torsdag 20. januar 2011

Då Holocaust kom til Narvik

Den 27. januar markerer den internasjonale Holocaust-dagen. Det dagen då sovjetiske styrkar gjekk inn i konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Først då fekk ein oversyn over omfanget av nazistiske overgrep, hovudsakleg retta mot jødane. I denne leiren hadde også ni av 15 jødar frå Narvik døydd som ledd i Holocaust.
Samuel Fischer frå Narvik døydde berre 35 år gamal i Auschwitz i 1943. Her fotografert saman med Inga Kristoffersen i glade dagar i Ofoten.

Tiltak mot Holocaust-fornekting
Det var i 2006 FN tok initiativ til minnemarkeringa som både skulle ære alle ofra etter Holocaust og samstundes styrke respekt og verdigheit for enkeltindividet. Dessutan ville FN feire mangfald, styrke menneskerettane og slå ned Holocaust-fornekting. Det siste var kanskje viktigaste, då antisemittisme vann fram, hand i hand med andre formar for diskriminering.                   
                         Norske krigserfaringar
                         Den norske krigserfaringa lærte oss verdien av å stå i mot totalitære regime  og diktatur, men også om korleis rasediskriminering med under- og overordning av raser fungerte i all sin gru. Nordpå såg vi korleis jugoslaviske og sovjetiske krigsfangar vart pint til døde, og først seinare fekk vi vite om våre eigne forfølgde sine opphald i fangeleirar i Noreg og på kontinentet.
Politifolk blir fjerna
Frå Narvik vart det for eksempel sendt fire politifolk som ikkje let seg kue til leiren Stutthof i Polen. Ein av Narvik-gutane, Rolf Berg sa til Fremover i 1995 at unge menn i sin beste alder fekk høve til å arbeide seg til døde i leirene, medan kvinner, barn og eldre blei rekna for uproduktive, og gassa i hel. Trass i prøvelsar fekk dei ikkje den same hardføre behandlinga som dei verst utsette. Berg var norsk og fekk rasjon og arbeidsbyrde av anna kaliber enn jødar, sigøynarar og andre såkalla ”undermenneske”.
Caplan-familien sin lagnad
Kjøpmannen Jacob Caplan kom ikkje tilbake til Narvik etter krigen. Han var blant dei første arresterte jødane nordpå, da familien vart vekt av støy utafor huset i Øvre Promenadegate 18. juni 1941. Ved megafon ropte politiet at alle menn måtte komme på gata, og deretter vart Caplan deportert sørover saman med faren og fire brør, og fleire andre jødar frå landsdelen, deriblant Martin Fischer frå Narvik. Livet enda i ei tysk konsentrasjonsleir, slik det også gjekk med Narvik-direktør Isac Pickelner.
                        Mirakel for Sara, Sammy og Harry Caplan
Men kona til Caplan, Sara og sønene Sammy (Salomon) og Harry, berga livet på mirakuløst vis. Dei vart arrestert og sendt til Bredtveit fengsel i Oslo i november 1942. I kaoset under eit bombeangrep på Bredtveit fekk Sara hjelp til å rømme av en tysk offiser. Etter ein rask operasjon var dei tre på veg med tog til Saras fødeby København, der dei gjekk under jorda, før dei rømte i hui å hast til Sverige med ei fiskeskøyte i 1943. Den danske motstandsrørsla var meir aktiv enn den norske i redninga av danske jødar, men så hadde dei betre vilkår for å få folk til Sverige. Etter krigen budde Harry i USA. 
Familien Fischer
Familien Fischer, var  jødar etablerte firmaet «Narvik herreekvipering» då dei kom til byen på 1920-tallet. Firmaet låg i Kongens gate 14 der Posten og Politiet er i dag. Overfallsdagen 9.april 1940 rømte familien til Skjomen saman med den jødiske familien Caplan. Der vart dei til dei allierte kapitulerte 10.juni, men Abel Fischer og onkelen Samuel var overtydd om at jødar gikk utrygge tider i møte. Dei tok seg derfor til Sverige same sommaren.  
                        Jødearrestasjonen i Narvik
Då vakthavande ved Narvik politikammer kom på jobb klokka 24.00 den 25.oktober 1942, låg arrestordren på resten av dei mannlege jødane i Narvik på pulten. Oscar Emanuel Bernstein, David, Samuel og Wulf Fischer vart arrestert, og for at ingen skulle sleppe unna måtte arrestasjonen skje før klokka seks. Dei fekk berre med undertøyskift, strømper, spisebestikk, rasjoneringskort, toalettsaker og legitimasjon. Arrestordren var underskriven av ein sentral NS-mann i byen, tidlegare sekretær for Nazi-ordføraren, no politiløytnant.
                        David Fischers feilgrep
David Fischer hadde vore saman med Abel i Skellefteå, og etter ei tid der gjorde han det feilgrepet at han reiste tilbake til Narvik for å hjelpe broren med forretningane. Abel Fischer advarte han, men onkelen var urokkeleg: «Hadde han hørt på meg, kunne han kanskje ha levd i mange år. I stedet endte han sitt liv i Auschwitz tre år seinere», forklarte Abel 50 år seinare.
                        Mange jødar arrestert
Jødearrestasjonane i Narvik som i resten av landet skjedde raskt og utan varsel takk vere eit lojalt politikorps og samarbeid med lokale nazistar. Abel Fischer var sår då han seinare hørte at arrestasjonen av faren Martin, mora Bertha, søskena Wulf,  Idar og Lilian, og onklane Samuel og David vart gjennomført med støtte frå angivarar og lokale nazistar. Med på arrestasjonane var folk familien kjente frå lenge før krigen. Ein annan grunn til at få jødar slapp frå det i live, var at dei ikkje skjønna faren for å bli arrestert og deportert. Far til Abel trudde ikkje slikt kunne skje i fredelege Noreg. Han døde i gasskammer i Tyskland. Alle jødar vart dessutan kartlagt, og fekk stempla «J» som symbol for jøde i passet. Med slike pass fekk dei ikkje reise, og vart effektivt halde på plass.                     
Borch-Johnsen reddar Oscar og Sara Bernstein
Ekteparet Oscar og Sara Bernstein fekk derimot hjelp av motstandsrørsla. Då Oscar skulle arresterast, vart han innlagt på Narvik sykehus med ”magesår”. Slik unngikk han å bli skipa i veg med dei andre jødane. Då han vart arrestert att, nekta sjukehuset å skrive han ut før han var frisk, og han vart innlagt i fem månader. Kona Sara vart arrestert og sendt til Bredtveit i november 1942, men fordi tyske ordre sa at kvinner ikkje skulle deporterast utan ektemakar, vart ho returnert til Narvik. 25.mars 1943 vart paret atter arrestert for deportasjon. Dei vart henta og kjørt til ein ventande båt i hamna som skulle gå fire timar seinare. Oscar Bernstein ba om å få vente på sjukehuset til avgang, og då transporten vart forpurra ei veke, kom ordren om å fengsle Bernstein. Overlege Borch-Johnsen hadde då skaffa legeattest, og Bernstein slapp å sitte i arrest. Deretter utførte XU-leiaren Borch-Johnsen fleire krumspring slik at Oscar og Sara Bernstein kom seg med tog over til Sverige: Først utførte han ein medisinsk «liksomoperasjon». Deretter hjelpte han til med flukta med jernbanen, der lokomotivførar Gustav Bengtzon gjømte ekteparet i kolkassen i lokomotivet. Frå loket vart dei smugla inn i ei tom, plombert godsvogn oppe på fjellet, og vidare over grensa.
                        Minnearbeid er viktig      
I dag er det lite att som minner oss om det jødiske innslaget både i Narvik, og andre nordnorske byar. Det trass i at landsdelen òg var del i det omfattande antisemittiske prosjektet Holocaust. Derfor er det viktig og minnest om det som skjedde her, fordi flesteparten av dei som kan fortelje om det vart tatt av dage. Berre gjennom slikt minnearbeid kan vi ta vare på FN sine intensjonar om respekt og verdigheit for enkeltindividet, feire mangfald og styrke menneskerettar, og hindre Holocaust-fornekting. Det skuldar vi Isac Pickelner, familiane Caplan, Bernstein og Fischer, og alle dei andre som mista livet eller vart merka som følgje av Hitlers ideologiske skrekk-regime.

Jødar frå Narvik som døydde i Auschwitz i 1942-43

Fam.-namn
For-namn
Fødd
Yrke
Arrestert
Deportert
Skip
Død
Alder
Pickelner
Isak
1887
Direktør
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
Jan 43
55
Caplan
Jacob
1903
Kjøpm.
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
19.3.1943
39
Fischer
Bertha
1897
Husmor
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
3.3.1943
45
Fischer
David
1899
Bedrifts-eigar
26.10.1942
26.11.1942
Donau
1.12.1942
43
Fischer
Martin
1895
Kjøpm.
18.6.1941
26.11.1942
Monte Rosa
5.1.1943
47
Fischer
Samuel
1907
Bokf.
26.10.1942
26.11.1942
Donau
12.1.1943
35
Fischer
Wulf
1922
Bonde
26.10.1942
26.11.1942
Donau
1.3.1943
21
Fischer
Lilian
1928
Skole-elev
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
3.3.1943
14
Fischer
Idar
1931
Skole-elev
26.11.1942
24.2.1943
Gotenland
24.3.1943
11

10 kommentarer:

  1. Tusen takk for opplysende og tildels ukjent informasjon. Dette er virkelig en trasig og skamfull del av norsk historie. Synd det er lite vektlagt i historiebøkene.
    mvh
    Lars-Joar Halonen
    ljhalonen-at-gmail.com

    SvarSlett
  2. Ja, og for å få meir informasjon om vår litt pinlege handtering av spørsmålet kan du lese meir i boka "Oppgjøret" av Bjørn Westlie. Svært viktig bidrag til å forstå norsk anti-semittisme

    SvarSlett
  3. Hei!
    Jeg er nok enig i at historien om de nordnorske jødene har blitt litt glemt. Vil derfor bare si takk for en bra og viktig artikkel. Jeg er barnebarn av Abel Fischer og kjenner jo naturligvis ganske godt til historien hans og til familien. Men, bestefar var aldri spesielt snakkesalig om dette - kanskje forståelig nok - derfor fint å se at noen har tatt bryet med å belyse historien.
    Har det noen gang vært noen diskusjon om et minnesmerke i Narvik?

    Mvh
    Alexander Levi
    alex.l.levi@gmail.com

    SvarSlett
  4. Dette er vanskeleg for oss som er historikarar. Vi veit at mange av våre besteforeldre hadde ei spesiell haldning til dette med historia. Mange meinte dei ikkje hadde mykje å snakke om, og kanskje er det vel slik at nokre har følt ei skuldkjensle. Kanskje følte Abel det også? Han sa så i eit intervju med Fremover i si tid. Det var leit å ikkje klare overtale sine nærmaste når det såg så svart ut. Våre besteforeldre krev stor respekt fordi dei trudde det var bra at dei ikkje synte seg som veike, mjuke eller kjenslevare. Dei ville ikkje plage oss med sine vanskar. Det står i sterk kontrast til mykje av den store sjølvopptattheita vi ser rundt oss i dag og set det i perspektiv. Likevel vil vi som er historikarar sette umåteleg pris på om folk opnar seg og fortel. Eg såg at Abel Fischer døydde i sommar. Det var leitt, og vi må alle gjøre vårt for å ikkje glømme han og hans familie og vener som måtte lide fordi dei ikkje hadde rett etnisitet eller tru.

    SvarSlett
  5. Ja, det er krefter som arbeider for minnesmerke. Mellom anna ein mann i Bergen som eg har adressa til viss du er interessert.

    SvarSlett
  6. Jeg er født på Narvik sykehus 1. juli 1945, og synes det er interessante men veldig triste historier som her fortelles! Takk for at dere hjelper oss å ikke glemme!

    SvarSlett
  7. Tusen takk for denne opplysende artikkelen. Jeg tillater meg til å legge inn her noe jeg skrev i forbindelse med en politisk debatt omkring sionisme og antisemittisme:
    Du skriver også at jeg viser stor kunnskap om det jødiske miljøet i Norge. Det må jeg beklage å si at jeg ikke gjør. Jeg har stor respekt for Anne Sender og Jahn Otto Johansen og det de skriver, selv om jeg tillater meg til å kunne være rykende uenig med de. Privat vet jeg ikke om noen som er jøder, men jeg utelukker det ikke. Det er bare det at religiøs tilhørighet stort sett er uinteressant for meg. Den eneste jøden jeg kjente fra min nåværende hjemby, Narvik, var Abel Fischer, som drev en herreekviperingsforretning. Abel Fischer er død nå. Han var en trivelig eldre herre, den eneste overlevende i Fischer-familien etter siste verdenskrig. Men når det gjaldt herreklær, så var dette en mann som kunne sitt fag. Fischer-navnet lever videre i Narvik gjennom forretningsnavnet som er overtatt av tidligere ansatte. Hvorvidt de er jøder aner jeg ikke, men de har holdt tradisjonen ved like, de kan sitt fag og det er i den forretningen jeg har kjøpt mine dresser siden Abel Fischers tid.
    Utenfor stedet der forretningen opprinnelig stod, ble det i år lagt sju minneplater i fortauet over de i Fischer-familien som døde i konsentrasjonsleirene. Tilfeldigvis stoppet jeg opp senest på tirsdag og leste grundig på disse. Du kan lese mer om Fischer-familien her: http://aas1-aasen.blogspot.no/2011/01/holocaust-dagen-2011-da-holocaust-kom.html

    Erling Grape
    egrape(at)frisurf.no

    SvarSlett
  8. Bra artikkel - men Steinar - Nasjonal Samling var eit fascistparti og ikkje eit nazistparti - det var eit eige nazistparti i Noreg - skipa kring tidsskriftet Ragnarok - Norges Nasjonalsosialistiske parti - kor dei som var med her aktivt samarbeida med SS både før og under okkupasjonen.

    Med venleg helsing

    Robert Hagen

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje noka viktig moment Robert. NS var svært mangslunge som politisk parti, men det vart statsbærande i ein Nazistisk okkupasjon. Det viktige er dessutan at NS hadde in rasepolitikk overfor jødar som eskalerte utover krigen og som gjorde dette mogleg.

      Slett
  9. Interessant å lese om jødene i Narvik. Fischerfamilien var venner av mine foreldre. Samuel var forlovet med daværende Inga Andreassen, ikke Kristoffersen. Hun ble imidlertid gift Kristoffersen langt senere på femtitallet, da Rolf Kristoffersen fra Oslo kom og fikk jobb som regnskapsfører hos Namek, tror jeg det var. Så på fotoet av Inga, engelsksetteren og Samuel, er etternavnet hennes Andreassen, ikke Kristoffersen.

    Mvh forfatter/litteraturkritiker
    Eivor Bergum
    Medl DnF NBU NK NF PEN KfiO Nnf

    SvarSlett