Den første minnemarkeringa av gjenerobringa av Narvik frå 1946 |
Korfor ville Frankrike minnest Narvik? Det var fleire grunnar til det. Ein var det lite ærerike forsvaret av fedrelandet våren 1940. På kort tid vart dei okkupert og ute av stand til å stå i mot den tyske aggresjonen. Så skjedde den like lite ærerike okkupasjonen som innebar ei forsmedeleg oppdeling av landet i ein tysk-okkupert atlanterhavsregion og eit Vichy-regime som samarbeidde med okkupasjonsmakta i resten av landet. Seinare lanserte Henry Rousso omgrepet "Vichy-syndromet", der han særleg vektla den franske manien etter å diskutere okkupasjonstida. Kritikken gjekk langt i å skulde franskmenn meir allment for å bli så opptatt av okkupasjonen at større samanhengar kom i bakgrunnen. Det heile vart prega av ein sterk "anakronisme", det vil seie at ein heile tida diskuterte krigen i lys av etterkrigstidas eiga samtid, og ikkje dei historiske samanhengane ut frå sine eigne premiss.
Narvik vart eit fyrtårn og lyspunkt i den franske kampen våren 1940. Berre der klarte franske styrkar å lukkast. Det vart halmstrået i motstandsarbeidet som skulle komme. Når Charles de Gaulle skulle regruppere styrkane sine utafor Frankrike var det mellom anna dei som hadde vore med i Narvik som skulle bygge ryggraden i det nye Frankrike. Derfor vart Narvik så viktig for Frankrike.
Dei franske minneseremoniane har vore ein årviss del av Narviks historie. her ved Narvik gravlund, der minnesmerket vart reist i 1954. |
"Kampene i Norge og Narvik var ikke forgjeves. Franskmenn og nordmenn,
side ved side, viste en felles vilje til å seire. For Frankrike, tatt i en
virvelstorm av sin egen tragedie, blir fremtiden blant annet bygget på denne
vilje. Seiersånden fra de norske fjorder ble tatt intakt tilbake til London.
Fra fremmed legion soldater blir viljen blåst inn i den nye embrionære
organisasjon skapt av general de Gaulle for å forsette kampen. De første
elementer som sluttet seg til ”la France Libre” kom fra ekspedisjonskorpset som
deltok i Norge. Disse menn som ikke så sammenbruddet og masseutvandringen,
skapte den første benbygningen av den såkalte ”la Légion de Gaulle”. Siden
sommeren 1940 brant de for den overveldende motstandsånden. Det er av dette
fruktbare opphav at general de Gaulle ville skape sine første ledende militære
til en stor skjebne, som: Passy, alias Dewavrin, fremtidig arkitekt av BCRA (kontor for etteretning og operationsjer), kaptein Koenig,
Magrin-Verneret og mange andre."
Det var med andre ord dei som hadde vore med i Narvik som skulle gjenopprette Frankrikes ære i tida som kom. Den franske ambassadør til Noreg - Brigitte Collet- sa det slik i 2010, då det igjen var markeringar av frigjøringa av byen i 1940: "Likevel har slaget om Narvik en sterk symbolsk betydning for Frankrike, fordi det var den første seieren over Nazi-Tyskland. Det var også veldig viktig for starten for de frie franske styrkene, fordi mange soldater som kjempet i Narvik tok med seg en seiers- og motstandsånd som de overførte til det frie Frankrike. Overlevende fra ekspedisjonen i Norge var faktisk de første franskmennene som slutte seg til general de Gaulle i London."
Det er dette som gjør at Narvik er viktig. Ikkje byen i seg sjølv eller kampane der, men bruken av kampane i bygginga av den fjerde franske republikken. Den som skulle gjenreise æra til landet etter det forsmedelege nederlaget i mai og juni 1940, og som medførte ein fire-fem år lang okkupasjon.
Og så fekk jo dei franske der heime vite kva som skjedde der oppe i nord gjennom filmaviser på eit heilt anna vis enn ein gjorde i det dels okkuperte Noreg. For Narvik vart ein del av Vichy-syndromet, der det etter krigen vart viktig å rydde ut og rydde opp og gjenskape trua på Frankrike. For som det vart sagt om våren 1940 i fransk historie: "Crushed, humilated, derelict, the entire nation suffered a profound and prolonged traumatic shock" (Henri Michel, 1970: 165). Det er dette sjokket Narvik har blitt brukt til å komme over.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar