Det var tyske okkupasjonsstyrkar som senka sivile og militære fartøy på Narvik hamn 9. april 1940 |
Så er vi i gang igjen. Diskusjonane kring aprildagane 1940 er i full gang, og den eine etter den andre kjem med bebreidande anklagar mot regjeringa Nygaardsvold for sitt svik i 1940, regjeringa Gerhardsen for behandlinga av krigen i 1945 og utover. Og for ikkje å glømme forsvaret. Storparten av offiserskorpset var nazivenlege og la gladeleg ned våpen for å overgje landet til okkupanten.Og så var det alt det som er glømt. Det vi medvite har utelatt frå minnet fordi det var for vanskeleg å forholde seg til, for kontroversielt eller mislikt. Glømsel, fortielse og underkommunisert historie, har vore blant dei mest brukte omgrepa som skulle karakterisere denne minnepolitikken, som nokon eller nokre stod for. Sanninga skulle ikkje fram, til det var ho for vanskeleg å hanskast med.
Erfaringsrom og forventingshorisont
Det største problemet er at ein etter krigen har nytta all vurdering av hendingane våren 1940 til å drive etterrasjonalisering. Fordi vi visste kva som skjedde etterpå kunne vi lett forklare det eine og andre ut frå det vi såg skjedde i ettertid. Som historikar må ein forklare hendingane ut frå sine eigne premiss. Då kjem vi ikkje utanom eit omgrep som "forventningshorisont". Vi trudde heilt og fullt at vi skulle kunne vere nøytral, og våre erfaringar - vårt "erfaringsrom" - hadde gitt oss støtte til det gjennom erfaringa frå den første verdskrigen. Det var derfor overraskande at Tyskland angreip Noreg. Det kom like brått på for oss som det gjorde for Polen, Tsjekkoslovakia, Frankrike, Belgia og Nederland. Ja, til og med Sovjetunionen vart tatt på senga. Dei hadde jo ein ikkje-angrepspakt med Tyskland, så korfor skulle dei få han veltande inn på stuegolvet?Hitler-Tyskland hadde skulda
Så var dette med skulda for den norske miseren. Kven sin feil var det? Var det utanriksminister Koht, eller han som fekk syndebukk-stempelet saman med Koht, statsminister Johan Nygaardsvold?Jo, svaret er såre enkelt. Det var Hitler-Tyskland sin feil. Dei og ingen andre. At det norske samfunnet skulle ha brukt store ressursar til å militært stå opp mot det sterkaste industrinasjonen i verda som teknologisk langt ovegjekk oss kva nivå, raffinement og kapasitet gjaldt. Kva er Kongsberg Våpenfabrikk i forhold til Krupp og Thüssen? Kunne vi hamla opp med den tyske krigsmaskinen utan å påføre oss sjølv store sivile, militære og materielle tap? Svaret på desse spørsmåla er nei. Noreg var ingen krigsnasjon, slik Tyskland på få år var blitt. Fleirtalet av norske politiske parlamentarikarar på Stortinget ville det slik. Ikkje berre Ap og Nygaardsvold/Koht.
Eg gjentar det derfor; Tyskland hadde skulda for okkupasjonen av Noreg. Å meine noko anna er som å skulda lettkledde jenter for at dei blir valdteke, fordi dei kler seg utfordrande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar