onsdag 18. mai 2011

Kongsbakken dundrar vidare

Leiinga på Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø er ikkje berre mot nynorsk. Dei er i tillegg manipulative og udemokratiske.
For eit halvt års tid sia kunngjorde Kongsbakken med brask og bram at dei heldt på med store ting. Eit forsøk med berre éin karakter i norskfaget skulle så og seie revolusjonere undervisninga der. Då skolen like før jul skrytte i Nordlys over forsøket, stillte vi i Nynorsklaget kritiske spørsmål. Det mangla planar for evaluering. Det mangla kvalifiserte hypotesar om kva ein ville oppnå. Skolen hadde altså på førehand bestemt at forsøket var genialt enda det ikkje var klårt kva som skulle målast eller korleis det skulle målast. Seinare viste det seg at av faglege grunnar ville ikkje vitskaplege institusjonar evaluere ”forsøket”, verken Universitetet i Bergen eller Skrivesenteret i Trondheim. Deretter prøvde skolen å skrape saman pengar for å få kjøpe seg evaluering.


I førre veka bad Elisabeth Aspaker (Høyre) i Spørjetimen statsråd Kristin Halvorsen betale for ei evaluering, men Halvorsen ville ikkje det. Ho sa mellom anna: ”Et premiss når man ber om å få gjennomføre lokale forsøk, er også at man finansierer egen evaluering av disse forsøkene”. Men likevel uttalte Halvorsen at ho har tenkt å bruke forsøket til å revidere læreplanverket, trass i manglande evaluering. Det er etter vårt syn useriøst all den tid statsråden sitt eige regelverk krev seriøs vitskapleg evaluering før slike slutningar kan trekkast.

Lokalt er det interessant at ikkje berre Riksmålsforbundet støttar karakterforsøket på Kongsbakken. Nynorskmotstandaren Aspaker (H) er blitt Kongsbakkens ven i saka, og igjen ser vi at det ikkje er måte på kor villig Høgre er til å bruke skattepengar på forsøk som betyr nynorskkutt. Og partiet vedtok på landsmøtet sist helg å profilere seg endå meir som nynorskhat-partiet.

Nynorsklaget konstaterer at alle innvendingane våre mot ”forsøket” har blitt stadfesta – ikkje berre dei språkpolitiske. Skolen kvalietssikrar ikkje forsøksarbeidet, og dermed held det ikkje fagleg mål. Elevar kan fortelje at innvendingane dei har mot forsøket, ikkje blir tekne på alvor. I bladet Tromsø stod nettopp to elevar fram og fortalte om skolen sin framgangsmåte for å få utvida forsøket. Kritiske stemmar har blitt skubba ut, og i rein totalitær stil har ein berre spurt dei som er einige om å halde fram med forsøket, om å støtte søknaden om utviding av det. Slik har ein valt bort dei delane av elevrådet som er usamde. Her luktar det manipulasjon lang veg. Er det ingen som kan stoppe skolen, eller skal dei berre få dundre vidare med sitt politisk skjøre prosjekt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar