"Det er da helt vanlig med lønn under firmaturer"
I alt er det mellom 20 og 30 ulike ekvipasjar på skitur just no, og berre 11 av dei kjem frå Amundsens fødeland. Gamlingen har tydeleg inspirert unge menn 100 år seinare. Norsk Polarinstitutt sin ekspedisjon vart hardast ramma av kritikken, både fordi den har mest prestisje bak eit ferniss av forsking og formidling. Ein av dei som kasta seg på debatten som følgte innlegget til Sandberg Meløy meinte det slett ikkje var noko problem med slike turar; "Det er da helt vanlig med full lønn under firmaturer". I og med at den representere staten Noreg skal statsminister Stoltenberg stå å ta i mot gutta på tur når dei kjem til polpunktet, nøyaktig 100 år etter Amundsen og hans menn.
Roald Amundsen finst i utallige versjonar på sokkel. Han har utvilsomt sett landet på kartet. Her frå Nome, Alaska. |
Det er heller ikkje uvanleg at den politiske leiinga støttar opp om prosjekt prega av nasjonal prestisje. Sjølv Stoltenberg måtte trekke fram Amundsen som eit forbilde for norsk ungdom av i dag, då han heldt nyttårstalen sin til det norske folk 1. januar 2011. Amundsen hadde vist at eit lite land kunne oppnå store ting, og så sette han landet vårt på kartet, som det så malerisk kan heite.
Ny "Ishavsimperialisme"?
I artikkelen "Den nasjonale polarfeiring" stilte Aftenpostens Per Madsen spørjeteikn ved det heile. Han forstod rett nok det forsterka fokuset på polare strok:
Det er mange grunner til at regjeringen stiller seg bak et Nansen/Amundsen– år. Nordområdene er regjeringens viktigste strategiske satsing i utenrikspolitikken. Issmeltingen gir lettere tilgang til ressurser, men er også kilde til bekymring for følgene av klimaendringene. Delelinjeavtalen med Russland etter 40 års forhandlinger gir rettslig klarhet og forvaltningsmessig forutsigbarhet. Det åpner for mer aktivitet.
Som vi ser handlar mye av nordområdefokuset om olje, gass og fisk, i ein coctail av økonomiske og strategiske interesser. At Antarktis er komme med i denne samanhengen kan vi vel først og fremst takke Amundsen for, kor langt det enn ligg unna russegrensa og Barentshavet. Den - for å seie det mildt - lite bærekraftige kvalfangsten i Sørishavet, skal vi ikkje trekke inn her no.
Problematisk heroisme
Så var det dette med heroismen og dei nemnte heltane. Aftenposten åtvara mot eit sterkt ukritisk personfokus:
For det står jo ikke til å nekte. Nansen og Amundsen glir ikke like friksjonsløst inn i nasjonens æresgalleri som for 100 år siden; det skulle også bare mangle. Tittelen på utstillingen i Tromsø som drar jubileumsåret i gang allerede om noen uker, «Polarheltenes læremestre», bærer i seg et spørsmål som ikke stilles. Hva er en helt?
Stoltenberg tok det likevel for gitt at Amundsen var eit ideal, ein helt. Det var jo grunnen til at han vart trekt fram i talen nyårsdagen 2011. I året som har gått heiter det om heroiseringa Amundsen har inngått i, heiter det at "Amundsen og hans menn på Sydpolen «kommuniserer verdier som fysisk aktivitet, sunn livsførsel, gleden av å nå mål, godt vennskap og gode norske tradisjoner». Men det kan hende at vi her snakkar om ein kommersiell bruk av polarheltane som Nansen Amundsen 2011 brukar for å selje dunjakken Patriot 1911.
Madsen stiller spørjeteikn ved den oppfattinga:
Fysisk aktivitet – utvilsomt. Gleden av å nå mål – åpenbart.
Men godt vennskap? Gode norske tradisjoner?
Amundsen var av en annen tid – sant nok. Men også på hans tid fantes det ekspedisjonsledere med egenskaper som det er lettere å identifisere seg med 100 år senere.
Den norske stat lønna sine heltar godt |
At all forsking kostar pengar veit vi alle. Då Amundsen var komme heim etter sin heroiske tur i 1910-12 frå Antarktis, fekk han ei løyving på 100 000 frå finansdepartementet. Det tilsvarar vel 5 millionar kronar i 2010-pengar. Føresetnaden for løyvinga var at forskingsresultata hans stod til Universitetet i Oslo sin disposisjon. Kva resultat forskinga til Amundsen har gitt oss, veit vi derimot mindre om. Forteljinga om turen har likevel inspirert andre forskarar, og andre skientusiastar sjølvsagt. Kva resultata av forskinga til dei 20-30 ski-ekvipasjane vil gje i 2011-12, veit vi ikkje mye om. Noko må det vel komme ut av det, elles blir det vel som Jan Gunnar Winther sa det; «Jeg skal formidle både historie og klimaforskning, men det er klart jeg gjør dette aller, aller mest for min egen del.»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar