søndag 17. juli 2011

Hopen gruve - ei kulturhistorisk perle

Er du i Bodø, kan eit flott turforslag vere å kombinere naturopplevinga med ein kulturhistorisk ekskursjon. Oppe på Hopsfjellet med adgang frå både Soløyvatnet (Arlia og Engan v/Bueskytebanen) og frå E 80 ved Kvalvåg, kan du komme deg opp i marka for å sjå dei gamle kobbergruvene som vart sett i forsøksdrift i 1896-97.
Oppe på vel 330 meter ligg Øvergruva i Hopsfjellet
Seinare leverte gruva kobbermalm til Sulitjelma gruber i Fauske mellom 1900-1909. Mellom Øvergruva og Nergruva var det ein stige opp dei bratte flåga mellom gruvegangane, berre kalt Jakobs Stige, etter den kjente forteljinga i 1.mosebok om stigen som bant saman himmelen og jorda.
Utafor inngangen til Nergruva finn beitande sau kvilestad
Opp til Tinnvatnet nedafor gruvene går det ein skogsveg av god kvalitet, og vidare innover fjellet finn du den gamle anleggsvegen som hestane frakta malmen langs. Øvre Malmvei  på øversida av vatnet fører deg til Øvergruva og Nedre Malmvei tar deg til Nergruva. Før du kjem til Nergruva passerer du også tuftene etter ein stall, to mannskapsbrakker og ei stiger-/kokkebrakke. Ute på eit berg ser du også restane etter festet til ein utedo som for lengst er borte. Undervegs langs ruta er det lagd informasjonstavler som fortel om det som er å sjå, og i tillegg er alle tuftene godt merka med store treskilt. Frå Engan og Arlia er turen ca 5 kilometer ein veg, og det same er han frå Kvalvåg.
Oppe ved Øvergruva er utsikta over Saltfjorden storslått

Etter ein kort periode med ny prøvedrift mellom 1911-16, vart gruva endeleg nedlagt i 1916. Då hadde ein utvunne 19 tonn kobber i 1896-97, 97,9 tonn mellom 1901-05 og 82 tonn mellom 1906 og 1908. I alt var det omlag 30 arbeidarar i gruvene, medrekna kvinnelege kokker.
Utsikta ut mot Tverlandet og Saltstraumen frå Øvergruva i Hopsfjellet er strålande

lørdag 16. juli 2011

Kva er det med Sveits?

Torget i Locarno i Sveits var dødt..der det låg omkransa av bankar og forsikringsselskap
I sommar tok eg meg ein tur over grensa til Sveits frå Nord-Italia. Det var ei sær oppleving. Kva var det som traff meg? Over grensa vart alt stille og rolig. Ingen trafikk og ikkje leven. Ingen bilar kjørte for fort. Ingen fotgjengarar var å sjå, og berre eit par-tre forskremte italienske turistar på motorsykkel hasta bort derifrå. Det såg simpelten ikkje ut som om nokon ville vere der meir. På Italiensk side av grensa hadde det vore eit uoversiktleg trafikkbilete med eit utal syklistar på søndagstur langs vegen. I Sveits kom vi inn i søndagsstilla.

Rett over grensa ligg den kjente byen Locarno. Kjent for sine fredsforhandlingar på 1920-talet. Sveits er jo kjent for internasjonal fredsbygging, og ikkje minst ei rad internasjonale organisjonar har sete her. Både innafor FN-systemet, men også slike som IOC og FIFA. Samstundes er landet så lite internasjonalt orientert at det ikkje vil vere med i EU. Dei er ikkje med i EØS eller Schengen heller, og sørgar for at dei som vil gjømme bort pengane sine fritt skal få gjøre det dersom dei set dei inn i ein bank i Sveits. Slik kan rike svindlarar, despotar eller andre kriminelle gjømme unna pengane sine i dei trygge og stabile sveitsiske bankane. Ingen har krav på innsyn i deira bankar.

Kva er dette for land? Kva lever dei av her? Det er det jammen ikkje godt å vite, men inne i Locarno fanst det i alle fall bankar og forsikringsselskap en masse. Kva skal ein turist gjøre i Sveits? Kan nokon fortelje meg kven som reiser til eit land for å sjå på alle bankane og forsikringsselskapa der? Neppe det mest interessante ein gjør. Ikkje er landet kjent for sitt gode kjøkken eller sin gode vin heller.
Det mest obskure var likevel suvernirane. Ein sveitsisk kniv kunne sjølvsagt friste, men kva med eit termometer på ei plate med eit flagg og to knaggar? Eller eit med det sveitsiske flagget og ei lita kubjølle?
Du hørte rett og du ser det på fotoet under. Verdas kanskje styggaste souvernir, frå eit av europas mest uinteressante land. Sveits.

Dagens Vespa (II)

Denne vakre vespaen finn du til dagleg i Rapallo i Liguria.

torsdag 7. juli 2011

Locarno-avtalen

I den vesle sveitsiske byen Locarno, rett nord for grensa til Italia, finn du det vakre huset der Locarno-avtalane vart framforhandla mellom 5-16.oktober i 1925. Bygget der forhandlingane fann stad, ligg i dagens "Via de la Pace" - "fredsvegen" på norsk. På møtet deltok også den oppvakte fascisten B. Mussolini, og fleire deltakarar frå ei rad andre europeiske land som berre var opptatt av ein ting - korleis halde Tyskland på plass og elles trygge den allmenne sikkerheita i Europa.
I Kantonpolitiet si administrasjonsbygning i Locarno, Ticino, vart Locarnoavtalen framforhandla i 1925


Avtalen bana veg for tysk deltaking i Nasjonanes Forbund, ein forløpar til FN, og vart sett på som ein grunnstein for betra relasjonar mellom dei europeiske statane i tida fram mot 1930. Tre av deltakarane på konferansen, Austen Chamberlain, Gustav Streseman og Aristide Briand fekk til og med Nobels fredspris for sin innsats i forhandlingane. Britiske Chamberlain i 1925, medan franske Briand og tyske Streseman fekk han i 1926. Slik sett er Oslo og Noreg kopla til Locarno på sitt sett.

Problema var derimot ikkje over med avtalen. Då Streseman døydde i 1930, og ein tidlegare austeriksk korporal med namn Hitler kom til makta tre år seinare, var det andre bollar. Locarno-avtalen hadde ikkje trygga grensene mot aust, og slik kunne herr Hitler manøvrere sin ekspansjonistiske politikk overfor både Tsjekkoslovakia og Polen, og då veit vi jo alle kva utfallet vart.

I dag minnar politiet sitt administrasjonsbygg i den italienske regionen Ticino i Sveits oss alle om at det ikkje alltid er lett å skape fred.

onsdag 6. juli 2011

Dagens Vespa

Som den stolte eigar av ein svart Vespa med lyst brunt skinnsete er eg forplikta til å formidle litt meir kulturkunnskap om Vespaens venleik. Derfor dette vakre fotoet av arten. "Må ha den, bare må ha den", så det heiter i reklamen.

onsdag 18. mai 2011

Breiflabb (Lophius piscatorius) eller marulk

Ei samling breiflabb saman med bror min. (Broren min til venstre)
Breiflabben var ein fisk ein sjeldan brukte til noka vettig før i tida. far min kan fortelje at ein kasta han på havet på 40-50-talet. Ingen som dreiv fiske i Vestfjordbassenget kunne tenke seg å bruke arten til noka. Dei seinare år har ein tatt vare på fisken som har fått ry på seg for å vere ein delikatesse på dei finaste fiskerestaurantar.

At denne ufisken som kan bli så lang som 2 meter og opp mot 100 kilo har hatt anna nytte, veit kanskje ikkje alle. Då insulin først vart islolert frå bukspyttkjertelen, skjedde det første gong i ein breiflabb. Elles er vel ikkje det verste skjellsordet ein kan bli kalla henta frå denne fisken, men frå kveita. Å vere ein "breiflabb" er ikkje så ille. Då er det verre å bli kalla eit kveithau'

Kongsbakken dundrar vidare

Leiinga på Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø er ikkje berre mot nynorsk. Dei er i tillegg manipulative og udemokratiske.
For eit halvt års tid sia kunngjorde Kongsbakken med brask og bram at dei heldt på med store ting. Eit forsøk med berre éin karakter i norskfaget skulle så og seie revolusjonere undervisninga der. Då skolen like før jul skrytte i Nordlys over forsøket, stillte vi i Nynorsklaget kritiske spørsmål. Det mangla planar for evaluering. Det mangla kvalifiserte hypotesar om kva ein ville oppnå. Skolen hadde altså på førehand bestemt at forsøket var genialt enda det ikkje var klårt kva som skulle målast eller korleis det skulle målast. Seinare viste det seg at av faglege grunnar ville ikkje vitskaplege institusjonar evaluere ”forsøket”, verken Universitetet i Bergen eller Skrivesenteret i Trondheim. Deretter prøvde skolen å skrape saman pengar for å få kjøpe seg evaluering.


I førre veka bad Elisabeth Aspaker (Høyre) i Spørjetimen statsråd Kristin Halvorsen betale for ei evaluering, men Halvorsen ville ikkje det. Ho sa mellom anna: ”Et premiss når man ber om å få gjennomføre lokale forsøk, er også at man finansierer egen evaluering av disse forsøkene”. Men likevel uttalte Halvorsen at ho har tenkt å bruke forsøket til å revidere læreplanverket, trass i manglande evaluering. Det er etter vårt syn useriøst all den tid statsråden sitt eige regelverk krev seriøs vitskapleg evaluering før slike slutningar kan trekkast.

Lokalt er det interessant at ikkje berre Riksmålsforbundet støttar karakterforsøket på Kongsbakken. Nynorskmotstandaren Aspaker (H) er blitt Kongsbakkens ven i saka, og igjen ser vi at det ikkje er måte på kor villig Høgre er til å bruke skattepengar på forsøk som betyr nynorskkutt. Og partiet vedtok på landsmøtet sist helg å profilere seg endå meir som nynorskhat-partiet.

Nynorsklaget konstaterer at alle innvendingane våre mot ”forsøket” har blitt stadfesta – ikkje berre dei språkpolitiske. Skolen kvalietssikrar ikkje forsøksarbeidet, og dermed held det ikkje fagleg mål. Elevar kan fortelje at innvendingane dei har mot forsøket, ikkje blir tekne på alvor. I bladet Tromsø stod nettopp to elevar fram og fortalte om skolen sin framgangsmåte for å få utvida forsøket. Kritiske stemmar har blitt skubba ut, og i rein totalitær stil har ein berre spurt dei som er einige om å halde fram med forsøket, om å støtte søknaden om utviding av det. Slik har ein valt bort dei delane av elevrådet som er usamde. Her luktar det manipulasjon lang veg. Er det ingen som kan stoppe skolen, eller skal dei berre få dundre vidare med sitt politisk skjøre prosjekt?