Er du i Bodø, kan eit flott turforslag vere å kombinere naturopplevinga med ein kulturhistorisk ekskursjon. Oppe på Hopsfjellet med adgang frå både Soløyvatnet (Arlia og Engan v/Bueskytebanen) og frå E 80 ved Kvalvåg, kan du komme deg opp i marka for å sjå dei gamle kobbergruvene som vart sett i forsøksdrift i 1896-97.
|
Oppe på vel 330 meter ligg Øvergruva i Hopsfjellet |
|
Seinare leverte gruva kobbermalm til Sulitjelma gruber i Fauske mellom 1900-1909. Mellom Øvergruva og Nergruva var det ein stige opp dei bratte flåga mellom gruvegangane, berre kalt Jakobs Stige, etter den kjente forteljinga i 1.mosebok om stigen som bant saman himmelen og jorda.
|
Utafor inngangen til Nergruva finn beitande sau kvilestad |
Opp til Tinnvatnet nedafor gruvene går det ein skogsveg av god kvalitet, og vidare innover fjellet finn du den gamle anleggsvegen som hestane frakta malmen langs. Øvre Malmvei på øversida av vatnet fører deg til Øvergruva og Nedre Malmvei tar deg til Nergruva. Før du kjem til Nergruva passerer du også tuftene etter ein stall, to mannskapsbrakker og ei stiger-/kokkebrakke. Ute på eit berg ser du også restane etter festet til ein utedo som for lengst er borte. Undervegs langs ruta er det lagd informasjonstavler som fortel om det som er å sjå, og i tillegg er alle tuftene godt merka med store treskilt. Frå Engan og Arlia er turen ca 5 kilometer ein veg, og det same er han frå Kvalvåg.
Oppe ved Øvergruva er utsikta over Saltfjorden storslått
Etter ein kort periode med ny prøvedrift mellom 1911-16, vart gruva endeleg nedlagt i 1916. Då hadde ein utvunne 19 tonn kobber i 1896-97, 97,9 tonn mellom 1901-05 og 82 tonn mellom 1906 og 1908. I alt var det omlag 30 arbeidarar i gruvene, medrekna kvinnelege kokker.
|
Utsikta ut mot Tverlandet og Saltstraumen frå Øvergruva i Hopsfjellet er strålande |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar