Ordføraren i Narvik tolka dette som eit ledd i samanslåinga av høgskolen i byen med Universitetet i Nordland, i Bodø, noko som må ha fortont seg som eit av Narviks største mareritt, nesten på nivå med at sjukehuset skulle bli lagt inn under sjukehuset i Harstad.
Vi treng luftige tankar, ikkje småleg krangling |
Saka var at Samskipnaden i Narvik ikkje hadde gjort jobben sin. Dei skulle drive barnehage, studentboligar og kantine for studentane ved høgskolen i byen, men i følgje Dagens Næringsliv vart det for stridt. I 2007 viste rekneskapen ein eigenkapital på 13 millionar kroner. Året etter var den minus 20 millionar. Velferdsorganisasjonen var teknisk konkurs. I 2010 måtte Kunnskapsdepartementet ta kontrollen, og Kyrre Lekve i departementet gjekk gjennom samskipnadsmodellen og skjerpa tilsynet. Narvik hadde ikkje vist seg tilliten verdig til å drive sjølv.
Samskipnaden i Bodø med regionalt ansvar
Samskipnaden vart lagt inn under Studentsamskipnaden i Bodø som driv med studentvelferd for over 6 000 studentar i Vesterålen og Helgeland, forutan Bodø.
I valet mellom pest og kolera var det dei i malmbyen som heller ville at den vesle Samskipnaden i Harstad skulle gjøre jobben, for å sleppe unna Bodø-kloa, men slik gjekk det ikkje. Truleg kom dette nettopp av at Samskipnaden i Bodø hadde rutinar for drift av studentvelferd på andre studiestader, enn der administrasjonen låg. Det manglar Harstad, som trass alt må reknast som ein liten høgskole, med sine knapt 1 200 studentar.
Hissige reaksjonar
Emosjonane let ikkje vente på seg i Narvik. I Fremover kom alle slags argument mot ordninga opp. Her er eit knippe:
- Her ser vi stadig nye eksempler på nedbygging av statlige arbeidsplasser i Narvik som blir flyttet til Bodø. Vi har i gjennom flere tiår vært vitne til at Bodø har tatt godt for seg av arbeidsplasser som flagget ut i fra Narvik
For det første er ikkje samskipnaden statleg. Han er eigd av studentane ved institusjonen der han finst. For det andre vil det neppe bli flytta på ein einaste ansatt til Bodø i dette tilfellet. Barnehage, kantine og studenthyblar skal driftast i Narvik, og til det trengs det folk i Narvik.
Anschluss?
Ein annan kommentator i bladet Fremovers nett-debatt gav oss assosiasjonar til Anschluss, innlemminga av Austerrike i Stor-Tyskland på slutten av 30-tallet:
Og hvorfor vi atter en gang blir tvunget til å samarbeide med det griske bodømiljøet.. Vi vil ikke, men blir tvunget gang på gang. Vi vil ikke bli innlemmet i dette StorBodø som disse menneskene fra Bodø ønsker å skape.
Dryge påstander som ikkje er lett å kommentere, men som seier noko om ei stemning som ikkje er lett å forstå. Narvik vil ikkje samarbeide med Bodø, men blir tvungne til det. Bodø-folk arbeider med å skape eit StorBodø som Narvikfolk ikkje vil bli del av.
Debatten sporar av
Etterkvart spora debatten av. Det vart eit spørsmål om SVs barnehage- og klimapolitikk, om ulykkestal på vegen mellom Narvik og Bjerkvik, om "drenering" (trenering?) av Hålogalandsbrua og tapping av sjukehusdrifta i Narvik frå Bodø, om "udugelige narvikværinger som aldri klarer å holde styr på noe som helst", om politikammer. Til slutt gjekk det så langt i invektiv og emosjonar at debatten spora heilt av. Ingenting er som ein real nabokrangel. At nett-debattar er med på å gje oss meir demokrati, opplysning og kunnskap viser denne debatten at vi ikkje kan vente oss. Til det blir det for mye emosjonelt oppgulp.
Essensen vart borte
Heilt glømt var det nesten at det var mange års vanstyre som var grunnen til nyorganiseringa. At det tok heilt av. DN skriv: "Cateringselskapet Delikatessen Narvik as ble etablert. Samskipnaden kjøpte og drev vandrerhjem og asylmottak. I 2001 sikret den seg en bygård for å skaffe studentene et nytt, større og bedre samlingssted med kro, restaurant, stor scene og flere toromsleiligheter på toppen. Byggetrinn og prosjektering ble satt igang, penger rant ut, men prosjektet ble aldri realisert. I 2004 kjøpte den Victoria hotel, og åpnet paintballhall for Narvikbeboerne." Det var her studentane sine pengar vart borte og velferden deira stod på spel.
Kanskje vi skal spørje studentane, det vil seie brukarane av tenestene i Narvik om korleis det heile har gått om eit år, før vi feller den endelege dommen?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar