tirsdag 12. april 2011

Ka skulle vi gjort utan havet?

"Sku vi ha borre båtan", heiter det på umisskjenneleg nordnorsk, som svar på spørsmålet. Det går nemleg ikkje an å bu anna enn ved havet i vårt land. I Italia derimot er det mange byar inne i landet, av ulike grunnar sjølvsagt. Ein viktig er at folk vart leie av å bu ved havet der dei låg opne for rov og ran og omreisande krigsflåtar som har herja dette landet opp gjennom åra. Det har vi jo stort sett vore forskåna frå i vårt land.

Skipstrafikken i Livorno gjør hamna til den nest mest trafikkerte i Italia
Nokre av desse innlandsbyane er perler med kulturskatter som andre berre kan drømme om som Arezzo, Siena, Lucca og Firenze i fylket Toscana. Les du ein reiseguide frå dette distriktet så får du nærmast beskjed om at dette er dei byane som er verdt å sjå, og alt anna er det liten vits i å besøkje.

For ein som ikkje kan klare seg utan å sjå havet med jamne mellomrom er det derfor å banne i kyrkja når eg seier at du bør få med deg Livorno neste gang du er i området. Denne Italias nest største hamneby (etter Genova), kjent for si kontainerhamn, sine passasjerferger og den elektro-kjemiske industrien, med eit bysentrum oppbygd etter krigen, hørest ikkje akkurat ut som eit særleg spennande reisemål. Men her er mangt å sjå også i Livorno, sjølv om reiseguiden ikkje nemner plassen i særleg positive ordelag.
Dette er byen der kommunistpartiet PCI vart stifta av Antonio Gramschi i 1921. Det er lagt ei utstilling om dette i byen i samband med 150-årsjubileet for Italias samling. Kva hadde forresten fascistpartiet vore utan kommunistane? Korleis hadde utviklinga vore i landet etter krigen, dersom ikkje kommunistane hadde stått så sterkt som dei gjorde i til dømes Livorno? I dag er byen styrt av ein sentrum-venstre-koalisjon og etter krigen har livornesarane alltid hatt affinitet i den politiske retninga.

Rådhuset i Livorno er bygd opp etter krigen, og ved relieffet over inngangspartiet står det at Italia anno 1946 er ein demokratisk republikk som er fundert på arbeid. Innskripsjonen kom samtidig som avskaffinga av monarkiet og etter å ha kasta fascist-regimet på skraphaugen

Når du går ut av toget og inn på jernbanestasjonen i Livorno gjev møtet med arkitektur, klima og vegetasjon deg eit inntrykk av å vere i Frankrike ved Rivieraen. Palmer og bygningar er som i Nice eller Montecarlo. Nede ved bysentrum er det dessutan ei festning og ein masse kanalar der vanlege folk har liggande båtane sine. Ikkje overdådige luksusyachter som i Nice eller Hankø, men vanlege båtar ala Ranaplast. Og lenger ute ser du jo havet då. Det store opne havet, med store skip i horisonten. Og langs hamna kan du vandre på ein flislagt strandpromenade mot Marineakademiet og dei vakre hotella og villaane som ligg langs Lungomare. Eller du kan sjå på eller besøke badeanlegga. Eller berre simpelten ta eit glas prosecco på ein av dei folksomme kafeane langs havet, betrakte folkemassene som vandrar forbi og sjå ut over det store, opne, evige havet.

Strandpromenaden i Livorno er ein institusjon i seg sjølv. Hit legg folket i byen kveldsturen (passeggiataen) sin, ikkje ulikt slik Bodø-folk forheld seg til Moloen sin. 

Kor var du?

..då Oddvar Brå brakk staven? Det har forfølgt oss i alle desse åra som kanskje den viktigaste historiske hendinga etter krigen, på lik linje med Cuba-krisa, OL på Lillehammer og første menneske på månen. Nyleg opplevde eg litt av denne historiens sus i Firenze. Romas store fotball-ikon og primadonna Francesco Totti hadde skåra sitt mål nummer 200 og 201 for klubben. (Sigurd Rushfeld og Harald Martin Brattbakk får ha oss unskyldt).
Hendinga gjekk ikkje upåakta hen i renessanse-hovudstaden. Etter kampen vart det behørig markert av media og hovudpersonen sjølv. Alle sportskanalane gjorde kvart sitt intervju med mannen, og det tok jo litt tid då. Det intressante var då at bortimot 50 toscanarar raskt sprang så nært dei kom inntill gjerdet for å skrike ut dei mest outrerte utskjellingane dei kunne finne på. Tosk, dumming, idiot, bastard, klovn, narr, og det som verre var, hagla formeleg ut over stadion frå personar du knapt skulle tru kunne gjøre ei mus redd. Ivrig gestikulerte dei i aust og vest, mens stemmen nær sprakk av belastninga. Hoppa opp og ned gjorde dei også.

Men nede på stadion sto stjerna heilt lungt og snakka om den historiske hendinga. 201 mål i Serie A. Det verste var at han du elles berre ser på tv når han er i spelet, bevegde seg som ein slu rev, lur og genial i det meste han foretok seg, trass i mangel på hurtigheit og tempo. Sjeldan ser ein slik klokskap blant angrepsspelarar i internasjonal fotball. At Totti er stor vitnar også dei vanvittige tilropa om. I fotball er det alltid slik at den beste motspellaren er den som blir mest utskjelt av heimefansen. Ikkje sant?

søndag 10. april 2011

Universitetet i Nordland viser veg

I mange år har det komme framlegg frå ulike miljø ved Universitetet i Tromsø om å gje hus og bygningar på universitetsområdet namn etter personar, slik det er mange andre stader. Mange har meint at "gjennomgangsbygget" og "Breivika III" er teite namn. Men i alle desse år har det vore liten interesse for dette. I dag er det berre Institutt for historie som har fått eit bygg oppkalla etter den tromsø-fødde historikaren Halvdan Koht. Elles finn ein namn som "teorifagsbygget, Hus 1-5" på den nyaste delen av universitetet. Som om det ikkje blir bedrive "teorifag" i dei andre bygga?

Nanna With, eldste dotra til Richard With har fått eit auditorium oppkalt etter seg ved det nye Universitetet i Nordland
Ved det nye Universitetet i Nordland har ein gått litt i ei anna retning. Her brukar ein namnsettinga som identitetsmarkørar, der Nordlandsidentiteten skal dyrkast. Slik har alle auditoria fått namn etter kjente personar frå Nordland, som anten har betydd noka for regionen eller som har gjort seg bemerka i bygginga av institusjonen. På Handelshøgskolen finn ein rom kalla opp etter Petter Thomassen (stortingsmann og universitetetsbyggar) og Vebjørn Tandberg (Tandberg radio), mens Nanna With (landets første kvinnelege avisredaktør) har fått eit auditorium oppkalla etter seg der journalistane er. Elles finn vi også auditorium med namn etter personar som Stein Rokkkan, Elias Blix og Knut Hamsun, Pauline Skar, Regine Normann og Ole Tobias Olsen.

For dei som ikkje kjenner personane er det også skrive ein eigen tekst med biografiske opplysningar utafor rommet. Slik kan ein også syne at historia ikkje starta med oss, og i tillegg at vi står på "the shoulders of giants".

torsdag 17. mars 2011

Den raude prinsen

Berre ein person klarer seg gjennom nasjonaldagsfeiringa i Italia; Giorgio Napolitano. Fordi han er så lik Umberto II blir han kalla "Re Umberto" (Kong Umberto), og fordi han har tilbøyelegheiter i sosialistisk retning har han også fått tilnamnet "Il Principe Rosso" (Den raude prinsen). Han er den snille gamle mannen som kongen illuderer i våre snille land i Norden. Den gamle snille mannen som ikkje gjøre nokon vondt. Han som kjem inn frå sida å seier dei rette tinga når nasjonen treng ein oppstrammar. Han som trøstar med tillit når jordskjevet rammar. Han er den som samlar når det ser som verst ut etter politisk spild. Talen hans i går vart godt mottatt.
Talen til den gamle kommunisten. Han som støtta den sovjetiske invasjonen i Ungarn i 1956. Alder gjør kanskje klok?

Statsministeren her i landet er ikkje i stand til å spelle ei slik rolle, naturleg nok. Han er ikkje vaksen nok til det. Heller ikkje fornuftig nok. Viss Giorgio Napolitano er kongen, er Berlusconi narren.

Snart går Napolitano av og då er det mange som er bekymra for kva som skjer. Vi fekk ein smak av korleis folk forheld seg til slik i går, då det under seremoniane i Roma vart bua og pipe då Berlusconiregjeringa sin forsvarsminister skulle helse folket. Han pilte avgarde etter ein kort appell, uønskt av det folket han er sett til å tene. Kanskje ikkje så rart når folket får eit lik heim frå Afghanistan nesten kvar månad under hans teneste.

Til og med ordføraren i Roma, ein tydeleg fascistist politikar, fekk det glatte lag av sine eigne på festdagen. Då er det noko anna med Napolitano.

onsdag 16. mars 2011

Italia og konstitusjonen

Italia er ingen bordell!
Det pågår ein aldri så liten kamp om grunnlova til Italia for tida. Sterke krefter vil rive sund konstitusjonen og lage en føderal stat etter mønster frå Tyskland eller kanskje USA. Bak det heile skjuler det seg vel eigentleg ein slags mattheit overfor staten si maktesløyse overfor dei store problema nasjonen står overfor. Kan ikkje regionane fikse det sjølv, meiner mange.

I dag er det Berlusconi si regjering som står i bresjen for oppløysinga, og i denne har han eit heia-gjeng frå rike nord i partiet Lega Nord. Dei vil helst sleppe å slepe på det fattige sør, og det politisk korrupte Roma som berre er til last for dei alle. I dag er det fem regionar som har eit visst sjølvstyre på fleire felt; blant anna Sicilia, Sardinia og tyskspråklege Alto Adige (Süd Tirol).

Sist helg var det markeringar i dei største byane til forsvar for nasjonen og konstitusjonen. Mange miljø er redde for at ei oppsplitting kan gje amerikanske tilstandar, og at fattige regionar skal falle ned i ei sump av avmakt dersom ikkje nasjonen stør dei. I tillegg vil allmenne rettar kunne avskaffast i visse delar av landet. Det kan mellom anna gje vilkårleg behandling av minoritetar. Frå Süd Tirol har det til og med komme ein del klagemål over at den italienskspråklege minoriteten blir diskriminert. Der har ein av politikarane forlanga språktest på tysk for dei som vil bu i regionen, ikkje berre italiensk-test. Frå den delen av landet er det heller inga entusiasme kring dagens feireing av 150-års italiensk samling.

Ei av parolene under markeringa for konstitusjonen var "Italia er ingen bordell", med klåre henvisningar til Berlusconi sine siste eskapadar. Han kan kjøpe prostituerte til sin "Bunga Bunga"-show, men han sel faen ikkje konstitisjonen i same slengen! Tida vil vise; kanskje blir homofili forbode på Sicilia og i Campania i framtida? Kanskje blir det påbode med tysktest for alle flyktningar som vil bu i Alto Adige? Kanskje må sicilianarane sjølv hanskes med flyktningestraumen til Lampedusa frå Lybia og Tunisia? Det er ikkje sikkert at det lengre er eit nasjonalt ansvar for dette når Berlusconi har selt konstitusjonen. Nasjonsbygging er ikkje lett i våre dagar. Berre spør Gadaffi og Mubarak.

Det skal god rygg til ...

...for å bære gode tider..

søndag 13. mars 2011

Fotballdraktens utvikling

Vi hugsar det godt frå tv-bileta i 1970, og finalen mellom Brazil og Italia. I mål for Italia stod den same keeperen som skulle delta i fire sluttspel mellom 1970 og 1984, Dino Zoff. Han er rangert som det 20-århundres tredje beste keeper og har 112 landskampar for Italia. Som 40-åring vart han verdsmeister i 1982. Då var han også kaptein på vinnarlaget til Italia.

Det fantastiske er likevel at han stod i mål i ein ullgenser. I Mexico og Spania sågar på varmaste sommaren; i ullgenser. Beviset ser du her. Ein flott ullgenser for ein av dei beste keeprane verda har sett. Kanskje det var greitt slik? Kanskje ville det blitt kaldt med noka anna? Dette var jo på den tida eit italiensk forsvar hermetisk stengte igjen bak seg. Dei regelrett nekta å sleppe inn mål. Catenaccio vart det kalla, og på italiensk betyr det dørbolt. Dei stengte døra av. Systemet kom frå Sveits og Austerrike i tida før krigen, men det var Italia som skulle bli berykta for det ultradefensive systemet på 1960- og -70-talet.

Mellom 1972 og 74 spelte Dino samanhengande 1142 minutt utan baklengsmål i internasjonale turneringar.
I ullgenseren.