Dette skjedde i same timen som dei allierte frigjorte Prato fra den nazistiske/fascistiske okkupanten. Toscana er full av spennande krigshistorie.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



