![]() |
| 6.mars i steikande sol, vann Fiorentina på heimebane over Catania. Trass tre mål vart det ikkje det store engasjementet. PS! Det vart fleire på hovudtribunen når kampen starta. |
tirsdag 8. mars 2011
På kamp
Har lenge fornemma det. Fotballen er interessant for den jamne italienar, men entusiasmen er det dårlegare stelt med. Etter eit knippe matchar her, har eg erfart dette. Både i Roma, Livorno og Firenze. Ein kamp i Firenze med 15 000 på tribuna i fint vårver er liksom dauare enn ein kamp på Aspmyra med 4 000. Folk sit der berre og smågestikulerer og kosar seg. Dama bak et peanøtter etter å ha renska skallet bort først, mens du kjenner beina hennar i ryggen når du lener deg bak. Dei som syng står i svingen. Det er liksom der dei skal vere dei som vil komme med litt engasjement. Resten er fritatt frå den slags. Ikkje ein gong etter den tredje feilt idømte femmeteren til Catania vart det særleg liv i leiren. Kor blir det av passionen og engasjementet? Ikkje ein gong ved skåringane gidda folk reise seg for å feire skåringa. Værre enn Alfheim med andre ord. Der ville det uansett i løpet av kampen bli dratt i gang eit eller anna kamprop på stadion. Kor unisont og lite fantasirikt det enn høres ut når 4600 pesonar kaukar ei forkorting av eit idrettslag ut i kor; det skaper engasjement og liv.
Neste gong du ser ein italiensk kamp på tv skal du legge merke til kor lite folk der er. Neste halvtomt, eller halvfullt dersom du er slik skrudd saman. Folk sviktar, engasjementet er privatisert til svingen. Resultatet då? 3-0 til Fiorentina i ein grei match der det siste målet utmerka seg som den klåraste offsiden i dette århundret, men alle som følgjer italiensk fotball veit jo at dommarane er kjøpt og betalt. Det er kanskje ein av grunnane til at folket sviktar? Men det får vere ei anna historie.
torsdag 3. mars 2011
Til frisøren
Eg var hos frisøren på Piazza Libertà (Fridomsplassen) her om dagen. Eg tinga time dagen i forvegen og troppa opp etter ein par kafferastar i nærheita. Rute 7 frå Fiesole gjekk ned dit på 10 minutt, og når timen var kl 1800 og bussen gjekk 1702, skjønnar ein kor effektiv bussreisa er her i byen. Forresten er det eit problem at nesten alle bussane her er før ruta.
Nede i Via D. Minzoni, skrått mot Piazza Libertà ligg det ein bokhandel med kafè. Den velkledde og høflige bokhandlaren har ein forkjærligheit for jazz, og i dag flaut dei smekraste tonar av Miles Davies ut av anlegget; Sketches of Spain...
Kaffen, ein enkel espresso og ein grov Corissant med sviskesyltetøy kom på den nette sum av 1,20, og då fekk ein lest La Repubblica attpå i dei gjennomsiktige, fargerike plaststolane. Der slo ein mellom anna opp siste nytt om diskusjonane av konstitusjonen i dette merkelege landet som diskuterer å endre grunnlova i føderalistisk lei, samstundes som dei planlegger 150-årsmarkeringa for opprettinga av staten Italia.
Symptomatisk skal feiringa skje i Torino 14.-15.mai, og ikkje i det politiske sentrum Roma eller finanshovudstaden Milano. Det fører vel til at kritikarane i sør får sitt å klage på; Nord har og får alt, hører ein ofte frå Napoli og Palermo.
Frisøren på Piazza Liberta, då? Han skal vi komme tilbake til ved eit anna høve, med eit komparativt blikk både på Nikita og barberaren på Sicilia. Forresten heiter regionavisa her i byen La Nazione, og vart stifta i 1858, midt under samlingsprosessen den gongen. Korleis det skal gå med den italienske nasjonen er ikkje godt å vite. Her er ikkje nasjonsbygging like lett som hos oss.
Hos bokhandelen kom eg ut med ein vakker gråpapirpose med ei bok om dei etniske italienarane som vart tvangsflytta etter krigen frå Istria, Fiume og Dalmazia i dagens Slovenia og Croatia . Mange av dei havna i den nye mønsterbyen Fertilia, som Mussolini etablerte på Sardinia i 1930-åra. Ei trist historie som påførte mange menneske mye sorg, men kven har sagt at det skal vere lett bestandig?
Nede i Via D. Minzoni, skrått mot Piazza Libertà ligg det ein bokhandel med kafè. Den velkledde og høflige bokhandlaren har ein forkjærligheit for jazz, og i dag flaut dei smekraste tonar av Miles Davies ut av anlegget; Sketches of Spain...
Kaffen, ein enkel espresso og ein grov Corissant med sviskesyltetøy kom på den nette sum av 1,20, og då fekk ein lest La Repubblica attpå i dei gjennomsiktige, fargerike plaststolane. Der slo ein mellom anna opp siste nytt om diskusjonane av konstitusjonen i dette merkelege landet som diskuterer å endre grunnlova i føderalistisk lei, samstundes som dei planlegger 150-årsmarkeringa for opprettinga av staten Italia.
Symptomatisk skal feiringa skje i Torino 14.-15.mai, og ikkje i det politiske sentrum Roma eller finanshovudstaden Milano. Det fører vel til at kritikarane i sør får sitt å klage på; Nord har og får alt, hører ein ofte frå Napoli og Palermo.
![]() |
| I Fertilia, Sardinia står dette minnesmerket over dei italienarane som vart tvangsflytta frå Jugoslavia i perioden 1945-47. Her måtte dei pent finne seg ein ny heim, langt frå heimtraktene sine. |
Hos bokhandelen kom eg ut med ein vakker gråpapirpose med ei bok om dei etniske italienarane som vart tvangsflytta etter krigen frå Istria, Fiume og Dalmazia i dagens Slovenia og Croatia . Mange av dei havna i den nye mønsterbyen Fertilia, som Mussolini etablerte på Sardinia i 1930-åra. Ei trist historie som påførte mange menneske mye sorg, men kven har sagt at det skal vere lett bestandig?
torsdag 17. februar 2011
Blå-grå vs. raud-grønt
Dei blågrå er på offensiven for tida. I Bodø oppmoda FRP-ar folk om å leite fram hagla i kampen mot samiske skilt. I Aure i Møre og Romsdal var varaordføraren frå Høgre lei av at folk kom ut av asylmottaka og vann den norske finalen i Melodi Grand Prix. Samstundes har dei bestemt seg for å utrydde nynorsken frå ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Det formeleg osar av toleranse og kultur. Siste utspelet er ein scooteraksjon i Tromsø. Annonsert på facebook heiter det; "Tromsø FpU arrangerer snøscooter aksjon for loveliggjøring av snøscooter kjøring :) alle som vil må komme innom :) INVITER FOLK! :)"
http://www.facebook.com/event.php?eid=112809865461130
Eg må berre få komme med eit hjartesukk; er det desse som skal styre i rike og land i åra framover? Viss ja, så ser det ikkje bra ut for fem øre.
http://www.facebook.com/event.php?eid=112809865461130
Eg må berre få komme med eit hjartesukk; er det desse som skal styre i rike og land i åra framover? Viss ja, så ser det ikkje bra ut for fem øre.
mandag 14. februar 2011
Logoen som vart borte?
I mi tid måtte vi kjøre i gang ein større kampanje for å berge Hugin og Munin som logo for Universitetet i Tromsø. Avviklinga av logen vart stoppa. I dag ser vi konturane av ei snikavvikling trass i protestane frå tilsette, studentar og andre med kjærleik til universitetet.
Ein kan saktens spørje seg om dette er rette vegen å gå. Kva respekt viser ein for symbol og tradisjonar?
Hugin og Munin er i norrøn mytologi ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke', «Munin» tyder 'minne'. Sagnet er at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin. Mot slutten av dagen kjem ramnane attende og set seg på Odin sine skuldrar for å fortelja alt dei har sett og høyrt. Mellom anna difor var Odin den visaste av gudane. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.
Betre symbolikk kan ikkje nyttast for eit universitet.
Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.
(Grimnismol)
![]() |
| Til venstre ser ein dei gamle konvoluttane til UiT, der logoen med ramnane til Odin er tydelege. Til høgre den same konvolutten, men no med ein minimalistisk logo. |
Ein kan saktens spørje seg om dette er rette vegen å gå. Kva respekt viser ein for symbol og tradisjonar?
Hugin og Munin er i norrøn mytologi ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke', «Munin» tyder 'minne'. Sagnet er at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin. Mot slutten av dagen kjem ramnane attende og set seg på Odin sine skuldrar for å fortelja alt dei har sett og høyrt. Mellom anna difor var Odin den visaste av gudane. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.
Betre symbolikk kan ikkje nyttast for eit universitet.
Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.
(Grimnismol)
mandag 7. februar 2011
Vanskeleg debatt om språk
![]() |
| Samisk er ikkje lett å svelgje i Bodø heller |
"Jeg for min del synes vi burde få ett Bodø-skilt på arabisk, det vil være minst like naturlig som å ha det på samisk. Det er tross alt et folkeslag som har satt et større preg på byen enn samene, og er mer synlige både i politikken og kulturlivet enn både lulesamer og pitesamer tilsammen."
Ja for arabisk er jo eit kjerneområde i Salten?
Og denne: "Det er helt utrolig at samene i det hele tatt får ha et samisk skilt i Bodø. Begge de samiske navnene er oppkonstruert i nyere tid pga samene ikke hadde noe navn på Bodø. Likevel hevder de det er et samisk område. Når skal denne galskapen stoppe."
Ja for bokmål er jo eit naturleg språk, og det danske namnet Bodø er jo sjølvsagt skapt av naturen sjølv, eller Gud, eller noka anna naturleg?
Verre vart det etterkvart:
"Send samene og alt de representerer til Sibir, så får vi slutt på galskapen!" og "Samene er et fornuftig og praktisk folkeslag som ikke ønsker djevelske ord i sitt vokabular. Ellers er de fullstendig klar over at Muhammed egentlig var en utstøtt rein."
Høgdepunktet var likevel denne:
"Fjern hele møkka skiltet, det skal kun skiltes på Norskt i Norge……… Bodø er og blir Bodø og ikke Båsdfklmrfgnlkgknjvr eller hva faen disse samene nå vil kalle det."
Ja, ja, det skal ikkje vere enkelt med språk i Noreg, men det veit jo vi målfolk alt om. Norske namn er det jo for all del ikkje snakk om å bruke i Tromsø, Vardø, Vadsø og Bodø. Der får vi sette vår lit til Harstad og Narvik som aldri vart fordanska slik "Bodøen" vart.
torsdag 27. januar 2011
Håkon & Haffner heilt på trynet i Arkitekturens år 2011
Amundsen og Nansen får ha meg unskyldt. Det er Arkitekturens år i år, altså i samband med 100 årsjubileet til Norske Arkitekters Landsforbund (NAL). Dette har resultert i ei NRK-satsing på arkitektur kalla "Håkon & Haffners byggeklosser". Kvar måndag nokre veker framover kan du få eit hesblesande show av to wannabe fagfolk innafor traden, men for Guds skuld; ta ikkje alt for god fisk, for makan til tøys vi fekk servert sist har vi sjeldan sett.
Poenget var at Hitler og Albert Speer hadde skapt mesteparten av byane i Noreg i eit slags Nazistisk visuelt bilde. Det gjald særleg dei 23 tettstadene som vart øydelagt av tyske bombefly våren 1940. Dei gamle og tøysete påstandene vart kolportert vidare av dei to fiffige og veldressa gutane, utan nokon form for kritiske spørsmål. Dette er programmet som i programomtalen meiner at dei "på humoristisk vis" og "med nytt blikk" skal gje oss nye perspektiv på vår arkitektur. Desverre makta dei ikkje dette. Alt var gammelt sludder. Det er derimot ikkje den forskinga som er gjort på gjenreisingsbyane i Noreg dei siste åra, både i Tromsø og Trondheim. Her er nettopp perspektivet at det var stort rom for lokale tilpasningar og at dei gamle byplanane frå før krigen vart tatt inn i og vidareført i dei nye planane.
Poenget var at Hitler og Albert Speer hadde skapt mesteparten av byane i Noreg i eit slags Nazistisk visuelt bilde. Det gjald særleg dei 23 tettstadene som vart øydelagt av tyske bombefly våren 1940. Dei gamle og tøysete påstandene vart kolportert vidare av dei to fiffige og veldressa gutane, utan nokon form for kritiske spørsmål. Dette er programmet som i programomtalen meiner at dei "på humoristisk vis" og "med nytt blikk" skal gje oss nye perspektiv på vår arkitektur. Desverre makta dei ikkje dette. Alt var gammelt sludder. Det er derimot ikkje den forskinga som er gjort på gjenreisingsbyane i Noreg dei siste åra, både i Tromsø og Trondheim. Her er nettopp perspektivet at det var stort rom for lokale tilpasningar og at dei gamle byplanane frå før krigen vart tatt inn i og vidareført i dei nye planane.
Reguleringsarkitekt Claus W. Kamstrup, ved BSR-kontoret i Bodø utarbeidde eit omfattande oversyn over ”Bodø byplan” i 1950-51 i form av eit lite hefte med kartvedlegg. I heftet ga han eit kort riss over byplanhistoria for byen i Salten fram mot krigsbrannen i 1940. Kamstrup betonar definitivt dei historiske røtene bak Bodøs gjenreisingsplan. Det er reguleringa av byen frå 1920-åra som blir vidareført i den nye planen, skriv Kamstrup og syner til bakgrunnen bak planarbeidet i 20-åra, som hadde sin bakgrunn i to sentrale hendingar. For det første hadde det vore jernbaneundersøkingar i 1917, som gjorde det klårt at byen måtte legge til rette for den nye tids kommunikasjonar. Særleg presserande var det for byen og sjå jernbaneetableringa i samanheng med hamneutbygging. Det andre viktige momentet var den raske veksten i utbygginga av bustader innafor det området Kamstrup karakteriserte som ”de åpent bygde strøk”, særlig i området ved Rensåsgata og sør for denne. Det var behov for å få ei tidsmessig regulering av denne byggeveksten, skriv Kamstrup.[1]
I historieframstillinga til reguleringsarkitekten er det liten tvil om at byen handterte gjenreisinga sjølvstendig og uavhengig. Alt i juli 1940 ”henvendte formannskapet seg til arkitekt Kristofer Lange med anmodning om å fremkomme med forslag til regulering av brannstrøket”, skriv Kamstrup i sitt grundige notat Bodø byplan.[2] Dette var lenge før Speer og co hadde tatt kontroll over planarbeid frå Berlin, langt mindre Joseph Terboven og Rikskommissariatet i Oslo. Det var slett ikkje tilfeldig at det nettopp var Lange dei lokale styresmaktene kontakta. Det var jo han som hadde første-premie-utkastet til konkurransen om byregulering i 1920. Det var dessutan Lange sin byplan ein hadde bygd på fram til krigsherjingane i 1940.
I mellomtida held altså dei som gjev seg ut for å vere ekspertar på byutvikling fram med å feilinformere folk om forholda rundt byreguleringa under krigen. NRK må få stoppa dette tullet! I det minste må nokon få sjanse til å justere dette inn. Alt kan jo ikkje berre dreie seg om å gjøre det humoristisk og på ein ny måte. Det heile må jo ha substans, og desverre "Håkon og Haffner"; det var historisk sett heilt på trynet!
Det er faktisk ganske alvorleg at ein går rundt å karakteriserer noko for å vere nazistisk når det ikkje er det. Tenk om det var bror din?
[1] Kamstrup: Bodø byplan. Hovedtrekkene i dens utvikling og reguleringsarbeidet som er utført av Brente Steders Regulering: 10. BSR-arkivet AiN 1946-51:
[2] Kamstrup: Bodø byplan. Hovedtrekkene i dens utvikling og reguleringsarbeidet som er utført av Brente Steders Regulering: 10. BSR-arkivet AiN 1946-51:
torsdag 20. januar 2011
Då Holocaust kom til Narvik
Den 27. januar markerer den internasjonale Holocaust-dagen. Det dagen då sovjetiske styrkar gjekk inn i konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Først då fekk ein oversyn over omfanget av nazistiske overgrep, hovudsakleg retta mot jødane. I denne leiren hadde også ni av 15 jødar frå Narvik døydd som ledd i Holocaust.
![]() |
| Samuel Fischer frå Narvik døydde berre 35 år gamal i Auschwitz i 1943. Her fotografert saman med Inga Andreassen i glade dagar i Ofoten. |
Tiltak mot Holocaust-fornekting
Det var i 2006 FN tok initiativ til minnemarkeringa som både skulle ære alle ofra etter Holocaust og samstundes styrke respekt og verdigheit for enkeltindividet. Dessutan ville FN feire mangfald, styrke menneskerettane og slå ned Holocaust-fornekting. Det siste var kanskje viktigaste, då antisemittisme vann fram, hand i hand med andre formar for diskriminering.
Norske krigserfaringar
Den norske krigserfaringa lærte oss verdien av å stå i mot totalitære regime og diktatur, men også om korleis rasediskriminering med under- og overordning av raser fungerte i all sin gru. Nordpå såg vi korleis jugoslaviske og sovjetiske krigsfangar vart pint til døde, og først seinare fekk vi vite om våre eigne forfølgde sine opphald i fangeleirar i Noreg og på kontinentet.
Politifolk blir fjerna
Frå Narvik vart det for eksempel sendt fire politifolk som ikkje let seg kue til leiren Stutthof i Polen. Ein av Narvik-gutane, Rolf Berg sa til Fremover i 1995 at unge menn i sin beste alder fekk høve til å arbeide seg til døde i leirene, medan kvinner, barn og eldre blei rekna for uproduktive, og gassa i hel. Trass i prøvelsar fekk dei ikkje den same hardføre behandlinga som dei verst utsette. Berg var norsk og fekk rasjon og arbeidsbyrde av anna kaliber enn jødar, sigøynarar og andre såkalla ”undermenneske”.
Caplan-familien sin lagnad
Kjøpmannen Jacob Caplan kom ikkje tilbake til Narvik etter krigen. Han var blant dei første arresterte jødane nordpå, da familien vart vekt av støy utafor huset i Øvre Promenadegate 18. juni 1941. Ved megafon ropte politiet at alle menn måtte komme på gata, og deretter vart Caplan deportert sørover saman med faren og fire brør, og fleire andre jødar frå landsdelen, deriblant Martin Fischer frå Narvik. Livet enda i ei tysk konsentrasjonsleir, slik det også gjekk med Narvik-direktør Isac Pickelner.
Mirakel for Sara, Sammy og Harry Caplan
Men kona til Caplan, Sara og sønene Sammy (Salomon) og Harry, berga livet på mirakuløst vis. Dei vart arrestert og sendt til Bredtveit fengsel i Oslo i november 1942. I kaoset under eit bombeangrep på Bredtveit fekk Sara hjelp til å rømme av en tysk offiser. Etter ein rask operasjon var dei tre på veg med tog til Saras fødeby København, der dei gjekk under jorda, før dei rømte i hui å hast til Sverige med ei fiskeskøyte i 1943. Den danske motstandsrørsla var meir aktiv enn den norske i redninga av danske jødar, men så hadde dei betre vilkår for å få folk til Sverige. Etter krigen budde Harry i USA.
Familien Fischer
Familien Fischer, var jødar etablerte firmaet «Narvik herreekvipering» då dei kom til byen på 1920-tallet. Firmaet låg i Kongens gate 14 der Posten og Politiet er i dag. Overfallsdagen 9.april 1940 rømte familien til Skjomen saman med den jødiske familien Caplan. Der vart dei til dei allierte kapitulerte 10.juni, men Abel Fischer og onkelen Samuel var overtydd om at jødar gikk utrygge tider i møte. Dei tok seg derfor til Sverige same sommaren.
Jødearrestasjonen i Narvik
Då vakthavande ved Narvik politikammer kom på jobb klokka 24.00 den 25.oktober 1942, låg arrestordren på resten av dei mannlege jødane i Narvik på pulten. Oscar Emanuel Bernstein, David, Samuel og Wulf Fischer vart arrestert, og for at ingen skulle sleppe unna måtte arrestasjonen skje før klokka seks. Dei fekk berre med undertøyskift, strømper, spisebestikk, rasjoneringskort, toalettsaker og legitimasjon. Arrestordren var underskriven av ein sentral NS-mann i byen, tidlegare sekretær for Nazi-ordføraren, no politiløytnant.
David Fischers feilgrep
David Fischer hadde vore saman med Abel i Skellefteå, og etter ei tid der gjorde han det feilgrepet at han reiste tilbake til Narvik for å hjelpe broren med forretningane. Abel Fischer advarte han, men onkelen var urokkeleg: «Hadde han hørt på meg, kunne han kanskje ha levd i mange år. I stedet endte han sitt liv i Auschwitz tre år seinere», forklarte Abel 50 år seinare.
Mange jødar arrestert
Jødearrestasjonane i Narvik som i resten av landet skjedde raskt og utan varsel takk vere eit lojalt politikorps og samarbeid med lokale nazistar. Abel Fischer var sår då han seinare hørte at arrestasjonen av faren Martin, mora Bertha, søskena Wulf, Idar og Lilian, og onklane Samuel og David vart gjennomført med støtte frå angivarar og lokale nazistar. Med på arrestasjonane var folk familien kjente frå lenge før krigen. Ein annan grunn til at få jødar slapp frå det i live, var at dei ikkje skjønna faren for å bli arrestert og deportert. Far til Abel trudde ikkje slikt kunne skje i fredelege Noreg. Han døde i gasskammer i Tyskland. Alle jødar vart dessutan kartlagt, og fekk stempla «J» som symbol for jøde i passet. Med slike pass fekk dei ikkje reise, og vart effektivt halde på plass.
Borch-Johnsen reddar Oscar og Sara Bernstein
Ekteparet Oscar og Sara Bernstein fekk derimot hjelp av motstandsrørsla. Då Oscar skulle arresterast, vart han innlagt på Narvik sykehus med ”magesår”. Slik unngikk han å bli skipa i veg med dei andre jødane. Då han vart arrestert att, nekta sjukehuset å skrive han ut før han var frisk, og han vart innlagt i fem månader. Kona Sara vart arrestert og sendt til Bredtveit i november 1942, men fordi tyske ordre sa at kvinner ikkje skulle deporterast utan ektemakar, vart ho returnert til Narvik. 25.mars 1943 vart paret atter arrestert for deportasjon. Dei vart henta og kjørt til ein ventande båt i hamna som skulle gå fire timar seinare. Oscar Bernstein ba om å få vente på sjukehuset til avgang, og då transporten vart forpurra ei veke, kom ordren om å fengsle Bernstein. Overlege Borch-Johnsen hadde då skaffa legeattest, og Bernstein slapp å sitte i arrest. Deretter utførte XU-leiaren Borch-Johnsen fleire krumspring slik at Oscar og Sara Bernstein kom seg med tog over til Sverige: Først utførte han ein medisinsk «liksomoperasjon». Deretter hjelpte han til med flukta med jernbanen, der lokomotivførar Gustav Bengtzon gjømte ekteparet i kolkassen i lokomotivet. Frå loket vart dei smugla inn i ei tom, plombert godsvogn oppe på fjellet, og vidare over grensa.
Minnearbeid er viktig
I dag er det lite att som minner oss om det jødiske innslaget både i Narvik, og andre nordnorske byar. Det trass i at landsdelen òg var del i det omfattande antisemittiske prosjektet Holocaust. Derfor er det viktig og minnest om det som skjedde her, fordi flesteparten av dei som kan fortelje om det vart tatt av dage. Berre gjennom slikt minnearbeid kan vi ta vare på FN sine intensjonar om respekt og verdigheit for enkeltindividet, feire mangfald og styrke menneskerettar, og hindre Holocaust-fornekting. Det skuldar vi Isac Pickelner, familiane Caplan, Bernstein og Fischer, og alle dei andre som mista livet eller vart merka som følgje av Hitlers ideologiske skrekk-regime.
Jødar frå Narvik som døydde i Auschwitz i 1942-43
Jødar frå Narvik som døydde i Auschwitz i 1942-43
Fam.-namn
|
For-namn
|
Fødd
|
Yrke
|
Arrestert
|
Deportert
|
Skip
|
Død
|
Alder
|
Pickelner
|
Isak
|
1887
|
Direktør
|
18.6.1941
|
26.11.1942
|
Monte Rosa
|
Jan 43
|
55
|
Caplan
|
Jacob
|
1903
|
Kjøpm.
|
18.6.1941
|
26.11.1942
|
Monte Rosa
|
19.3.1943
|
39
|
Fischer
|
Bertha
|
1897
|
Husmor
|
26.11.1942
|
24.2.1943
|
Gotenland
|
3.3.1943
|
45
|
Fischer
|
David
|
1899
|
Bedrifts-eigar
|
26.10.1942
|
26.11.1942
|
Donau
|
1.12.1942
|
43
|
Fischer
|
Martin
|
1895
|
Kjøpm.
|
18.6.1941
|
26.11.1942
|
Monte Rosa
|
5.1.1943
|
47
|
Fischer
|
Samuel
|
1907
|
Bokf.
|
26.10.1942
|
26.11.1942
|
Donau
|
12.1.1943
|
35
|
Fischer
|
Wulf
|
1922
|
Bonde
|
26.10.1942
|
26.11.1942
|
Donau
|
1.3.1943
|
21
|
Fischer
|
Lilian
|
1928
|
Skole-elev
|
26.11.1942
|
24.2.1943
|
Gotenland
|
3.3.1943
|
14
|
Fischer
|
Idar
|
1931
|
Skole-elev
|
26.11.1942
|
24.2.1943
|
Gotenland
|
24.3.1943
|
11
|
Abonner på:
Innlegg (Atom)







