Skipstrafikken i Livorno gjør hamna til den nest mest trafikkerte i Italia |
Nokre av desse innlandsbyane er perler med kulturskatter som andre berre kan drømme om som Arezzo, Siena, Lucca og Firenze i fylket Toscana. Les du ein reiseguide frå dette distriktet så får du nærmast beskjed om at dette er dei byane som er verdt å sjå, og alt anna er det liten vits i å besøkje.
For ein som ikkje kan klare seg utan å sjå havet med jamne mellomrom er det derfor å banne i kyrkja når eg seier at du bør få med deg Livorno neste gang du er i området. Denne Italias nest største hamneby (etter Genova), kjent for si kontainerhamn, sine passasjerferger og den elektro-kjemiske industrien, med eit bysentrum oppbygd etter krigen, hørest ikkje akkurat ut som eit særleg spennande reisemål. Men her er mangt å sjå også i Livorno, sjølv om reiseguiden ikkje nemner plassen i særleg positive ordelag.
Dette er byen der kommunistpartiet PCI vart stifta av Antonio Gramschi i 1921. Det er lagt ei utstilling om dette i byen i samband med 150-årsjubileet for Italias samling. Kva hadde forresten fascistpartiet vore utan kommunistane? Korleis hadde utviklinga vore i landet etter krigen, dersom ikkje kommunistane hadde stått så sterkt som dei gjorde i til dømes Livorno? I dag er byen styrt av ein sentrum-venstre-koalisjon og etter krigen har livornesarane alltid hatt affinitet i den politiske retninga. Når du går ut av toget og inn på jernbanestasjonen i Livorno gjev møtet med arkitektur, klima og vegetasjon deg eit inntrykk av å vere i Frankrike ved Rivieraen. Palmer og bygningar er som i Nice eller Montecarlo. Nede ved bysentrum er det dessutan ei festning og ein masse kanalar der vanlege folk har liggande båtane sine. Ikkje overdådige luksusyachter som i Nice eller Hankø, men vanlege båtar ala Ranaplast. Og lenger ute ser du jo havet då. Det store opne havet, med store skip i horisonten. Og langs hamna kan du vandre på ein flislagt strandpromenade mot Marineakademiet og dei vakre hotella og villaane som ligg langs Lungomare. Eller du kan sjå på eller besøke badeanlegga. Eller berre simpelten ta eit glas prosecco på ein av dei folksomme kafeane langs havet, betrakte folkemassene som vandrar forbi og sjå ut over det store, opne, evige havet.
Strandpromenaden i Livorno er ein institusjon i seg sjølv. Hit legg folket i byen kveldsturen (passeggiataen) sin, ikkje ulikt slik Bodø-folk forheld seg til Moloen sin. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar